Um Taalsemd i Tru og Meiningar.

 
(Sluten.)
 
Paa denne Maaten fær alle Meiningar Rett til aa liva 1). Og Ein tarv aldri fæla fyr, at dei, um dei enn kann vera skjeive nok, skal faa Magt med det Sanne; med elder mot sin Vilje lyt dei hjelpa det Grunnsanne fram. Ja ein lærer sjølv av kvar ny Tanke og kvar ny Meining, som kjem upp. Den Grunn-Sanne er so uendelegt, at den einskilde Mannen aldri kann fata det heilt; han øygner det, men hev det ikkje i Neven; han er Læregut all sin Dag og innbiller seg aldri, at no kann han heile Leksa. Nei, kvar ny Meining, som kjem upp, so finn han ut det Gode i henne og freistar aa eigna det til seg; kvar ny Tanke, som kjem, so tek han ærleg og urædd Tanken upp, tenkjer honom heilt og fritt igjenom og tarv aldri fæla fyr, at denne nye Tanken skal stela hans Tru elder gjera honom usæl; han berre lærer, lærer, og gjeng fram i Klaarskap og Vissa. Han finn sjeldan elder aldri ein Tanke so galen, at han ikkje kann sjaa hans Samhengje med det Grunnsanne; men naar han ser det, so fær han og Magt til paa sin Maate aa taka Tanken upp og arbeida honom inn i Livssynet som ei ny Innvinning. Den, som ikkje paa den Maaten kann læra av det nye, som kjem upp, han er anten paa range Vegjer, elder so er han steingjengen og bunden i ei Sermeining, som væl kann vera sann nok i seg sjølv, men som vert usann og ei tynande Aandstvang, naar ho rivst ut ar sin store Samanheng med det Grunnsanne.
 
Men liksom det i alle Tankar er nokot godt og brukført, soleids er der og i alle Meiningar nokot ufullkomet, uklaart og trongt og dermed usannt, som av seg sjølv maa døy burt elder verta utslitet, etter kvart som Tiderne gjeng. Ei Meining kann sjaa so rimeleg ut som ho vil, ho hev daa altid eitkvart, som ikkje er ægte Gull: Mannspaafunn, Sertankar, som høver til ei viss Tid elder ein viss Stad, elder som er bygde paa ufullkomne Synsmaatar um vande Ting i Naturen elder Livet; alt slikt maa folna, so sannt Ætti skal ganga fram i Vitend um Sanningi. Sume Meiningar hev mindre av sovoret, andre hev meir, og det døyr altid burt av seg sjølv utan Magt elder Vald. Men det er daa saa mykje den Klaarsynte veit, at aldri ei serskild Meining hev den fulle og einaste Retten til aa raada og rikja; han vil altid finna, at jamsides med den stend andre Meiningar, som og hev Rett til aa koma fram; og det Samfund, som meiner det kann liva paa ei einaste avskild og avmerkt Meining og tyna dei andre ned, det tyner seg sjølv i Lengdi og dovnar av baade i aandeleg og utvortes Meining. Det Einaste Ein hev aa gjera, naar Ein ser, at ei Meining fører mykje Ugodt med seg, det er med vituge Grunnar aa syna, kvat det er som er usannt i henne, so Folk kann koma til eit klaarare og klaarare Syn, og so at det Falske og Uægte dess snarare kann døy. Men brukar Ein Magt, so syner Ein dermed berre si eigi Armod og sin eigen Pant paa fast og klaar Tru.
 
Hadde Julian Apostata havt den fulle Tru paa sine eigne Meiningar, so hadde han sagt som so: "Kristendomen er ei Magt, som maa hava si Tid; ho hev sumt, som er usannt, men det vil veksa av etterkvart, naar Folk gjeng fram i Upplysning; men ho hev og sumt, som er sannt og godt, og som ho aaleine hev Magt til aa faa inn i Livet; difyr skal Kristendomen njota full Rett, og dei Kristne skal vera jamgode med dei hine." Men Julian vart intolerant, av di han – ikkje hadde den rette Tru paa sine eigne Meiningar.
 
Dersom det norske Kyrkjestyre trudde fullt og fast paa sin Kristendom, so det saag, at den maattevinna fram, ja at det var den, som i Grunnen alle Meiningar maatte tena, so vilde det t. D. um Grundtvigsdomen segja som so; "Grundtvigstrui hev mykje som er usannt og ufriskt 2); men det fylgjer no altid med slike serskilde Meiningar og vil slitast av etter kvart. Men Grundtvigstrui hev og sumt, som er godt, og det just sovoret, som ho aaleine, slik som ho er, kann faa skikkeleg fram i Livet; dermed bør denne Trui hava si Tid og sin fulle Rett, og Grundtvigs Menn skal i alle Maatar vera jamgode med dei hine." Men det norske Kyrkjestyre vert intolerant, av di det – truleg – ikkje hev den fulle og rette Tru paa sine eigne Meiningar.
 
At slike Smaafolk som desse Skuledirektørar etc. vert intolerante mot alt, som ikkje hev Stempel fraa "Partementet," t. D. mot Folkehøgskulen, det er so naturlegt, at det Motsette vilde vera ei Sersyn. Slike, som ikkje hev annat aa byggja paa enn Autoriteten, og det slik Smaaplukk-Autoritet som me her hev med aa gjera, dei maa verta som dei er. Og Pietistarne, som byggjer paa sine eigne Kjenslur, vert intolerante like so væl.
 
Den, som er intolerant, er rædd. Men den, som er rædd, vantar den rette Tru og den fulla Vissa. Han kjenner, at han ikkje er stød paa kor sannt det er, det han fer med; kannhenda kunde det koma upp ein ny Tanke, som var so sterk og sann, at han synte at det var Lygn alt ihop; - dermed lyt han verja seg med Magt og stengja fraa seg alt det, som "kunde vera faarlegt." So forsvarar han Trui med Log-Krokar og Guds Sanning med Mannamagt, til Spe og Spott fyr alt, som heiter Tru og Sanning, og til eit sorgsamt Vitnemaal um sin eigen Armodsdom.
 
Vaar Tid er ei Tid med mange Meiningar; dermed er her mykje Snakk um Tolerans. Men ho er attaat ei Tid med veik Tru og litet Vissa; dermed vert ho i Røyndi anten intolerant elder likesæl. Sterke og myrke Tider hev Forfylgjingar, sterke og ljose Tider er ærleg tolerante, men veike og ljose Tider som vaar vert uærlege og løynske, med fagre Ord, men laak Aatferd. Her i Landet hev me ei Tid, som korkje er sterk elder ljos, at det daa gjeng upp i Snakk med Toleransen er sjølvsagt. Intoleransen raar i alt, i Riksstell, i Tru, i Skule, i Bok- og Maalvæsen; her er i Grunnen berre ei einaste Tru, som Folk kann liva med, og det er – Morgenbladstrui. –
 
Her vert daa og eit tungt Lyfte aa taka, som vil krevja mange Menns Kraft. At eit Folk tilslut dovnar av og døyr, naar det vantar Aandsfridom, det ser me alt Merkje til no, i Politikken vaar. Eit Styre, som stengjer ute fraa seg alle Meiningar, som ikkje plent gjeng i Eitt med den eine vesle, som just hev Magti, stengjer med det same fraa seg all Dugleik og all Kraft og armar soleids ut baade seg og Landet. All Framgang kviler paa den fulle Aandsfridom: Fridomen til aa tenkja, tala og vilja; det ufrie Samfund rotnar, liksom ein avstengd Vatspytt.
 
Ein Tanke, som eingong hev vaknat, kann aldri tynast, for all Aand er udøyeleg; men uklaar Tanke kann klaarast og rang rettast, naar han møtest med den klaarare og ljosare Aand. Vil Ein tyna ein usann Tanke med Magt, daa er det just det Usanne og Sjuke i honom, som veks, og daa vert han ofta til ein Pest, som fengjer og et um seg og gjer heile Samfundet usunnt. Det me treng her i Landet er: meir fast og klaar Tru og dermed – større og større, tilslut full, aandeleg Fridom. Her er fælt so mykje Daudkjøt i denne norske Rikskroppen; Aandsfridomen aaleine kann reinska det ut.                                                          
 
1) Me reknar ikkje her aandelege Sjukdomar, som Mormontrui, Danse-Lesarar o. fl.; dei er aa taka paa sin eigen Maate.
2) Detta vilde det daa leggja greidt og tydeleg ut i i eikor diger Bok, som det fekk ein av sine Professorar til aa gjera.
 
G.
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum