Eit og annat um Kristendomsstriden vaar.

 
(G.)
 
I.
 
Det er mange som trur (og eg hev sjølv eingong meint nokot dilikt), at det skulde lata seg gjera aa stella det so, at Striden millom Kristendomen og den "nye" Heidendomen vart utstridd berre uppe paa dei øvste Høgdom, millom dei Lærde, dei som var serskilt fyrebudde til aa handsama slike vande Spursmaal, so at Folket elder "Mugen" kunde haldast utanfyre, til dess det Heile var "avgjort." Det er ein underleg Tanke, at Striden denne Gongen meir enn andre Gonger plent skulde vera avgjerande; men den Tanken sit no i Folk. Og dei fleste hev daa den Voni, at naar Striden eingong var til Endes komen, so vilde dei usamde Magter koma til ei Soning, soleids, at baade Kristendomen og det Menneskelege fekk sin fulle Rett, i di baade tvo kom til aa sjaa, at dei trong til kvarandre og i Grunnen var berre tvo Greiner ut av den same Sanningsrot. Heile den store Ufreden vilde soleids enda heilt fredelegt med "status quo ante bellum" dvs. utan Umkomplingar og Umbrøyte. Og daa var Tidi komi til aa gjera "Mugen" ogso vis paa Striden og Stridsgangen; for daa var all Faare yver, og Ingen vilde daarast av Fienden, naar Fienden var vunnen.
 
No ser eg desse Ting paa ein annan Maate. Eg trur ikkje, at den Striden, som no stend, er "avgjerande." Det vil til all Tid, so langt me kann øygna, vera Kristendom; men det vil liksovæl til all Tid vera Heidendom. Det vil vera Tider, daa Heidendomen hev Yvertaket; men so vil det koma kristelege Atterstraumar. Heidendomen vil allstødt vera sterkare enn han hev voret, av di Aandsfridomen og Valfridomen er større og Tankelivet meir utvakset; det er og rimelegt, at han i den komande Tid vil veksa overhendigt sterkt, so at "Verdi" elder Storhopen meir og meir vert fullt heiden istadenfyr namnkristen og hamkristen, som han hev voret fyrr. Men heilt upp vil Striden aldri slokna, so lengje Mannsnaturen ikkje vert dess sterkare umskapt.
 
Striden er av det Slaget, at han ikkje kann sluta utan paa det Vilkor, at den eine av dei Stridande vinn og legg den andre under seg. Det er tvo Rike, som kvar fyr seg gjer Krav paa den høgste Magt; skal dei halda Fred, maa den eine kunna tvinga den andre; men skal dei liva jamsides, so maa dei stridast. No er det væl Ingen som trur, at Kristendomen lenger kann tvinga Heidendomen ned. Den nye Heidendomen, som stend der fullt vaksen og til-seg-komen og med sjølve Vitenskapen til Ryggstød, den læt seg ikkje lenger heilt kua. Han kann veikna av fyr ei Tid; men han vil reisa seg att. Fyr den, som trur paa Kristi Ord, tarv detta inkje vidare Prov. Kristus gjeng altid ut fraa, at den store Hop vil vera heiden og strida mot hans Rike. Og han trur ikkje paa, at det skal verta betre paa Sluten; tvertimot segjer han, at naar Mannsens Son kjem, "tru han daa skal finna Trui paa Jordi"? – Mannshaatten er heiden av sjølve Fødesupplaget og maa difyr altid strida imot Kristendomen. Det hev jamt voret berre eit Faatal, som Kristendomen hev vunnet yver og i Sanning lagt under seg. Og den nye Kulturen med sin vakne og kvasse Tanke, som med fullt Medvit negtar aa lyda andre Logjer enn sine eigne, skal visst ikkje gjera Livet lettare fyr den kristelege Trui.
 
Men paa den andre Sida kann helder ikkje Kristendomen døya, so lengje Mannen er som han er. For er det enn sannt, at Mannsnaturen i seg sjølv er heiden, so er det daa likso sannt, at han hev Trong til aa tru, og det ein Trong so sterk, at Ætti ikkje kann liva utan Trudom. Skulde daa nokon Ting kunna tyna Kristendomen, so maatte det vera – ikkje ein Vitenskap, ikkje ein Filosofi, men ei ny Tru, som var betre enn den kristne. Men – um Ein enn vil tala um desse Ting reint etter Manns Vis, so som eg gjere her -, so er det utenkjelegt, at ei slik Tru kunde koma. Denne Tid ser ikkje ut til aa vera nokot hæv til aa skapa Trudomar. Ho prøver nok med det; ho hev skapt baade Aandetrui (Spiritismen), den positivistiske Trui og ymse andre; men ingen av desse kann i trudomsleg Meining paa nokon Maate mæla seg med Kristendomen. Og i det Heile skulde det meir enn mykje til, at det skulde koma upp ein Trudom, som kunde gjera den Kristne utrengd.
 
Det, som gjer Kristendomen so stor og sterk framum andre Trudomar, det er, at han paa ein so framifraa Maate hev fenget fram baade det reint trudomslege (religiøse) og det menneskelege (humane). Grunntanken i all Trudom er som me veit Soningstanken, Semja millom Jord og Himmel, millom Mann og Gud; - den Tanken hev Kristendomen sett fram so sterkt og so fylligt og klaart, at ingen annan Trudom hev nokot sovoret. Den Offertanken, som alle Truer hev i seg, hev Kristendomen teket upp og forklaarat paa ein Maate, som er utan Make. Men samstundes hev han det Menneskelege sterkare og reinare enn nokon annan Trudom av det rette gudelege Slag. Kjærleikstanken, Brodertanken og Fridomstanken er grunnmenneskelege Tankar, som Kristendomen hev boret fram med slik Kraft, at han dermed hev avlat fram den største Kulturen, som enno hev voret uppe. Kristendomen er daa og den Trui, som gjev Mannen, kvar einskild Mann, det største Verde, og fær alle best med seg, baade store og smaae, baade rike og ringe, og som hev Hugsvaling og uendeleg Trøyst aat dei alle. Samstundes som ho hev den største, djupaste og fylligaste Gudstanken, hev ho og den største og høgaste Mannstanken. Og samstundes som ho hev den største og reinaste Ethik (Vilje-Log), hev ho og den mest kraftige Bot mot Syndi og Hugsvaling fyr Syndaren. Ei Tru, som so godt fyller ut alle dei Krav, som Mannens Trudomstrong set upp, kann ikkje falla, so lengje der er Grandet att av Trudomstrongen i Verdi.
 
Skulde det koma ei ny Tru, som skulde kunna trengja Kristendomen ut, so maatte ho vera betre enn Kristendomen baade i det trudomslege og i det menneskelege. Ho maatte hava ein endaa rikare og sterkare Soningstanke, eit endaa klaarare Gudssyn og ei endaa betre Hjelp mot Syndi; og samstundes maatte ho hava dei menneskelege Grunntankar endaa reinare, klaarare og større enn dei er i Kristendomen. Eg meiner me kann vera so taaleg trygge paa, at ei slik Tru ikkje vert funni. Og um dei finn upp ei Tru, som er betre t. D. i det Menneskelege, so kann ikkje det stort hjelpa; for det fyrste i Trui maa altid vera det reint Gudelege elder Trudomslege, av di ho hellest ikkje kann fullnøgja Mannens Trudomstrong.
 
Det som dei hev aat Kristendomen fyre, og som dei trur skal fella honom til Slut, det er at han er ufatande fyr Tanken elder strider imot Mannevitet. Men denne Talen er tankelaus. Det er just Trudomens Natur det, at han gjeng høgre enn Mannens Vit. Trudomens rette Haatt og Lag er, at han gjeng paa dei overnaturlege Ting, paa det Uendelege, elder paa det, som i seg sjølv ligg yver Mannevitet. Og daa maa Trudomen verta ufatande fyr Tanken. Trui m a a hava sitt Mysterium (heilag Løyndom); hev ho ikkje det, so er ho ikkje Tru. Vaagar ho ikkje aa stiga høgre enn Mannstanken kann fylgja henne, so kann ho helder ikkje gjeva Svar paa dei Spursmaal, som Mannens Trudomshug krev Svar paa, og dermed maa ho falla. Skulde det koma ei ny Tru, som var "betre" enn Kristendomen, so maatte ho og hava slike Løyndomar, som laag ovanum og utanum Mannsvitet, og dermed var Vantrui lika nære. Der er berre ein Maate aa tyna Kristendomen paa, men daa tyner Ein og alle andre Truer: det er, dersom Ein kann faa Livet av Mannens Trong til aa tru. Men daa maatte Mannsnaturen skapast so reint um, at alt vart paa ei onnor Gjerd. Elder so maatte Vitenskapen koma so langt, at han paa sin Maate kunde løysa alle Livsens Gaatur. Men det er so langt fram til dess, at enno ingen livande Mann kann segja, um det er tenkjeleg Raad fyr Vitenskapen aa naa so langt. Og um han naadde so langt, so er det endaa eit Spursmaal, som Ingen tryggt kann svara paa: um han ikkje just i dei allra øvste Spursmaal kom nokot sonær til dei same Utslag som Kristendomen, so at den endaa fekk sin fulle Rett til aa liva. Alle Kristne trur detta, og den som skulde kunna avsanna dei i det, maatte vera klokare enn nokon Mann enno er.
 
Det er soleids Von til, at Striden millom Kristendomen, og Heidendomen vil halda paa fram gjenom Tiderne, so langt som Menn kann sjaa elder tenkja. Men daa maa den Striden, som no stend, i mange Maatar koma til aa sjaa annleids ut enn naar Ein trur, at han just skal vera den avgjerande fyr alle Tider.
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum