Utlandet.

 
Berlin-Semja er no kunngjord av Times og andre av dei yppaste Blad; men me hev ikkje denne Gong Rom til aa taka inn nokot Utdrag av den lange Rad med Paragraffar. Styresbladi i dei ymse Land og andre Hovudblad er fyr det meste af den Meining, at det austerlendske Spursmaal no er løyst fyr ei Tid, men hjaa dei fleste skin det og igjenom, at dei ikkje hev nokor rigtug Tru paa, at Freden skal standa rett lenge. Allvisst er dei Blad, som ein kann halda fyr dei næmaste Munnstykkje fyr Folkehugen, mykje openskaare til aa setja fram si Mistru. I Ryssland hev den turkisk-engelske Sersemja vekkt eit stort Illtykkje, og den gamle Folkefiendskap hev komet uppatt og riv sin Harm paa det engelske Riksraad og dess Framferd. Golos skriv soleids: Fyrdi um Kongressen kom til ein heppen Endskap med sitt Arbeid, hev me slett ikkje Fred, men berre ei Vaapenkvild millom det fyrste og det andre Skiftet av Turkiet. Ein slik Fred i stendig Venting um ein ny Krig er sanneleg ingi hugsam Framtidssyn. Vøre det ikkje eigenleg betre aa gjera nye Offer strakst, kor store dei enn skulde vera, til aa faa ein Ende paa Saki med det same? Fyr aa gjera dette maatte ein kjenna Grunnarne til, at alle Rysslands Offer og Sigrar hev ført berre det fyrste Steg burtimot Løysningi av det austerlendske Spursmaal. Desse Grunnar er ikkje søkjande hjaa det rysske Folk elder i Skort paa Hjelpemuner. Men me tvilar ikkje paa, at vaare Statsmenner hev havt vegtuge Grunnar, som kvar ein fedralandselsken Ryss maa bøygja seg fyr, til aa ganga inn paa Kongressens Skipnad.
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum