Kristiania, den 19de Juli 1878.

 
Fraa Hallingdal. (Brev.)
- - Lærarforeiningji før Hallingdal hadde eit Møte i Gol den 25de Juni iaar.
 
De va faae Lærara, som møtte fram, imot ein kunna venta. Me era for annsame maaveta. Aa so bry me uss vel minder um Skula, mange taa uss, ell me burde gjera kanskji me. Umframt Læraradn va Prestn Hansen i Gol, Lesmann Falck fraa Aal aa inkji so faae Bønda or Gol testees.
 
Ordstyrarn (Lærar E. Nestegaard) greidde ut um "Lærerens Forhold til Autoriteterne." Sovitt e kunna forstaa, va alle samde um, at de eberre i slike Ting, som beint fram kjem Skulun ve, Autoritetadn ha aa raa over Lærarn ell era hass Autoriteta. I alt slikt e de Lærarns Skjylda aa rette se ette Autoriteto, so lengji dei ha Love me se. Utta-um Skula ha Autoritetadn ingjin Vald over Lærarn meir ell are Folk, men han maa, uensa taa dei, kunne ha sine eigne Meininga t. D. i Politik, um dei inkji støtt era skørne ette Autoriteto sine Mynstri. De vart anka over at mange taa Autoriteto – helst taa Presto – gjera alt dei kunna før aa faa Lærarn te aa danse ette si Pipe i alting, aa at dei – um inkji beint fram, so umvegjis – paa mange Maata øve Trykk paa Lærarn i so Maate.
 
So vart de tala mykji um Bispe- aa Prostemøtu aa Eksamena. De vart daa sagt, at de vilde vera svært bra, um Autoritetadn vilde vera lite meir tymeinske (forekommende) imot Læraro, ell dei øfto era, aa at dei vilde lata dei bera fram sine Grunna um de, som inkji kunna vera so reint i Retteskjilo, aa som mang ei Gong inkji kan vera Lærarns eigji Skuld. Kanskji daa dei høge Herra øfto kunna faa spara Knubborde sine, aa Tingen bli greitt likeso gott lell! Naar Lærarn i slike Høvu ha vilja kome fram me sine Grunna, ha de inkji sjelda hendt, vart de sagt, at han ha faatt Knubbord aa fint løte stungji Pipa i Sekk. Slikt e uretferdigt aa gjere sannele alt anna ell godt. Fraa ein an Kant (Preste) vart de sagt, at dei trudde kji Autoritetadn no før Ti'n era so einspønen imot Læraro, som de hadde vørte sagt, aa helde inkji at dei skulde vera so lite kjend paa dei Motstøyti, som Lærarn har aa arbeie me, anna dei vilde veta aa inkji taka Lærarn fat før de, som han ingji Skuld hadde i.
 
Um kem som skulde overhøyre paa Eksameno taa Preste aa Lærare, vart de eit langt Ordkast. De vart sagt, at naar Lærarn fekk overhøyre sjøl, kunna han "seta Sminke paa" soleisse, at han tok me berre de, som han viste Ungadn kunna best. Ifraa dei are Pløttungji, som nok støste Deln taa Læraro voro me i, vart de helde fram, at de vøre de beste aa rettast, um Lærarn fekk overhøyre sjøl. De vart fyst nemnd Skulelova § 56, som dei trudde maatte førstaaas so, at de e Lærarn, som ska halde Eksamen aa overhøyre "i Overvær af Sognepræsten" som de heite.
 
At Ungadn inkji so sjelda era rædde taa Preste, aa at Prestn aav aa te kann koma inn paa Ting, som dei inkji ha lært i di Skuleaare, gjere øfto, at Presten langtifraa inkji fær den rette Vessmun um, ko som e lært. Detta kan ein unngaa, naar Lærarn spør. Førat inkji Lærarn ska kunne "seta Sminke paa", som de hadde vørte sagt, kunna Presten antell me di sama ell ei liti Ti fyriaat sea Lærare, kor han skull overhøyra i di aa di Fagji. Nokre syntes bra um den Maate, summe Presta bruke, at dei spørja eit Bel sjølve aa lata Lærarn spørja eit Bel, mea denna Maaten taa are vart helden før aa vera den laakaste taa alle. De vart anka over, at mange av dei som sita i Skulekommission istan før aa hjølpe Skulun aa Lærare te, øfto gjera tvert imot. De ha øfto hendt, vart de sagt, naar Lærarn ha kome me sine lovlige aa fullt ut rettige Krav, at dei ha vørta gjørt Nar taa aa hatt te Løgju taa dei, som ha te Pligt aa greie me di. Slikt e forgale! De vart uttala, at Herasstyre burde vera nøyare me, kosdan Menna de vart valt inn i Skulekommission. Der burde inkji sita are ell dei best upplyste, Bygde aatte.
 
I Skulekommissione e Presten oftast den beste Stytta før Lærare aa Skulen, aa mykji ha Prestadn der gjort, som dei førtene Takk før, mea de vart framhelde de me, at me dessverre ha Døme paa, at summe Presta bruke si Makt i Skulekommissione paa ein alt anna ell pen Maate overfor Læraro, allaa helst naar Lærarn tøre ha ei an Meining ell den, Prestn lika. – Den Autoritet, som va testees, uttala teslutte, at de han inkji syntes um, va at Autoritetadn her voro sette paa "de anklagedes Bænk", før me maatte hugse paa, at Autoritetadn i Grunne voro dei beste Vinidn, Læraradn aatte. Naar de t. D. va Tale um større Løn, stoo dei støtt paa Lærarn si Sie. Herte vart de svara, at Læraradn nok hadde bere Vini ell Autoritetadn, at de nok inkji va støtt, dei stoo me Læraro. Me løto da hugse paa, at de Peingadn Læraradn faa or Statskassun, ha dei daa langtifraa inkji Autoritetadn aa takke før lell.
 
De are Spursmaale, som vart umrøtt, va Maalsakji.
 
Kjyrkjisongar Berg greidde i eit lengre Fyredrag ut, kosleisse inkje berre her i Lande, men i overleg mange are Land me, Maale ha vørte skubba tesies aa eit framant Maal sett istan, naar eit Følk er kome te ligji unde før fremande Herra, men sosnart dei ha faatt att Fridomen sin, so ha Hugen te di gamle Maale – deires eigji Maal – synt se i Stræve før aa faa innattført de istanfør de, som i ei uheppe Ti hadde vørte tvinga innpaa dei. Han nemde mange Døme paa detta, aa synte, koss dei i mange are Lønd sosom Holland, Polen m. fl. hava sitt Maalstræv plent paa sama Maaten som me her hjaa uss. Han synte bl. a., koss Maale aat eit Følk støtt høve ihop med Følkji sjøl, me di eigendomele nationale i eit Følk, aa ko reint bakvendt de difør e, at me sko vera nøydd te bruke eit Maal, som e truga innpaa uss or eit anna Land, aa som slettinkje høve uss. Han greidde ut, kosleisse Maalstræve her i Lande, som ein vel kan sea begynte me Bergland, ha gjengji fram fraa Ti te an te den Dag idag aa alstøtt vunne fleire aa fleire Vini.
 
Um detta Ebne vart de ein lang aa kvass Ordstri, daa Meiningadn voro svæt ulike: Som ein kunna vente, va de ein Pløttung, som helt me di dansk-norske Maalstræv, aa berre fire taa Læraro voro fullt ut for Norsken. De va fleire, som gjekk me paa, at vaart eigji Maal va nok de beste, men de va alle dei "praktiske Vanskeligheder", som dei ræddas formykji før. Allaa øftast vart de mali uppatt, at naar de berre vøre ei Dialekt i Lande, so kunna de kanskji gaa an, men de e de no eigong inkji, aa difør vilde de, trudde dei, vera faafengt aa stræve før "Maale." Are vilde nok vera me paa aa faa innført vaart eigji norske Maal, men, istan for aa faa eit Landsmaal taa dei forskjellige Bygdedialekti vilde dei byggji paa Oldnorsken.
 
Te Slut greidde Kjyrkjisongar Berg ut um "den nye Rettskrivningsmaate i Skulun", (dei smaae Fyribokstava) men, daa Tie alt va langt framlii, vart de inkji noko Ordkast um de, anna Møte slutta, ette at de va aavgjort, at fyste Møte ska haldas i Aalve Jønsokbel te Aare.
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum