Um Rovdyri i Landet

 
skriv Prof. Rasch mill. A.: Bjørnemengdi minkar, jamt, men sterkt. I 1ste Femaaret (1846-50) vart det drepet 1324 Bjørnar, i 2dre Femaaret 1049, i 3die 1112, i 4de 978, i 5te 713, og no i seinste Femaaret 1871-75 er det berre drepet 501. I Smaaleni er ingen Bjørn drepen sidan 1859, i Akershus ingen sidan 1864, og i Jarlsberg og Laurvik ingen sidan 1862. Minnst Minking er merkjande i Buskerud. I sidste Femaar hev detta Fylket det største Tal av drepne Bjørnar (60); i 1876 er der drepet ikkje mindre enn 33. Det ser soleids ut til, at Buskerud no er det bjørnerikaste Amt i Landet. Fyrr (1846-50) var Bratsberg No. 1 (med 191 fellde Bjørnar), no er det No. 2 med 58.
 
Skrubben er væl enno, liksom i fyrre Femaaret, det mest sjeldsynte Rovdyr, men hev visst likevæl aukat baade nordanfjells og i Heidmarks og Kristians Amt. I 1866-70 vart det drepet 155 Vargar i Landet, derav 144 nordanfjells (og 1 i Soløyr); i 1871-75 tyntest 220, derav 5 i Heidmarki og 12 i Kristians Amt. I sydre Throndheims Amt hev i 1876 vonleg ei Innvandring gjenget fyr seg. I Finnmarki synest Ulvemengdi i 1875-76 aa haa voret reint utor Maaten stor.
 
Gaupemengd i saag ut til aa ha aukat reint maatlaust i fyrre Femaaret; men det kom seg no mykje av Fusk; ei Avminking av det forbisnenelege Talet 874 til 681 gjev visst endaa fyr stor Sum; 625 er nok Høgdi. At Gaupa aukar naar Vargen minkar, held Rasch trulegt; men ho er daa lettare aa halda i Age med Folkemagt enn Vargen. Sunnan og vestanfjells hev Gaupa hellest tydeleg minkat.
 
Jerven ser ut til aa auka i dei 4 nordlegaste Fylke, som av det heile Tal (315) av drepne Dyr hev leverat 267, derav Tromsøy og Finnmarki 227.
 
Fyr drepen Rev betalar dei Premiar i 4 Fylke: Lister-Mandal, Stavanger, Sydre og Nørdre Bergenhus, daa Reven der er leid til aa drepa Smale. Paa andre Stader gjer han nok ymist Ugagn mot Matvilltet, helst Harar og Barfuglar, og det torde dermed nok vera verdt, um han kom inn i Veidingslogi han med. I 1870-76 betalt Premi: i Lister og Mandal fyr 385 drepne Revar, i Stavanger fyr 599, i Sydre Bergenhus fyr 1158; i Nordre Bergenhus: i 1875 fyr 41 og i 1876 fyr 62 (berre i Sogns Futedøme).
 
Rovfuglarne minkar av, er det likt til; seinste Femaaret hev mindre Tal av drepne Rovfuglar enn nokot Femaar fyrr. Det er væl Jagtpremiarne – endaa dei er laage -, som no syner seg att. – I Nordlands Amt er i Femaaret betalt Premi fyr 1097 Ørnar og berre fyr 374 Haukar; det er daa væl ikkje tvilande paa, at dei hev talt Sjøvaaken (Bufes lagopus) med til Ørnarne.
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum