Peter Schlemihl.

 
[Del 19 av 19. Fyrste delen.]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Sluten.
 
Det vardt uppleset nokot, som hadde nokot med Peter Schlemihl aa gjera, det høyrde eg greidt nog, men eg evlde ikkje aa fylgja med Upplesingi. Eg saag ein venleg Mann og ei ovfager Kona i svarte Klæde koma burt aa Sengi mi. Eg tottest draga Kjensla paa deim baade, men kunde likvel ikkje taka Namni deira fram or Minnet.
 
Eg laag der enno eit Bil og kom Dag fyr Dag meir og meir til Krafter. Eg heitte Numer Tolv,og Numer Tolvvardt halden fyr ein Jude fyr Skuld sitt lange Skjegg; det vardt likvel stellt vel fyr meg i alle Maatar. At eg vantadeSkugge, tottest Ingen aa hava gaatt. Styvlarne mine og alt, eg hadde havt med meg, daa eg kom, var i god Vardveitsla, vardt det sagt meg, og stod til mi Tenesta, naar eg var komen meg. Den Staden, som kvar Dag vardt uppleset um Peter Schlemihl, var ei Uppmoding um aa bedja fyr honom, Upphavsmannen aat detta Hospital, og dess Velgjerar. Den venlege Mann, eg hadde sett, var Bendel, den fagre Kona var Mina.
 
Ukjend frisknade eg til i Schlemihliet og fekk vita enno meir: eg var i Bendels Fødeby; der hadde han med Atterstøda av det Gull, han hadde fengjet av meg – det hadde elles vist seg udrygt – under mitt Namn grunnlagt detta Hospital, der Ulukkelege dagleg velsignade meg og bad fyr meg, og han førde sjølv Uppsyn yver Stiftingi. Mina var Ekkja; Raskal var fraadømd Livet fyr eit grovt Brot og hengd; Saki hadde stadet lengje paa og kostat mange Pengar og mykje Sorg. Foreldri aat Mina var daane. Her offrade ho seg heilt til Velgjerdsverk imot sjuke og ulukkelege Menneskjur.
 
Ein Gong rødde ho og Bendel saman ved Sengi aat Numer Tolv. "Kvifyr vil De, høgvyrde Fru, utsetja Dykk so mykjet fyr Sjukhuslufti? Skulde daa Dykkar Skipnad vera so hard, at De ynskjer Dykk ut or Verdi?" spurde han. – "Nei, Hr. Bendel," svarade ho, "sidan eg hev drøymt min lange Draum til Endes og hev vaknat upp i meg sjølv, hev eg det vel. No ynskjer eg ikkje meir, men ræddest helder ikkje meir Dauden. Nøgd tenkjer eg attende paa den framfarne Tidi, og lett um Hjartat skoder eg inn i Framtidi. Er det ikkje ogso med still inneleg Lukka, at De no tener Dykkar Herre og Ven paa slik velsignad Vis, som De gjerer. – "Jau, vyrde Fru, Gud vere Lov! Det er gjengjet underlegt med oss. Me hev i Lettvisa, elder fyrdi me hev latet det vanta paa Varhygd, tømt mang ein Bikar baade med Gleda og Sorg. No er det yver. Ein kunde mest tenkja, at det alt hev voret berre ein Draum elder ei Røyning, og at det no galdt um aa byrja Livet retteleg med Klokskap etter dei Høve, som hev voret til aa læra. Ein ynskjer ikkje att den framfarne Tidi og hennar Meinhøve, men er likvel mest glad yver aa hava livt soleids, som det var. Attaat di hev eg den Trui, at det no maa ganga vaar gamle Ven betre enn fyrr." – "Ogso eg trur det", svarade Mina og gjekk framum Sengi mi.
 
Denne Samrøda gjorde eit djupt Inntrykk paa meg. Eg visste ikkje, kvat som var det rettaste, anten aa opendaga meg fyr deim elder aa lata det vera. – Eg valde ein Millomveg, bad um Papir og Blyant og skreiv desse Ordi:  
 
"Ogso Dykkar gamle Ven gjeng det no betre enn fyrr, og bøter han, so er Boti ei Bot til Soning."
 
So bad eg um mine Klæde, for eg kjende meg iminsto so heilbrigd, at eg kunde fara. Dei tok fram Lykjelen aat det litle Skaapet, som stod ved Sida av Sengi mi. Der fann eg alt, som høyrde meg til. Eg tok paa mine Klæde, hengde yver mi svarte Kufta den Urtesamlarkaasen, eg altid bar – eg fann til mi Gleda dei nordiske Sjoplentur i henne og uskadde -, drog paa meg Styvlarne, lagde den skrivne Setelen paa Sengi, og daa Hurdi gjekk upp, tok eg eit Stig og var alt langt paa Vegen til Theben.
 
Daa eg gjekk langs Strondi av Syria – den Veg eg hadde teket paa Ferdi nordetter – saag eg min Stakkars Figaro koma imot meg. Daa han lengje faafengt hadde ventat mi Atterkoma, hadde den true Pudelen teket seg til aa leita meg upp, og mine Spor hadde han, endaa det var langt millom deim, rekt alt til Beirut. Eg stadnade og kallade paa honom. Han laup smaasøkjande imot meg og lagde si lausslopne Gleda fyr Dagen med tusund rørande Læte. Eg tok honom paa Armen, for han kunde ikkje fylgja meg, og soleids kom me snart baade heim til mi Hola ved Theben.
 
Der fann eg alt i den gamle Skikk, og etter som eg kom til større Krafter, tok eg upp mitt gamle Arbeid og min vanlege Livemaate; eit heilt Aar avheldt eg meg likvel fraa aa koma ut fyr den grysjelege Polarkulden.
 
Og soleids liver eg enno den Dag i Dag. Styvlarne hev vist seg aa vera uslitande, og det, som den sprenglærde Tieckius segjer i sitt namngjetne Verk "De rebus gestis Pollicilli", at slike Styvlar ikkje varer eit Mannsliv ut, hev vist seg aa vera usannt. Deira Kraft verdt ubrigd, berre mi Kraft tek av; likvel hev eg den Trøyst, at eg hev brukt mine Emne paa ein Maate, som ikkje er utan Nytte. So langt, som mine Styvlar hev kunnat føra meg, hev eg granskat og skaffat meg Kunna um Jordi, hennar Skap, Høgd, Vermd, Luft, magnetiske Kraft og Livet paa henne, allvisst Plentelivet, og eg trur, at eg veit meir um desse Ting, enn nokor Menneskja fyre meg. Det Røynlege, Kjennsgjerningarne, hev eg uppstellt i klaar Ordning med moglegast Grannskap i fleire Verk, som ligg ferduge til aa prentast, mine Meiningar og Slutningar um ymse Ting hev eg uppskrivet, men stutt, i nokre Avhandlingar. Det innre Afrikas Geografi og likeins Geografi yver Nordpolar-Landi og Havet kring Polen ligg ferdug fraa mi Hand. Yver det indre Asia, Kina og Auststrenderna av denne Jorddeild hev eg likeins skrivet eit Verk. Mi Historia stirpium plantarum utriusque orbis 1) stend som eit stort Stykkje av ei Flora universalis terrae 2) og som ein Lid i mitt Systema naturae 3). Talet paa dei kjende Plenteslagi hev eg aukat med meir enn ein Tridjepart, og eg trur ogso aa hava gjort nokot fyr det naturlege System og fyr Kunna um, kor dei ymse Slag veks og trivst. No arbeider eg trottugt paa mi Fauna 4). Eg vil syrgja fyr, at mine Handskrifter kjem til lærde Folk, naar eg er daaen.
 
Og Deg, min kjære Chamisso, hev eg valt til aa utgjeva mi Soga. Kannhenda vil ho, naareg hev gjengjet burt fraa Jordi, verda Ein og Annan til nytsam Lærdom. Men Du, min Ven, vil Du liva bland Menneskjurna, so æra Skuggen framum Gullet. Vill Du berre liva etter Din eigen Givnad, aa, so tarv Du ingi Raad av meg.
 
1) Soga um Plenturna i baade den gamle og den nye Verdi.
2) Aalmenn Plentekunna fyr heile Jordi.
3) Aalmennt Natursystem.
4) Dyrkunna.
 
Ende.
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum