Lærarskulens1) Maalstræv.

 
Lærarskulen gjer dessverre ikkje berre godt den helder. Nokot av det Leidaste ved honom er detta Maalstrævet, som han fer med; - for der vert drivet meir Maalstræv ved desse Skularne enn dei fleste vil tru. Det er Norsken, han vil til Livs, og det gjer han paa ein so sløg Maate, at det vert lagt reint for litet Merkje til. Men det er paa Tidi, at det kjem fram fyr Dagen no, detta halvløynde Puslestrævet hans; for her er det, just i detta Halvmykret er det, at vaare dansk-norske Maalkvaklarar gjer sitt verste Herverk.
 
Det er kjennt, at Mengdi av dei, som dreg paa Lærarskulen, kjem dit med helder liten Fyrekunnskap. Dei hev daa helder ikkje so stor Greida paa Bokmaalet og dei Ting. Væl kjenner dei, at det vanlege Bokmaal er framande fyr dei sjølve; men det er ikkje mange, som veit so mykje, som at detta Maalet og er famandt fyr Stormengdi av heile Landslyden. Men just denne Faakunna brukar no Lærarskulen til sine Fyremaal. Gutarne fær visst ikkje her nokor Upplysning um det sanne historiske Samanheng med Maalet vaart, tvert imot. Det vert tagt reint stilt med, at Bokmaalet er dansk; det vilde vera faarlegt aa nemna slikt, kann du vita; for kor snart kunde daa ikkje Ein koma paa aa spyrja som so: "kvifyr skal me, som er norske Folk, bruka eit danskt Bokmaal?" – Nei, slikt veit nok Lærarskulen aa laga paa. Dansken vert heitande berre "Daningsmaalet." Og det vil daa segja so mykje som at Landsens eiget Maal er Villmannsmaalet, det er greidt nok. Dei unge Gutarne, som no i Grunnen er heimangjorde med den same Tanken, vil daa naturlegvis ikkje gjelda fyr Villmenn; dei vil daa vera Folk dei med; og strakst maa Norsken ut og Laanegodset inn att. Aa vera danad er aa kunna danska, maa du vita, og so danskar dei, som best dei kann.
 
Kann Læraren fyrst faa dei til aa skjemmast yver Heimemaalet sitt, so hev han vunnet. Og det fell so lett. Presten, og kannhenda Skulemeistaren, hev lært dei det heime, at Faer og Moer sitt Maal er "simpelt." Lærarskulen byggjer vidare paa same Tanken, og snart tor ikkje Guten bruka sitt Maal, korkje paa Skulen elder naar han hellest talar med Læraren.
 
So maa han daa til aa maalgreida seg paa dansk; han stend og trivlar og leitar etter Ord og Ordelag, som kann smaka av "Daning", og alt um Læraren vøler og beinkar paa kvart eit Ord, so gjeng det endaa baade seint og ubeint. Det vert no ikkje ved Skulen, at Sveinen fær Magt med Dansken; for der skal Tid til aa læra aa "ljuga so det ser ut som Sanning".
 
Det er no Sume, som hev slik ein Hug til aa kasta fraa seg Moersmaalet og taka att "Knotingskulturen"; det er Snobben, det. Det er so "pent" aa tala "dannet". Og desse kann læra Kunsten paa stuttare Tid. Men der er og dei, som hev det Vitet dei skynar, at slikt er Narreskap, og som kjenner med seg, at Heimemaalet er no det, som høver likaste lell. Desse hev tyngre med aa ljuga; dei hjelper seg med Bygdemaalet, so lengje dei kann, um det enn fell hardt det med. Læraren held paa og vøler paa Ordi og Ordelagi deira, so det ikkje skal høyrast so udanad ut; men det hjelp ikkje. Læraren, som trur, at dei gjer seg si beste Flit med aa tala "pent", men ikkje kann likare, segjer daa til dei ein god Dag: "Du Per og Ola, falder det jer tungt at tale det dannede Sprog, saa kann I nok faa bruge Bygdemaalet. Vi bruger ingen Tvang her." Detta var ei hard Freisting fyr han Per og han Ola. "Nei, me maa til aa knota," tenkjer dei, "det hjelp ikkje til; for hellest trur Læraren me er Naut, som ikkje kann læra!" Fraa den Stundi tek dei til aa danska baade han Ola og han Per, endaa dei mang ein Gong raudnar av Skam, ja stundom snaudt sjølve veit, anten dei talar rett elder galet; dei stend der liksom Framande fyr seg sjølv.
 
Skal Læraren ein Gong greida ut um Fedrelandselsken og korleids Ein skal kveikja den, so er det no "Modersmaalet," som han fyrst og fremst lyt nemna. Det er det, som bind oss saman just som til Eit. Men no skynar du strakst, at det ikkje kann vera vaart norske Moersmaal han meiner; - nei, det er Dansken! Det er det danske Moersmaal, som skal binda oss Nordmenn saman og lærar oss aa elska vaart Land! – Og no vert daa detta "Modersmaalet" lovprist i høge Tonar. Det er so klangfullt, so "blødt" o. s. fr., 2)so det er ikkje med Vit. Og det er sannt: i seg sjølv er Dansken eit godt Maal, um enn ikkje me kann finna det so "klangfullt." Men det er den Lygni, at detta Maalet skal verta prist som vaart! Og no er det daa Meiningi, at Sveinarne sidan skal draga ut og lovprisa det same "klangfulle" "Modersmaal" fyr dei Smaae paa Skularne med. Daa eg høyrde Læraren sa' detta, daa tenkte eg med meg: "Ja, me hev eit klangfullt Maal, det er nok sannt; men skal eg vera ein ærleg Mann, so maa eg fortelja Borni, at det Maalet enno ikkje hev voret verdugt til aa vera Bokmaal, men at me laaner oss fram i Maalvegen den Dag i Dag er." – Er det ikkje vondt aa vita, at Folk skal lærast upp til aa fara med Lygn? Og det just mot desse stakkars Smaaborni, som Ingenting veit, men trur alt det dei høyrer?   
 
1)Innsendaren nemner serleg Lærarskulen, av di han "vil greida ut um Maalstrævet ved den Skulen han best kjenner til." Men det gjeld – i det Store – likso væl Seminarskularne, som hev voret og væl enno fyr det meste er sanne "Missions-Stationar" fyr det danske Maalstræv her i Landet. Bldst.
2)(Daa eg gjekk paa Lærarskulen, fekk eg høyra, at "vort Sprog" og Italiensken var dei tvo vænaste Maal i Heimen. Og endaa var visst "vort Sprog" nok slikt som det Italienske. Det var "Gratiernes Sprog", maavita. G.)
 
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum