Ordkastet um Maalsaki paa Folkemøtet i Skien den 29de Juni.

 
(Etter "Verdens Gang").
 
Storthingsmann Rinde: Naar Talaren hadde sett upp Maalsaki millom dei Saker, som her skulde umtalast, so var det fyrst, fyrdi han heldt henne fyr ei framifraa vigtug Sak fyr det norske Folk, og dinæst fyrdi Storthinget iaar hadde havt fyr seg eit Logframlag um dette Emne, som det hadde sendt til Regjeringi med Uppmaning til aa gjera det, ho vilde og kunde. Vilde ho Inkje gjera, so vilde Storthinget aat Aare taka Saki i si Hand og sjaa, kvat Loggjevingi kunde gjera til aa fremja henne. Det Logframlag, som hadde voret paa Vangje iaar, gjekk berre ut paa, at dei skulde bruka Bygdemaalet i Aalmugeskulen so vidt som moglegt. Dette "so vidt som moglegt" var ei nokot laus og vavri Ordsetning, men der kunde ikkje Annat standa. Naar dei her skulde dryfta detta Spursmaal, var det helst den praktiske Sida av Saki, han vilde faa Uttalur um: paa kvat Maate Ein kunde gjeva Saki ein Framstøyt gjenom Loggjevingi. Han vilde vona, at Alle, som hadde tenkt yver Saki, anten dei var Maalmenn elder ei, vilde tala opet og ærlegt ut si Meining, for det var ei av dei vigtugaste Saker, me hadde aa fremja. Likeso visst som Talaren trudde, at Vaarherre hadde havt den Etling i 1814, at det norske Folk skulde vera eit fritt og sjølvstendugt Folk, likeso visst trudde han, at det norske Maal skulde verta Maalet aat Noregs Borgarar. Det danske Tungemaal hadde, som kjent var, trengt seg inn, medan vaart 500 Aars Samfeste med Danmark stod paa, men det norske Maal døydde likevæl ikkje ut, for det høyrdest enno i Kjyrkja, paa Skularne og paa Thinget. Maalstrævet, dei kallar, hadde voret uppe i vaart Land i mange Aar, og Motstandararne hev møtt det med Herdaskot og til Deils med Grin. Det var no Grunnar, som var vande aa møta, men no nyst hadde ein Skuledirektør i Trondheims Stift talat ut greidt, opet og ærlegt, kvat han tenkte um Maalsaki. Han tenkte, at det aldri kunde verta Tal um, at det norske Maal skulde verta Hovudmaalet i Landet. Naar eit Bondebarn kom paa Skulen, kunde det nok, meinte han, vera Tal um, at det fekk læra Abeceapaa sitt eiget Maal, men det maatte so snart som moglegt læra Bokmaalet, og sidan maatte Undervisningi ganga paa det Maal. Det var ei opi Tala, som Talaren gjerne vilde handtaka Mannen fyr. No visste Ein, kvat Motstandararne hadde til Meining og Maal, men det skulde berre vera ei Maning meir fyr deim, som hadde huglagt Saki, til aa arbeide med Trott og Traae fyr det, at det norske Maal kunde koma til aa hevda sitt Rom att, og Talaren hadde den beste Von um Siger. Han trudde, at Folk skulde ein Gong faa høyra fraa Preikestolen nokot likt det, som Janson hadde talat idag, og Talaren trudde, at Ingen, som hadde Namnet norsk Borgar, vilde tykkja, at det ikkje var rett. Likeso i Rettargang. Her møtte Ein i den greidaste Sak, t. D. um eit Gjerde skulde flytjast eit Par Fot, ein heil Haug med framande Ord, som Citant, Deponent og Komparent o. s. fr.; kvifyr ikkje her bruka norske Ord, som Bonden skynad? Skulde ikkje Fridomen vera berre eit tomt Ord, maatte det norske Maal koma til sin Rett i Landet. Me hadde sett, at naar ein Hervinnar hadde lagt under seg eit Land, var hans fyrste Raad aa døyda Landsens Tungemaal. Talaren vilde difyr beda Samlingi segja si Meining um, korleids Ein skulde fremja denne Saki gjenom Loggjevingi, um Ein skulde byrja i Aalmugeskulen med Skulebøker paa Landsmaalet elder fraa Storenden.
 
Bladstyrar Hansen:Denne Saki hadde voret fyr-seg-havt igaar paa ein annan Stad, i eit Skulelærarmøte og mesto fraa ein Læresynsstad. Her skulde same Saki skodast fraa ein meir praktisk Synsstad i det Heile. Hr. Kandidat Ross hadde igaar sett i Gang Ordskiftet i Lærarmøtet med ein Tale um Maalsaki, som Talaren vilde hava Folk til aa leggja Merkje til. Hr. Ross hadde daa upplyst, korleids Saki hadde skapat seg gjenom tilsvarande Rørslur i England, Tyskland, Frankrike og til Deils i Finnland, og um Talaren ikkje mismintest, var det sagt, at det var ei nokot lik Rørsla hjaa Lapparne. Talaren skulde likevæl ynskja, at Hr. Ross til Upplysning vilde svara paa det Spursmaal: kvat Utgangen hadde vortet av den Maalreisning i dessa Land, og um der ikkje fanst slike Maalbrigde som her? Naar Ein lagde fyr Borni ei Bok i Bokmaalet i England, i Danmark elder i Tyskland, kunde dei daa useinkade og umeinkade av Maalbrigdet skyna henne?
 
Kandidat Ross: Maalbrigde fanst – det var aalkjent – i alle desse Land, serleg i England, som det fyrst hadde voret talat um, og i Danmark. Men det var den store Skilnaden fraa Tilstandet her til Lands, at dessa Maalbrigde var Maalbrigde til Landsens eiget Maal, ikkje til eit annat Lands. I England var Skilnaden millom Bokmaalet og Maalbrigdi ikkje mykje stor, menaltid sopass, at Borni maatte hava ei viss Upplæring i Bokmaalet. Men Høvet vart paa Lag det same, som naar eit norsk Barn fraa ei norsk Bondebygd fekk den fyrste Lærdom paa Landsmaalet, og ikkje som no paa eit Maal, som hadde vortet til i eit framandt Land, og som hadde sin Skurd og Svip av eit framandt Lands Genius, det danske Maal. I Tyskland var Høgtysk, som hadde vortet til i Byarne, eit framandt Maal attaat Nedretysken. Det heldt livevæl paa aa besna, endaa dei ikkje var komne so langt i si Maalreisning som me her til Lands, og likeins hadde det seg med Sud-Frankrike. I Danmark var det stor Skilnad millom Jutemaalet og Øymaali, men alle Maalføri var Greiner av det danske Bokmaal. Dette hadde vortet til paa Sjælland og serleg i Kjøbenhavn og hadde fenget si Tilførsla mesto fraa danske Land. Det hadde t. D. ikkje vortet til i Noreg og derifraa vortet innført til Danmark. I Sverike hadde dei og Maalbrigde, men dei stod i same Høvet til eit heimlegt Bokmaal som i Danmark. Det svenske Bokmaal var upfunnet i Uppland og til Deils i Södermanland, og alle Maalbrigde hev sin Midstad i det. Maaltilstandet paa Jylland var mykje meinslegt. Det jyske Talemaal braut so av, at det hadde voret paa Tal, um dei ikkje skulde freista aa faa dei jyske Maalbrigde upp til Bokmaal. Maalreisningi i Jylland var likeins som her; men Skilnaden var ikkje so stor millom det kjøbenhavnske Bokmaal og det jyske Talemaal, som millom det Bokmaal, me no hev her i Landet, og norsk Talemaal. Fyr eit Par Aar sidan hadde det voret i aalvorsleg Dryfting aa faa Bøker i det jyske Tungemaal, fyrdi Folket der livde under "Tvetungethedens Forbandelse". Til aa løysa denne Forbanningi var det tvo Vegjer aa ganga. Anten kunde Ein freista aa tyna det jyske Talemaal og faa det umbytt med sjællandsk, elder Ein kunde arbeida fyr aa faa det jyske Talemaal upp til Bokmaal. Den Meining vart haldi fram, at det snarleg burde gjerast Nokot til aa reisa det jyske Maal. I Sverike vilde dei finna seg ille tente med, at Bonden lærde aa lesa paa Dansk, og i Danmark likeins med, at han lærde aa lesa paa Svensk, men her lærde han aa lesa paa eit Maal, som braut meir av fraa hans Moermaal enn Dansk fraa Svensk.
 
Bladstyrar Hansen: Naar Ross hadde sagt, at det danske Bokmaal hadde vortet til einaste av danske Element (Emne), so vilde han visa til det, at Nordmenn som Holberg og Wessel hadde i sers Munn hjelpt til aa reisa det danske Maal.
               
Kand. Ross hadde ikkje sagt, at vaart noverande Bokmaal hadde vortet til reint utan Paaverknad av norske Element, men at det hadde vortet til i Kjøbenhavn. Det hadde voret det Maal, gaaverike Nordmenn hadde brukt, og det hadde fenget Paaverknad av deim. Det engelske Maal hadde ogso fenget Paaverknad av skotske, irske og nordamerikanske Skrivarar paa same Vis. Elles var no alle Storkultar i Maalkunna, Sofus Bugge, Rygh og Unger, samde um, at det Bokmaal, me no hev, er danskt.
 
Kristofer Janson: Hansen tottest meina, at Maalstrævararne her i Landet vilde faa burt Maalbrigdi og setja eit "Normalmaal" i Staden. Det hadde aldri voret Meiningi. Men det var um aa gjera aa faa eit Bokmaal, som laag nærare til dei ymse Bygdemaal, enn det danske gjorde.
 
Sokneprest Jespersen bar upp sitt Samtykkje til det fyr Storthinget framlagde Forslag um, at Læraren skulde so vidt som moglegt læra i Maalføret aat Borni. Han trudde, at ein av dei Ting, som gjorde det vandt aa faa Borni til aa gjera Greida fyr seg paa Skulen, var det, at Læringi ikkje gjekk i Moermaalet aat Barnet.
 
Folkhøgskulelærar Arvesen gav til Kjenne i ein lengre Tale sin Samhug med Maalsaki og Storthingsforslaget. Han saag i Norsk og Svensk og Dansk dei tri Hovudgreiner av same Maal. Dei tvo sidste var komne til sin Rett, men det norske Maal hadde det enno att. Han hadde mangein Gong nedi Danmark høyrt, at dei mest danade Folk dernede var dei varmaste Vener aat Maalsaki, med di dei trudde, at ei Tilførsla fraa det norske Maal vilde hjelpa til aa halda Tyskdomen ute.
 
Hermed var Ordkastet slutt.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum