"Skuledirektør Bonnevie - Bygdemaali i Aalmuegskulen."

 
Framhald.
 
[Del 2 av 3. Fyrste delen.]
 
Detta tyder nokot; dei hev nemleg som oftast vakset seg fram til detta, etter at dei vardt Lærarar; paa Seminarskulen vert nemleg, so vidt eg hev høyrt, Inkje lært um Folkemaalet og dess Bygning, korkje Ljodlæra, Formlæra elder Setningslæra, endaa det i alle desse Deilder byd fraa Sidur, som vil myket av fraa Bokmaalet. Eg hev endaa høyrt, at Læraren paa eit Seminarium, naar han skulde henta Døme paa fleire Fellingsformer (Casus), brukte aa ganga til storframande Maal, slike som Latin, endaa det millom Lærlingarne ved ein slik Skule sit ein heil Flokk, som fraa Barns Bein hev brukt og, sosnart dei er ferduge med Seminargreida, kjem til aa bruka fleire Fellingsformer i sitt Talemaal enn Bokmaalet hev. Det kann Ein segja er aa ganga yver Bekken etter Vatn. Det viser ogso nog so klaart Tilstandet; det viser, at det ikkje er Seminariet, som hev Æra av, at Lærararne stend so langt framme i den Norske Maalsaki. Det er ikkje paa Seminariet, at dei lærer aa lesa og skriva Landsmaal, og likvel er det røyndomslegt, at mange Lærarar alt no kann baade Deilder. Naar skal me koma so langt, at Seminarskularne underviser dei unge Menn, som skal verta Lærarar, i det Tungemaal, som deira Lærlingar talar?
 
Til desse Meinhøve kjem ogso det, at fleire Folkehøgskular held det Norske Tungemaal høgt og i Æra. Her i Nørdre Throndheims Fylke stend, so vidt eg veit, Folkehøgskularne framifraa venlegt i Maalsaki og likeins Amtsskulen. Takk skal dei hava fyr det! Likeins hev me Grunn til aa takka Amtsthinget fyr, at det hev gjevet Pengar til Folkehøgskularne utan aa leggja større Band paa deim, enn at dei fritt kann verka fyr folkeleg Upplysning og Norskdom; det hev med detta gjenget i Brodden fyr dei andre Landsbolkar med eit Døme, som tykkjest visa, at det gamle, kraftuge Thrøndelag atter er vaknat til Medvit, skynar si Tid og ikkje vil vera det sisste i den nyare Utviklings Soga.
 
Det ser ut, som Skuledirektøren ikkje hev lagt nokor Vigt paa desse sistnemnde Meinhøve fyr Planen sin, ja at han ikkje ein Gong hev lagt Merke til deim, og det maa eg kalla eit stort Lyte ved Planen, so stort, at Planen maa verta ubrukande fyr kvar Ein, som ikkje hev den same heppne Gaava som Skuledirektøren til aa vera blind fyr deim elder ikkje bry seg um deim. Desse Meinhøve kann vera vande nog aa faa or Vegen ved Grunnar, men det vil visst verta likso vandt aa gjera det ved aa tigja og spotta "Maalet, som med ein Gong kjem dettande" 1). Ein fær ikkje vaksne Folk til aa tru, at det er Nott, naar Soli alt er høgt uppe paa Himmelen. Det gjeng ikkje, korkje ved aa ropa, at det er Nott, elder ved aa tigja um, at det er Dag, elder ved aa spotta yver deim, som ropar ut Dagtimarne.
 
Det nyttar ikkje aa negta elder dylja, at her no er tvo Tungemaal, som gjerer Krav gjeldande: Landsmaalet elder Bygdemaali og Bokmaalet. At Maaltilstandet ikkje altid kann elder vil vera som det no er, det er fulla klaart fyr kvar Ein. Eg skal med Avsyn paa detta halda meg til nokot, som Georg F. V. Lund skriv um eit slikt Tilstand i det Aalmenne i ei Avhandling i Antiqvarisk Tidsskrift 1852-1854 Sida 17: "Det er til Fullnad godtgjort ved mange Røynslur, at det Land, der tvo Maal herskar, og tvo elder fleire Folkeslag bur saman, der kann det vel sjaa ut, som Tilstandet vert ubrigdat og standande i same Skora eit Bil, men umsider vil det eine Maal faa Magt yver det andre, og allvisst vil det vinna paa det andre, som hev ein stor Nationalitet fyr seg." Denne Setning maa gjelda her som elles. Det heile Land maa ein Gong koma til aa tala hovudsakleg det same Maal, og Kampen um detta er me alt uppe i. Saki er gjenomstridd. Det gjeld no um aa gjenomføra den Plan: aa setja det Norske Landsmaal paa nytt inn att i sin gamle Rett. So vidt eg skynar det, er detta eit av dei allrastørste og vigtugaste Uppgaavur, som Landslyden no hev aa løysa.
 
Framtidi er ei Frukt av Notidi, og Ein kann stundom gjera seg ei Meining um hi Tid ved aa sluta fraa denne. Dersom Ein daa ser paa alle Merke i den seinare Tidi, meiner me, som ser ei Lukka fyr Samtidi og endaa meir fyr Etterkjømdi i det, at Landet fær sitt Folkemaal ogso i Bøkerna, at denne Time ikkje er so reint langt burte endaa. Det er no sannsynlegt, um ikkje heilt visst, at Henrik Vergelands Spaadom vil visa seg samrøynd, - endaa denne Spaadomen kom fram i ei Tid, daa enno inkje Bygdemaal var studerat som no, og endaa Spaadomen kannhenda daa vart sedd paa som eit Utbrot av patriotisk Villdrøyming elder rein Galenskap. – Denne Spaadom lyd soleids: "Det er ikkje lenger Namnet av eit Norsk Bokmaal og ein Norsk Bokavl, som Nordmennerne vil vinna. Men no er det eit verkelegt, sjølvstendigt Bokmaal, som æskar Noregs Aander fram. Detta maa Tidi føda fram av seg sjølv, fyrr Aarhundradet rodnad ned, og det so myket snarare, som Krafterna semjast i detta Arbeid." Denne Tidi vil koma so myket snarare, som det gjeng klaart nog upp fyr fleire i vaart Land, at det er naudsynlegt aa gjera nokot aalvorlegt i denne Saki, og som Folk fær Hug til aa lesa Norsk, so dei vinn yver den Vande, som det no fyr Tidi naudsynleg maa vera fyr alle aa lesa Landsmaalet, av di dei aldri paa Skulen hev lært den Kunsten.
 
Elder kvat er naturlegare, enn at den herskande Klassen, Fleirtalet i Landet maa kunna faa igjenom, at deira eiget, deira Fedra og deira Borns Maal verdt vyrdt og ærat og brukt i Bok, dersom dei berre sjølv vil? Og den herskande Klassen i vaart Land er nettupp Bondestanden – um detta tvilar vel Ingen no -, og nettupp deira Maal er Folkemaalet. Dersom altso dei Norske Bønder sjølv vil det, kann dei ved ei Storthingsavgjerd, naar dei vil, visa baade den Eine og den Andre, at det ikkje er nokot Mirakel aa gjera det reinaste Norske Talemaal til Bokmaal, soleids at det fyr det Fyrste fær like Rett med det Danske, i Kyrkja og paa Thing, i alle offenlege Yrkjemaal. Skuledirektøren maa her kunna trøysta seg med sine eigne Ord: "Nokot framandt Maal er det daa ikkje fyr deim." Er nemleg Bokmaalet ikkje nokot framandt Maal aat vaare Bygdefolk, kann helder ikkje deira Maal vera nokot framandt Maal fyr Skuledirektøren, og daa kann det ikkje skynast, at han kann hava nokot imot, at deira Maal fær same Rett som hans. Ein hugse elles paa, kvat eg fyr min Part meiner og hev sagt um denne Saki; eg held meg her berre til Skuledirektøren og gjeng i mine Slutningar ut fraa hans eiget Standpunt.
 
( Meir).
 
1) Skuledirektør Bonnevie skreiv i Adresse-Avisa paa Lag: "Eg er ikkje Maalstrævar; eg trur ikkje paa, at eit nytt Maal med ein Gong skal koma dettande ned til oss – fraa Bergenskanten – og gjera oss lukkelege." Me hev ikkje Avisa hjaa oss men trur, at det var so. Bldst.
 

 

Frå Fedraheimen 31.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum