"Skuledirektør Bonnevie Bygdemaali i Aalmugeskulen. 1)"

 
[Del 1 av 3]
 
I eit Uppset i Adresse-Avisa (Throndh.) No. 135 "Um Odelsthings-Ordskiftet vedkomande Bruken av Bygdemaal i Skularne" hev Hr. Skuledirektør Bonnevie greidt ut næmare kvat Meiningi var med hans Fyredrag um Maalundervisningi i Aalmugeskulen. Detta Stykket vil vera av stor Forvitna fyr Lærararne i Stiftet, derum kann Ein ikkje tvila; dei hev dermed fenget Høve til aa sjaa, kvat Skuledirektøren meiner um denne Saki. Detta gjeld vel mest um Lærararne i Bygderna. Fyr Bylærarar kunde Saki synast hava mindre paa seg; men det er fulla mange Lærarar i Byarne med, som hev Interesse i eit so stort Spursmaal som den norske Maallæra og det, som dermed heng ihop; og daa det høver so til, at Skrivaren av desse Linur og høyrer med millom deim, so vonar eg, at det vil haldast meg til Gode, at eg her vaagar meg til aa gjera nokre Merknadar ved Skuledirektørens Uppset.
 
Fyrst maa eg segja, at eg held med Skuledirektøren i det, at "det ikkje kann vera ""tilfredsstillende"", at det Maal, som mest alt det dei (Borni) kjem til aa lesa, er skrivet i, stend fyr deim som eit framandt Maal, som dei ikkje kann tenkja i." Skuledirektøren segjer her – som me ogso elles veit er sannt -, at Bokmaalet stend som eit framandt Maal fyr Bygdeborni, solengje her ikkje i sjølve Maalundervisningi vert gjort slike Brigde, at Tilstandet kann verta onnorleids.
 
Naar Skuledirektøren nokre Linur lenger nede skriv: "eit framande Maal er det daa ikkje fyr deim", kann eg difyr sjølvsagt ikkje semjast med honom lenger. For eit Maal, "som stend fyr Borni som eit framandt Maal, som dei ikkje kann tenkja i", er evlaust eit framandt Maal fyr deim. Sidan kallar ogso Skuledirektøren Bokmaalet eit "nytt Talemaal", og dermed kjem han paa nytt til aa røra seg upp i det Framande. Men paa desse og andre Sjølv-Motsegner – som det diverre ikkje er so faae av – skal eg likvel ikkje leggja so stor Vegt, med di Ein maa leggja Merkje til den Tid og dei Høve, som Skuledirektøren skriv under. I det Fylgjande vil eg difyr mest halda meg til den av Skuledirektørens tvo i same Andedrag framsette, innbyrdes motstridande Meiningar, som tykkjest standa i best Samklang med Aandi og Planen i hans Skriv og med dei fleste Stader i hans Fyredrag.
 
Attende altso til Utgangspunktet. Skuledirektøren meiner daa, at det kann hjelpast paa dei fyrhandverande "utilfredsstillende" Maalhøve derved, at Læraren byrjar med Taleøvingar. Læraren skal fyrst samtala med Borni um eit og Annat, som dei kann lika; han skal i Fyrstunne nytta Bygdemaali under desse Taleøvingar, og daa "ikkje vidare hefta seg med Maalformi til ikkje aa hindra Tankerørsla", men han "bør ikkje drygja lengje med aa læra Borni aa gjeva sine Tankar Uttrykk i Bokmaalet", og "detta maa dei læra ved aa høyra Læraren tala og so sjølv tala etter, til dess dei vinn Megn (Evne) til aa framsetja sine Tankar paa eigi Hand", naturleg i Bokmaalet.
 
Det vil verta vandt fyr Skuledirektøren aa faa denne Deil av Fyredraget um Mormaalet (Maalet aat kvat fyr ei Mor?) uppfattat soleids, at det berre skal gjelda Undervisningi i eit Fag elder ein Time, daa det i Fyredraget um Religionsundervisningi stend aa lesa ein Merknad av same Slag som Citatet, og det er i detta Stykkje heilt avgjerande, at Skuledirektøren i eit tidlegare Fyredrag um Undervisningi i det Aalmenne segjer. "Eg vil seinare koma til næmare aa handla um dei Krav, som me maa gjera til Talen aat Borni." Med detta kann eg ikkje skyna, at det kann vera meint annat enn nettupp det nemnde Citat, som altso er det, som Ein hev aa halda seg til ogso fyr Undervisningi i det Aalmenne. Naar Skuledirektøren difyr segjer, at det Inkje stend um detta i Fyredraget um Undervisningi i det Aalmenne, er slikt, som kvar og Ein ser, ei vistnog "ubevidst" Tilhyljing av det Røyndomslege elder ei ny Sjølvmotsetjing, som eg ikkje skal leggja meir Vegt paa enn paa dei andre av same Slag. Berre det fær eg segja, at med denne Paavisning av, kvat som stend aa lesa i Skuledirektørens tidlegare Fyredrag, hev hans Artikel i Adresse-Avisa misst sitt Grundlag, sovidt den gjeng ut paa aa visa, at Odelsthinget hev teket i Misst, med di det gjekk ut fraa, at det nemnde Citat galdt Undervisningi i det Aalmenne. Eg bed orsaka detta Brot paa Traaden; det er meir aa tilskriva annan Manns Skuld enn mi. Heretter meir beint fram.
 
Lat oss daa tenkja oss Skuledirektørens Plan med Taleøvingar gjenomførd av kvar Lærar i kvar Skule yver det heile Land eit nokot Bil. Dei 7 -8 Aar gamle Gutar og Gjentur samlar seg i Skulestova, Læraren segjer deim fyre Setning etter Setning i Bokmaalet, og Skulen tek att (i Kor?) i same Bokmaal det, Læraren hev sagt fyre, til dess Borni vinn Megn til paa eigi Hand aa gjeva sine Tankar Uttrykk i det same Bokmaal; so tek dei aat med Lesningi, som no naturleg vil falla deim lettare, daa det skrivne Ord verdt eit gløggt Bilæte av ei Form, som alt er kjend fyr Øyrat.
 
Planen ser ut til aa vera rett god. Kunde han med god Heppa verta gjenomførd fullt, vilde Ein faa store Ting aa sjaa. Den norske Bonden maatte ved detta etter faae Ættledar kunna upplærast til aa gjeva sine Tankar Uttrykk i eit Slag Bokmaal, endaa Ein visstnog kunde ottast fyr, at det vilde verta meir barbariskt (uharmoniskt) enn det, me no hev, og endaa det i Fyrstunne vilde ganga so, som Skuledirektøren sjølv segjer, at berre eit og annat Barnet – paa eit Raam – vilde læra aa tala Bokmaalet klaart og greidt.
 
Sett fraa eit Standpunkt kann no ogso detta hava sine Fyremunar. Dei, som ser eit Meinhøve elder ei Ulukka i, at Folk i Noreg liksom i andre sedade Land fær sitt eigi Folkemaal, byggt paa det Maalto, som høyrer Folket sjølv til, nemleg det Talemaal, som Stormengdi av Folket bruker dagsdagleg, og som derimot meiner, at det vilde vera best fyr Landet – ikkje berre fyr deim sjølve -, um Stormengdi, Fleirtalet, so snøggt det var Raad gav upp sitt Talemaal og gjorde det aalmenne Bokmaal til sitt Kvardagsmaal, - alle dei bør visst takka Skuledirektør Bonnevie fyr, at han hev vist ein Veg, som kann føra fram til det ynskte Maal – dersom alle andre Umstende raamar til aa vera serskilt gode fyr Saki.
 
Ein tarv snaudt ganga lenger enn til Slesvig fyr aa verte viss um, at eit slikt Maal er moglegt aa naa i vore Tider. Dernede gjeng dei tyske Lærararne fram paa slik Maate mot den danske Lyden og det danske Tungemaal, og den preussiske Regjering hev god Von um paa denne Vis aa kunna gjera Dansktalande til Tysktalande. Skilnaden er mest den, at det her er indfødde, norske Lærarar, som skal setjast i Arbeid med aa tyna sin eigen dyraste Fedraarv, som mange av dei Styrande litet elder inkje kjenner, og som ytarst faae av deim som – derum er me samde – "stend fyr Borni som eit framandt Maal, som dei ikkje kann tenkja i," – medan det dernede, so vidt eg veit, er Tyskarar, som vert sette til aa upplæra dei danske Born i Tysk. Arme danske Maal! Dei stræva med aa gjeva deg Rom, der du ingen Rett hev til aa vera, og dei vil jaga deg burt fraa den Staden, som er ein Deil av din Heim, og som ingen annan hev Rett til enn berre du. I Slesvig er Tyskararnes trottsame Tyranni det, som vil føra Tysken fram til Siger.
 
Eg trur, at eg no hev greidt upp den av Skuledirektørens Meiningar, som – sett med velviljuge Augo – tykkjest vera den indste; eg hev freistat aa framvisa Utvinningarne av hans Plan, gjenomførd under dei heppnaste Høve, likesom eg, ved aa peika paa det, som gjeng fyr seg i Slesvig, hev prøvt aa visa, at Folk ogso i vaare Dagar held slike Planar fyr aa kunna føra til Maalet paa andre Stader.
 
Men denne Planen vil likvel visst stranda, daa her no fyr Tidi ikkje finnst dei Høve, som aaleine vilde gjeva henne Framstøyt, og Skuledirektøren sjølv hev visst som ei Kjensla av, at det so er.
 
Fyr det Fyrste er Skuletidi for stutt til, at Læraren kann driva soleids paa med Taleøvingar, at "Borni vinn Megn til paa eigi Hand aa gjeva sine Tankar Uttrykk i Bokmaalet, fyrr dei tek aat med aa lesa"; og d e t maa naudsynleg vera Skuledirektørens Meining, daa han segjer, at "det vil vera lettare aa byrja med aa tala det enn med aa lesa det" (Bokmaalet). Skal denne Tanken førast igjenom, vil venteleg mange Born ikkje koma til aa læra aa lesa. Og endaa um Ein ikkje set so høgt Krav til, at Borni skal læra aa tala greidt, hev likvel Aalmugeskulen so myket annat aa gjera, at Ein ikkje fær Tid til ei methodisk Innpoding av eit framandt Maal. Skuledirektøren vil sjølv visst halda med meg i detta; han segjer i alt Fall i sin Artikel, at han "veit vel, at vaar Skuletid ikkje vil vera lang nog til aa innføra eit nytt Talemaal hjaa Lærarar (!) elder Lærlingar." Og likvel segjer han ovanfyr i Citatet, at Borni "maa læra detta" (nye Talemaal) "ved aa høyra Læraren tala, og so sjølv segja etter." Denne litle Tuva – den stutte Skuletidi – vil vera nog til aa velta Skuledirektørens store Lass.
 
Fyr det Andre hev Folk teket til aa tvila paa, um det er rett og nytsamt aa gjera nokot Offer fyr Bokmaalet av Landet i dess Heild. Folk hev innsett, at me hev eit Maal sjølv, som Ein visstnog ogso maa læra aa lesa, liksom Dansken maa læra aa lesa Dansk og Tyskaren maa læra aa lesa Tysk, fyrr dei kann lesa det, men som me vandt tarv lange Taleøvingar i paa Skulen, daa Borni kann den Kunst fyrr. Stutt aa segja: det norske Folkemaal, Bygdemaali, Landsmaalet, det einaste, som med full historisk Rett og vitenskapleg Sanning er Noregs eiget, fraa Federne under Landets tidlegare Sjølvstende nedervde Tungemaal, det einaste, som inkje annat Folk enn berre det norske kann gjera Krav paa som sitt, og som enno vert talat av Stormengdi av Folket, men som i lange Tider paa Grunn av framandt Herredøme, Folkets Magtløysa og Usjølvstende ikkje hev voret brukt i Skrift - detta Maalet hev ogso no teket til aa bera upp Krav, og det gjeng meir og meir upp fyr Folk, at desse Krav hev sin fulle Rett. Det er alt mange, som meiner, at Ein helder bør sjaa til aa dyrkja og adla denne Heimens livnande Blome enn plaga seg med aa pusta Liv i ei framand Urt, som i vaare Bygder til dessa ikkje hev naatt lenger fram enn til aa verta ei forkrylad, halvdaud Drivhusplenta, endaa ho, og ho aaleine, hev voret veitt rik offentleg Hjelp. Folk tek endaa til aa finna, at det strider imot det, som Ein skylder sine Feder, sitt Folk og i næmaste Ætt, aa halda paa det Framande i Staden fyr det Heimlege. Eg hev fyre meg eit Upprop, som lyd soleids: "Kjære Bondemann! – Du vanærar baade Federne dine og deg sjølv og syndar mot Bornom dine, naar du ikkje no i Flokk og Fylking krever Maalet ditt, Landsens Maal, baade i Skule og Kyrkje, i Rettargang og i Bok." Folk tek til her til Lands aa tenkja um denne Saki, som dei i andre Land hev gjort alt lengje fyrr: "Det er ikkje meir enn rimelegt, at Prestarne og Skulelærararne bruker Folkets Maal og ikkje Folket Embættesmennernes."
 
Fyr det Tridje vil Hr. Skuledirektørens Plan støyta paa eit Skjer i det Umstende, at ei Mengd Skulelærarar alt hev gjenget yver til denne Læra og nu fullt ut nyttar Folkemaalet, og ikkje nog med detta, men ogso kjenner seg so faste i Sadlen og tykkjest sjaa so klaart, kor det maa bera av, at dei vernar um Folkemaalet og hævdar dess Vyrdskap og Rett framfyr det framande Maal. Ja, det ser mest ut, som det er Noregs Lærarstand, allvisst i Bygderna, som no stend i den fremste og sterkaste Fylking bland den Flokk, som vil ei Maalbøting her til Lands.                                               
 
 
1) Av Skulestyrar Kand. Hægstad; i Umskrift etter "Dagsposten".
 

 

Frå Fedraheimen 27.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum