Brev fraa Selljord1)).

 
Me Seljordingar heve i Sumar havt Besøk av ein av Landes fremste Aandsmennar, Kandidat Arvesen fraa Sagatun. Han, og Fruga hans, laut hit i Telemark for aa "suge Helsebot", baade av den sine Fjøllufti her, av Naturen og av Folkelive. Men han gjorde no meir Arvesen enn bare "saup Luft." Dei Fyredrag han heldt for oss, var av eit so framifraa Slag, at me mest aller ha konna drøymt um dæ. Meiningi mi er ikkje aa gjeva att noko av dei her. Eg veit, eg fekk dæ ikkje te som eg vilde, um eg prøvde. Eg vil bare liksom peike paa dei. Slike Fyredrag, som er so fulle av Aand og Eld, vil no alti tape noko, naar dei kjem paa Papire, um dei so vert handsama av ein aller so glup Penneførar. – Fysste Fyredragje var um Uppfostring, Upplysning og Skule. Han gjekk ut fraa dæ Ordtøkje: seg meg kven du hev Lag mæ, so skal eg segja deg kven du er. Boni var blautast for Inntrykk; derfor galdt dæ seta ein egte Stempel paa dei, og dæ skulde daa fysst og fremst Far og Mor gjera. Dei skulde reise gode Ideal (Mynster) for dei. Meste Deildi av dei, som sit i Fangehusi hell paa anen Maate kjem paa Villstig, heve havt ein vesall Heim. No, naar Vantrui au tok te sige inn paa Lande vaart galdt dæ ha noko møte mæ. Me ligg snart under for all den Klokskapen, dersom me ikkje heve sitandes att ein rein Baanetankje i Hjartat etter ho Mor. Om me ikkje kann disputere mæ desse kloke Mennar, so kjende me likevæl, at me hae noko varmt og kjært herinne, som ikkje kann disputeras om, og som au er for godt te dæ. – I andre Fyredragje rulla han upp Noregs Fridomssoga i 1814. Noreg er eit lite Land; men Gud reiste dæ endaa upp, for han kunne liksom bruke dæ i sitt store Gongverk. Dæ vesle Hjule gjer liksovæl si Nytte i Gongverkje som dæ store og kann ikkje veras forutan. At eit lite Folk au kann tenkje stort, dæ viser fulla dæ vesle Grækarfolk, som enno ikkje noko Folk i Verdi hev naatt til Oksli av i Daning, Kunst og Dikting. Og at dæ enno var Tankar uppe hjaa dæ norske Folk, enno Vokster og Liv, dæ viser t. D. Maalsakji. Dæ var ei merkjeleg Stri detta; ho førdes med Klokskap og Hete fraa baae Kantanne. Dugande, lærde og varmhjarta Menner sette i Vaagand Framti og Livebrau for den Tankjen; og fram gjekk dæ, um so Dovrefjøll sto i Vegjen, som dæ Gudskjelov slett ikkje gjore. Eg heve aller høyrt nokon Mann tala so varmt for Maalskji som Arvesen, endaa han berre var "teoretisk Maalmann", som han sjølv sae; dæ var so eg kjende Taarinne trilla. Etter han daa hae lagt ut sine Vaarmerkje um Noregs aandelege "Gjenfødelse," tok han te med Soga i 1814, som han fortalde langt um. Men etterpaa detta Fyredragje skreik me Hurra, lengste me orka, for honom. Dæ seinste Fyredragje sitt heldt han yver Segni um Allheimstree Yggdrasil, som han lae ut som eit Bilæte paa Mannslive mæ sine friske som rotne Siur.
 
Alle Fyredragji var godt søkte. Pietisten kom ruslande rædd og tvihuga og heldt seg forsvarleg ifraa. Dæ skal no vera slik ein farleg Kar, denne Arvesen, Grundtvigianar, Republikanar, Politikanar og so utetter. Dæ er kje verdt koma for nere; men Ein vilde daa høyre og sjaa. Some av vaar "Intelligens" møtte au fram, endaa dæ i Fyrevegjen av slike vart sagt, at han kom væl bare mæ nokre gamle hedenske Røglur, hell au med "detteherre Maalstræve," som riv no so fælt i dei fine Nasanne. No var dæ au hjaa Bygdi's "pene Folk" sett ut, at Arvesen var ein fæl Mann, som var komen for aa brotene Religion, Kjyrkje , Skule og heile vaar Embætsstand. Dæ heittes aa taka seg i Agt, og daa her ingjen var, som trudde seg te snakke mot, so hae dei venteleg "forskrive" dei tvo Studentanne fraa Grannegjelle, som etter Segni var komne for aa verja Tru, Fridom og Upplysning, om gale skulle hende! - Visst er dæ, dei fann ingjen Knapp, som dei trudde seg te hengje Luva si paa; men sure tyktes dei vera.
 
Men me Telebøndar vart reint glae i Arvesen og tyktes kjenna, at han var Mannen som kunne hause oss upp te att aa dikte vaart Stev og syngje vaar gamle Vise. Dæ var ikkje bare dei gjille Fyredrag som gjore at me fekk Tillit til Mannen, men hans heile Maate helles au. Han var inne hjaa oss i vaare Stogur og snakka mæ oss som ein anen go Kjenning; han var kje fremmind paa dæ hell rædd for sin "Vyrna", han. Dæ syntes so væl paa honom, tykte eg, at dæ er ikkje for aa glime og skine og faa seg gjillt Navn, at dei arbeier Folkehøgskulelærarann, men for aa lyfte Bonden upp te Fridom og Upplysning, lære honom aa "tenkje ein djerv Tankje" og syne honom, at Gud heve sett oss te ana enn "eta, gifte os og døy." –
 
Ja tru me bare hae slik ein Mann hjaa oss mæ eit "Sagatun," so kann dæ nok hende, at Telemarki um nokle Aar var ein aandeleg "Norges Blomsterdal"! -                   
 
Ein Selljording.
 
1) Det høvde seg so ubeint, at detta Brevet vart liggjande nokot for lengje; me bed um Orsaking. Bldst
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum