Altslag.

 
Fraa Havsens Botn.
 
Ein av dei Dukkarar, som hev voret med og randsakat det sokkne tyske Herskipet "Grosser Kurfürst," skriv: "Fredag Morgonen Kl. 4 kleiv eg ned Troppi fraa Dukkarbaaten. Eg hadde ei sterk, kvass Stong av Støypestaal i Haandi. Eg var so heppen aa koma upp til Kanonporten paa Skipet, som laag yver paa Bagbords Sida, og etter dei hardaste Basketak braut eg meg Veg. Eg var ikring 60 Fot under Havflata. Straumen var ikkje merkjande her nede. Eg gav Teikn upp til Baaten og arbeidde meg so med stort Stræv gjenom Hølet inn i Skipsromet. Vatnet hev brotet inn allestader so nær som i dei tette Kassar og Kojer. Eg braut upp sume av dei; er det fyrst Hol, so bryt Vatnet Veggen inn og trengjer paa med Magt. Best som det er ser eg – og daa stokk eg – ein Ting stengja Vegen fyr meg, kjila mot Hovudet mitt og tørna mot Hjelmen. Det var ei stor Bok, som var komi ut or eit av dei uppbrotne Gjøymslom. Eg gjorde ei Vending og kom klar av den. So saag eg ein svær Bakladningskanon, som stod ende upp som eit Tre; ein annan hadde sprengt Kjettingarne sine og laag nede. Ein veldug Kanon hadde, daa Skipet kolvde, rullat attende og rendt paa ein Matros, som han hadde klemt flat mot Veggen. Armingen stend der med vid-spilte Augo, som syna den fælaste Rædsla. Lavetten aat den næste Kanonen er umvelt og under den ligg den sundslegne Kroppen aat ein Kamerat. Eg freistar aa faa Lavetten laus; det lukkast etter eit Par Aatak, og ein krasad Kropp med kløyvt Hovud driv fram; men fyrr eg kann faa Tak i honom, hev Straumen ført han ut or Synom, for Lykti lyser ikkje vidt her. Ein Soldat stend millom velte Kanonar og Kulur stydd til eit Bord; han held Geværet i Haandi og ser ikkje eingong ut til aa være saarad; eg vil hava honom med, men ser daa, at høgre Haandi hans er fastklemd i Kanonporten. Hans vridne Andlitsdrag tyder paa ein fæl Bane; fastklemd som han stend maa han ha kavat skræmeleg fyrr han gav seg yver. Sjovatnet syner allstad si merkjelege Kraft til aa halda Kroppar ved lika: alle dei 16 Lik som kom upp, var lette aa kjenna att.
 
Bøn til Gud af Voltære. I Sluten av Voltæres Bok um Taalsemd finnst denne Bøni. "Det er ikkje lenger til Menn, eg vender meg, det er til deg, du Gud aat alle Skapningar, aat alle Heimar og aat alle Tider. Um det er tillatet fyr veike Tilværur, som reint kjem burt i det Uendelege og ikkje syner att i Himmelrømdi, aa beda deg um nokot, du, som hev gjevet oss alt, du, som Avgjerderne aat er ubrigdande og evige, gjer daa væl i din Milde og sjaa til dei Vildringar, som heng ved Naturen vaar, at ikkje desse Misgrip skal gjera oss ulukkelege. Du hev ikkje gjevet oss eit Hjarta at me skal hata kvarandre, elder Hender, at me skal strøypa kvarandre. Gjev oss Kraft til innbyrdes aa hjelpa kvarandre til aa bera Tyngdi av eit mødesamt og udrjugt Liv. Maatte dei smaae Avbrigde millom dei Klæde, som liva vaar veike Kropp, millom vaare ufullstendige Tungemaal, millom alle vaare underlege Skikkar, vaare ufullkomne Logjer, vaare uvituge Fyresyningar – maatte alle desse Smaating ikkje vera Orsak til Forfylgjing og Hat! Maatte dei, som tendra Vaksljos til di Æra ved Middagstid, kunna tola dei, som nøgjer seg med Ljoset fraa di Sol. Maatte alle Menneskje hugsa paa, at dei er Brøer! Og dersom me ikkje kann sleppa Krigens Rædslur, lat oss daa ikkje hatast og riva kvarandre sund midt i Freden, men lat oss nytta vaart stutte Liv til paa tusund ulike Maal aa velsigna din Godleik, som gav oss detta Livet!
 
(Etter Berg. Tid.)
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum