Chr. Bruuns "Folkelige Grundtanker".

 
Ei merkjeleg Bok. Full av Ungdom og Eld, men og full av Manndom og Aalvor. Det er raadlaust aa lesa henne utan aa vermast og kjenna Aand yver seg. For det kann væl med Sanning segjast, at av Aand er ho fødd og med Eldhug døypt. –
 
Ho er so all igjenom sann. Der er Hjarta i kvart Ord, og det stend ein livande Mann bak um kvar Tanke. Difyre vert ho og so klaar og greid aa lesa. Her er ikkje nokot Fjas her. Du kann finna sume Tankar underlege; du kann vera usams med Mannen i mangt; men Mannen sjølv maa du agta og elska, og hans Gjerning maa du faa Samhug med; for av slik ein aalvorleg Elsk til det Sanne og av slik ein fullærleg Vilje til aa hjelpa og gjera væl maa det koma nokot Godt.
 
Det er underlegt aa vita, at vaart vesle arme Folk kann eiga ein slik Mann. Men endaa meir underlegt er det aa vita, at me i det Gudsens Aar 1878 negtar denne Mannen – 400 Kr. um Aaret til Hjelp fyr hans fagre Gjerning.
 
- Alle vedkjennest, at det som der spyrst um ved ein Skule, det er Læraren ("Personligheden"). Det hjelper korkje Timeplanar elder Instruksar elder nokon Ting; det som gjer Skulen til det han er, det er Læraren. Detta er endaa til godkjennt av einkvar av desse høgvise Skuledirektørarne, som me hev aa dragast med, og som visst kann sin tyske Pædagogik utanbokes fraa Perm til Perm. No gjev me Pengar i Haugevis til Amtsskulen. Kven er Lærarar der? Aa det er mange det. Sume er gode Folk, som er væl verde sine Pengar. Men Storhopen er nok av desse stakkars "ledige theologiske Kandidatar", som "tek ein Amtsskule" eit Aar elder tvo, til dess dei kann faa ein betre Post, men som ikkje hev meir Vit paa Skule enn andre Matrosar. Dei var ofta ikkje tiltrudde til aa "ala upp Kalvar" dessmeir, langt mindre til aa fostra Folk. Til slike gjev me altso Pengar. Men ein Christofer Bruun, som hev sett sitt Liv paa aa verta ein god Folkelærar, og som væl snart hev sett si Eign til paa det med, - han kann ikkje paa korkje Sætt hell Vis faa 400 Krunur um Aaret. – "Ho er tjukk Raaheita", som gamle Heltberg sagde. Der vil koma ei Ætt etter oss, som vil skjemmast yver detta. Det var dei tronge Hausar og dei flate Bringur, som raadde i den Tid, vil ho segja. –
 
Men "Folkelige Grundtanker" handlar um meir enn um Folkehøgskulen. Ho dreg fram heile vaart aandelege Liv – elder Pant paa Liv -, og syner det fram i skarpe, myrke Drag. Han er hardhendt her, Bruun, men hardhendt som Lækjaren, naar han handfer ein sjuk Kropp fyr aa finna ut Raader. Bruun pyntar ikkje paa Armodsdomen med patriotisk Ordstas og lyg seg ikkje ifraa Vesalskapen med Snakk um "vaare smaae Forhold" o. d. l.; han set upp sine Krav utan Naade og peikar fyr rame Aalvor fram mot Mynsteret. Han er streng som ein Ibsen. Men han hev attaat eit Hjartelag so varmt og ein Hug so full av Von, at du ikkje vert sjuk og modlaus av aa lesa hans Tankar, men just fær Arbeidsmod og Framhug. So skal Ein skriva, naar Ein vil skriva sovoret. Og naar Ein stend som Chr. Bruun, so hev Ein og Retttil aa tala i dei Tonar. Det er ikkje Stovedraumar og Papirtankar, detta; det er Røyndom og Røynsla, Tankar som er gjenomlivde og døypte i Strid og saart Arbeid. –
 
Alle vil finna seg att her. Bymann og Bonde, Professor og Student, Prest og Fut, Lærar og Bokmann, kvar Ein vil hava godt av aa sjaa seg i detta sterke, rolege Ljos. Dei, som daa liksom fær Smikken, vil væl ofta finna, at Bruun er einsynt og gjer for mykje av det. Men der er det Gode ved slike Bøker, at um Ein er aldri so usamd med Forfattaren, so tvingar dei likevæl til aa tenkja, og tenkja aalvorlegt, paa dei Spursmaal, som vert framlagde. Eg vil t. D. sjaa paa den Latin-Elskaren, som ikkje kjenner seg driven til paa nytt aa taka Latin-Skuletanken upp til Dryfting, naar han hev leset "Folkelige Grundtanker." Eg fyr min Part, som aldri hev forstadet denne Striden mot dei "klassiske Studier", og som enno hev mine Tvil i den Vegen, kjenner godt paa meg, at eg ikkje fær Fred no, fyrr eg hev gjort meg den Sak klaar. Og slik er det med so mange av desse Grunntankar. Dei brenner Spursmaal og Uro inn i Læsaren, so han lyt upp or den vanlege Læta og Likesældi og til aa røra paa seg og sjaa seg ikring. Det er det som viser, at Tankarne er "livande"; og livande Tankar er det just, me treng.
 
Tak Boki og les; meir vil eg ikkje segja denne Gongen. Ho kostar 1 Kr. 60 Ø. elder 48 Skilling; det er ikkje for dyrt fyr so stor og gild ei Bok.
 
G.
 

 

Frå Fedraheimen 24.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum