Fraa Sparbu. (Brev.)

 
- - Det, eg no vil prøva å skriva litet Grand um er um Folkehøgskulesamlaget her nordanfjells. Både i "Fedraheimen" og andre gode Blad og serlega i "Bud til Menigmand" hev det voret nemnt, at nokre Vener av den ægte Upplysning hev fylkat seg saman fyr å skipa eit Samlag, som hev til Fyremål å stydja Folkehøgskulen. Kvifyre desse Menn vil stydja Folkehøgskulen framfyre nokon annan Skule, det er fyrdi dei veit, at Upplysning er naudturveleg fyr at eit Folk kann ganga fram og veksa seg saman til Eitt, og fyrdi dei er støde på det, at Folkehøgskulen er det kraftigaste Middel i den Vegen.
 
Den, som vil vera Medlim av detta Samlag, lyt i minsto fyr kvart År betala ei Kr. Dei Pengarne skal brukast mesto til å hjelpa ymse Ungdomar, som hev Hug til å vitja Skulen, men hev for litet Pengar i Pungen. Dinæst vil det senda Menn umkring, som skal freista med det mundlege Ord å hjelpa til og få ned Frækorn, so at Samlingstanken kann veksa seg stor og sterk. Detta er nokot, som alle lyt tenkja ålvorsleg yver. Det er visstnog mange Husfeder i vårt kjære Land, som eig Søner og Døter med både Hug og Emne til å søkja Høgskulen; men so kjem det ein Knut; Midlar vantar! og ikkje alle Gonger er det so, at nokon vil ganga i Åbyrgsel fyre slike og då kann det lett ganga so, at dei vert heima; men tenkje ålvorsleg yver detta Godtfolk, kome i Hug den Guten, som er fødd på Vigmarken i Stjoradal. Det kann vera mange, når dei fær sitt Syn utvidat, um dei ikkje verta so store som han, so vil dei likavævl taka honom til Mynster og ganga i Fotafarom åt honom. Men aa gjera i Veg ein dugande Mann med Upplysningsordet er ikkje helder stort låkare, tykkjer eg. I gamle Dagar foor Menn umkring med Horpa si og spelade og song og gjorde gilde Talur fyre Folket, so det var til stor Hugnad, og Folket forstod og vyrde deim og; Høvdingarne gav deim Gullringar, og kor gjæv Kjempa var, so vilde ho daa vel avlata sin gilde Sess, so Skalden kunde faa eit so heiderlegt Rom, som moglegt kunde vera; men no i vår Tid saknar me iallfall paa sume Stader sovorne Folk; men bøta på detta hev visstnog dei Menn, som stend i Stjorni fyre Samlaget, tenkt, då dei skipad det til. "Bud til Menigmand" hev sagt, at dei snart vil gjera i Veg ein Mann, og han vil visstnog fyrst vitja dei Bygder, der Trongen er størst etter Upplysningsordet.
 
Samlaget hev visstnog mange Medlimer; men eg hev som ei Von um, at det er mange endå som segjest vera Vener av Folkehøgskulen, men inkje er Medlimer. So kann det vera nokre, som segjer som so: "um eg sender i Veg ei Kruna elder ikkje, so er det det same; men den som hev slik Tanke, hev umogleg nokon Kjærleike korkje i det store elder i det småe. Nei Ein må koma i Hug, at Samhelde gjerer sterk, og mange Bekkjer småe gjerer ei  stor Å, og det er kvar Manns Børd etter Emne å lyfta sitt Folk, Er det då nokon av "Heimen" sine Lesarar, som trur, at Folkehøgskulen svarar til Namnet, men ikkje er Medlim, so tenk yver denne Ting!
 
Detta totte eg var naudturvelegt å draga fram no. Det er rettnog skrivet um det fyrr; men ein god Ting kann ein mest ikkje høyra for jamt. Det er eigenleg skrivet fyre dei av Heimens Lesarar, som hev Bustad nordanfyre Dovre; for dei av det sunnanfjellske Folk, som hev Hugnad fyre Saki, vil natturligvis samna seg saman um Samlaget hjå deim. Melda seg kann ein gjera til Skulestyrar Hans Vexelsen, til Prest Fredrik Vexelsen, til Klokkar Næssevold på Bakklandet i Nidaros. I Nidaros hev og dei tvo andre Heimstad.
 
Folkehøgskulesamlag i Bratsbergs Amt. Denne Tanken, at Vener aat Folkehøgskulen skal gjera Samlag til aa fremja Folkehøgskulesaki, er ogso uppteken av Menn paa Vestlandet, som vil faa istand eit Samlag fyr Kristianssands Stift. Nokre Menn i Bratsbergs Amt hev no bodet inn Vener aat Saki til aa skipa til eit slikt Samlag fyr det Amtet. Stjorni fyr Samlaget vil seinare avgjera, um det skal vera ei Avgrein av Stiftsamlaget elder um det skal freista verka paa eigi Hand. Etter dei Fyrehandsloger, som er vedtekne, tenkjer Samlaget aa fremja sitt Maal ved friviljuge aarlege Pengetillegg og paa den Maaten, at Medlemerne arbeider fyr, at Folkehøgskulesaki vert kjend og kjær i deira Umkverv. Medlem av Samlaget vert kvar ein, som legg til minst ei Krona um Aaret.
 
Knut Monsson Lyngbø hev no endeleg teket paa seg, at han hev drepet Barbro Olavsdotter. Han segjer, at han gjorde det i Sinne, og at han fyrst gav henne eit Slag med knytte Neven, men at han ogso gav henne eit med Treskoen hennar.
 
Kongen og Kronprinsen kom til Kristiania igaar ved Kl. 9 ½ Fmd.
 
Studentsongararne for avstad til Paris igaarkveld med Dampskipet "Harald Haarfagre". Fyrst samladst dei ved Kl. 9 i Midtbyggnaden paa Universitet og song der "Ja vi elsker dette Landet"; deretter tok dei upp til Slotet og gav der dei fleste av sine Parissongar fyr Kongen og hans Fylgje; det fylgde med ein utalleg Folkemugje, so heile Parken var full av Folk. So bar det ned til Bryggjurne baade med Studentarne og Folkehopen, og ved Kl. 11 gjekk Skipet avstad med Song og Hurra. Eit Fyrverk med Rakettar og romerske Ljos gjekk upp fraa Skipet og fekk Svar og Helsing av same Slaget fraa alle Kantar av Hamni.
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum