Utlandet.

 
Lord Beaconsfields Tale i Yverhuset den 18de hev gjort honom endaa meir umtykt – um moglegt – enn han fyrr var. Talen var greid i Formi og klokleg bygd paa Synsmaatar og Grunnar, som kunde tykkjast likast til aa bita paa Folket; han peikte paa den nye store Leikvollen fyr Englands Handel og Tiltak i Austerland, og han slo paa det store Maal, han hadde sett seg som Riksraad: aa ikkje lata Englands Herredømme ganga veikare og ringare yver til Ettermennerne i Styret. Forsvaret fyr Sersemja av 4de Juni var den Luten av Talen, som var sterkast grunnfest og vil vera vandast aa rikka fyr Motstandarne; veikare var derimot den Luten, som gjekk ut paa aa prova, at Turkiet ikkje var sundbytt, men at det berre var skilt ved nokre brysame Landsluter, som det ikkje hadde Bruk fyr, at Staden Sofia var utan Verde fyr Landsforsvaret, og at Turkiet no hadde fenget ei Nordgrensa, som det maatte kunna forsvara, berre det viste nokot Trott og Dugleik. Det var ogso denne Luten, Lordarne Granville og Derby heldt seg mest til i den Umdøming, som dei same Dagen sette fram um Kongressen og den engelsk-turkiske Sersemja, og deira Uttalur viser nokot so nær den Vegen, som Motstandsflokkens Aagrip paa Regjeringi vil koma til aa ganga. Hovudstriden vil koma til aa standa i Underhuset, og at han vil verta baade lang og kvass, det tyder det paa alt, som spyrst fraa Flokkens Førarar, serleg Glad stone og Forster. Gladstone hev haldet eit Møte med dei frilyndte Veljarar i Berdmondsey (ein Fjordung i London), og der hev han kallat den Sambands-Semja, Lord Beaconsfield hev gjort med Turkiet, fyr "eit vitlaust Tiltak", som ingen av dei andre Statsmenner, som hadde styrt Landet i dei sidste 40 Aar, vilde rett fram Handi til; ho tottest honom tvisynt, eit Uvøne, ei Skam fyr det engelske Folk. Forster hev i ein Tale paa eit annat Møte av frilyndte voret mindre illordig, men hans Dom um Sambandssemja fall ikkje betre ut. Forster drog fram, at det engelske Styret fyrr hadde sett seg av all Magt imot løynlege Semjor, men no sjølv hadde fenget i Stand tvo løynlege Avtal. Skulde Verjemaalet yver Asia hava nokor Meining, maatte det etterkvart føra til, at England vart den styrande Magt i heile det asiatiske Turki. Den uavvendelige Fylgja vilde daa verta, at England, som til dessa hadde voret so gildt av det, at det var ei Øy fyr seg sjølv og difyr slapp aa halda store Herar, det vilde no meir og meir verta ei asiatisk Fastlandsmagt, nøydt til aa bua ut og uppehalda store standande Herar. Den Politiken, som Beaconsfield hadde valt, var den uklokaste og mest forvaagade, som kunde tenkjast. England hadde teket paa seg aa stydja og forsvara i eitt og alt ei Regjering, som var kjend fyr aa vera den laakaste og duglausaste paa Jordi; detta vilde røva England all Samhug hjaa andre Folk, - Av desse Uttalur kann ein skyna, at Regjeringi fær eit hardt Nappetak i Underhuset, um ho enn hev tvo Tridjepartar av Røysterne fyr seg. – Hartington, Føraren fyr Motstandet i Underhuset, hev lagt fram eit Forslag um, at Huset skal gjeva Regjeringi ein Mistillitsdom, so lydande: "Huset hev med Nøgje spurt, at Fløkjet i Austeuropa hev vortet greidt ved Fredsemja i Berlin, utan at det paa nytt vart teket til ei Avgjerd med Vaapenmagt, og det gled seg yver den større Fridom og Sjølvstyring, som fleire av Folkeslagi i det europæiske Turki hev fenget, men Huset maa likevel laata ille um dette: at det ikkje er funnet gjerande aa syta paa ein betre Maate fyr det græske Kongerikes Krav og Turkiets græske Ibuarar; at den engelske Regjering ved aa taka paa seg aaleine Aabyrgsla fyr, at Turkiets Eigor i Asia vert haldne heile og usnikkade, hev teket paa seg større militære Pligter, enn naudsynlegt var; at dei uvisse Pligter, som Regjeringi aat Hennar Majestæt hev teket paa seg i Spursmaalet um ein betre Hushaldnad i desse Landsluter, vil leggja eit tungt Andsvar paa Staten, utan at det er vist nokor fullnøgjande Raad til aa tryggja Gjenomførsla av denne Fyresetningi; til Slut at Regjeringi hev gjenget inn paa desse andsvarsfulle Forpligtingar utan aa mella det aat Thinget fyreaat.
 
I Italia er det stor Øsing, fyrdi dess Utsendingar kom tomhendes heimatt. Folk er iser aabryne paa Austrike, som kann segjast aa ha fenget Bosnia og Hersegovina: dei synest, at det er ei Skam, at det enno skal finnast italienske Bygder, som er under framandt Herredøme. Dei hadde vonat, at den austerlendske Røra til Slut skulde ha skaffat Italia Triest og Istria.
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum