Kristiania, den 23de Juli 1878.

 
General Grant, Præsident hev voret, foor fraa Kristiania igaar. Han hev likt seg godt her, og det er ikkje reint umogelegt at han kjem att næste Sumar au fyr aa sjaa meir av Landet. – No reiste han til Stockholm.
 
Studenterkoret gjorde fyrst ein liten Koncerttur burtetter til Kristianssand og vart gjort stor Høgtid av; no er dei komne til Paris, er det Von. Det skal vera Moro aa sjaa, koss dei no greider seg der.
 
Kongen, Dronningi og Prinsarne reiste til Moss igaar Kl. 1. Dei skal bu paa "Jeløen" (?), Dronningi paa Orkerød (Konsul Gerners Gard) og Kongen og Prinsarne paa Rosnæs (Konsul Pettersons). – Dronningi, som hev voret helder smaaleg til Helsa, er no bra att.
 
Kongen og Krunprinsen kjem til Kristiania att um Fredagen til aa taka imot Prins Napoleon, som daa kjem fraa Stockholm. Sundags Morgonen skal Prinsarne sjaa Solrenningi paa Tryvatshøgdi ved Frognersæteri. Kongen skal og derupp um Sundagen. Maandag fer Kongen til Moss att, men Krunprinsen og Napoleon tek ein Tur til Thelemarki paa 8 Dagar; Amtmann Rye skal fylgja dei som "Reisemarskalk."
 
Ein Handelsmann i Throndheim gav Hunden sin til ein Arbeidsmann og bad honom føra Hunden til "Nattmannen" fyr aa tynast. Men Arbeidsmannen meinte, at han sjølv kunde tyna Bikkja, so tente han seg ei Mark. Ja, han drog ut med Bikkja burtimot Ilsviki, venteleg fyr aa tyna henne der. Men Bikkja var stor og sterk; - ho er komi heimatt, men Arbeidsmannen ikkje.
 
Presten Dietrichson i Borre hev søkt um Avskil. Sokni bad honom halda ut ei Stund til.
 
Ein Underofficerslærling bleiv i Gansrødbugti ved Fredrikstad, dei var ute og lagad seg der. Han hev fenget Krampe, er det likt til, for han vart burte med ein Gong og kom ikkje upp att. – Han var fraa Øysterdalen.
 
Hans Jonson Sjøl fraa Sande, som drap Kona si og skamfoor sine 3 Born, er dømd av Underretten til Straffarbeid paa Livstid.
 
Handelsmann Eklid i Throndheim hev i dei seinste 1 ½ Aar faret med aa ferda Felur og dilike Spel; han hev og gjort nye Felur, og ei av dei er i Sumar selt til ein Engelskmann. Ole Bullfekk sjaa nokot av Arbeidet hans og totte det var merkjeleg godt gjort; strakst baud han seg til aa skaffa Eklid Plads paa ein stor Verkstad i Utlandet. Eklid hev teket imot Bodet.  
 
Aarvegen. Ikring Stavanger hev dei fleste alt fengjet um Høyet sitt. Dei hev havt fint Veer og fengjet gildt med Høy. – Fraa Levanger læt dei ikkje so væl. Det hev voret for turrt; baade Eng og Aaker er litet framkomne. – Fraa Aalesundskanten høyrer me, at det ser godt ut baade paa Landjordi og Havet. Feitsildfiskje er ventande; Egge- og Bankfisket gjev godt af seg.
 
Ein liten Gut, Son etter Prof. Christie, kleiv uppi eit Tre, men Greini, han sat paa, rauk av, og han datt ned med Ryggjen beint mot ein Gardstaur, som gjekk tvert igjenom Kroppen hans, og paa den Maaten vart han hangande. Stauren maatte dei saga av fyr aa faa Guten ned. Det var raadlaust faa Stauren ut att or Kroppen, og so laut han sitja, til Guten 3 Dagar etter døydde. - Detta bar til paa Eiker.
 
Utnemningar. Kongen hev udnemnt: ledig pers. Kapellan Johan Fredrik Ruge Jørstad til Soknepræst i Hammer, Nordhordland; Kateket i Haugesund Karenos Theodor Holm til Soknepr. i Askevolls Prgld., Sunnfjord; Sokneprest i Aaserall i Sætersdal Fredrik Martinus Steen Berner til Soknepr. i Aamlids Prgld., Nedenæs.
 
100 fyrr ukjende Diplom (Brev) fraa det 14de, 15de og 16de Aarhundrad, er innsende til Riksarkivet fraa Prestearkivet i Tunsberg.
 
"Avisand." Den Rispa um den engelske Lorden, som hadde kasta ei Flaske i Sjøen og lovat, at den Gjenta som fann Flaska, vilde han gifta seg med, - er berre halvsann. Lorden hev ikkje lovat nokot slikt, men berre bedet den, som maatte finna Flaska, um aa vera so snild aa sende henne til honom att. Resten er diktat ihop av Galningar, som hadde si Moro av aa ljgua Folk fulle.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum