Kristiania, den 26de Juli 1878.

 
Atlanterhavsferdi hev fullført Vestturen; ho naadde til Grønlandsisen og fegg gløggare avmerkt Avgrensningi aat Polarstraumen. Rike Fund or Dyreheimen; fleire sjeldfengde Fiskar vart dregne. (Dagbl.)
 
Ein av Gamlekarom fraa Svenskekrigen 1808-1814, Jon Olson Brattegjerdet fraa Lærdal, er nyst daaen. Han var fødd 1789.
 
Alle Tvoskillingar, Firskillingar, Otteskillingar (av Sylv), Halvskillingar og heile Skillingar (av Kopar), som er slegne etter 1814, skal verta innløyste av Rikskassa innan Utgangen av detta Aaret.
 
Alle heile og halve Dalarar, Ortar, Tolvskillingar og Triskillingar som er eldre enn 1873 skal paa same Maaten verta innløyste innan Utgangen av 1ste Halvaar 1880.
 
Holme (Brev). Nott til Laurdag gjekk ein ung Mann av og gjorde Ende paa seg. Han hadde voret tunglyndt dei sisste Dagarne; paa Lesarmøti hadde han fenget slik "Refsing av Loven", at han ikkje lenger trudde han kunde faa Naade.
 
Storthingsmann Løberg skal vera dømd ved Kristiania Byrett til 60 – seksti – Dagars Arrest fyr det Stykket, du veit, i "Hardangeren."
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum