Fraa Dyreheimen.

 
Orang-Utanen og Sjimpanse'en.
 
Orang-Utanen finnst mest paa Øyi Borneo; han er berre sjeldan aa sjaa paa Sumatra, og andre Stader hev han ikkje voret funnet. "Orang" tyder i Malay-Maalet Mann, "Utan" er Skog, og ein Orang-Utan vil segja so mykje som ein Skogmann. Aa skriva og segja Orang-Utang er galet; men Namnet Skogmann høver retteleg væl. Dyret er 4 til 5 Fot høgt, og er soleids nære ved som ei Menneskja paa Storleik. Han er oversleg sterk, modig, sløg og so seiglivad, at det er bisnelegt. Naar han er saarad, vert han endaa i lang Tid farande fraa eit Tre paa eit annat, riv av store tjukke Greiner og hiver deim med Skrik og Leven paa den, som elter honom. Ferdamannen Wallace hadde i Aaret 1865 skotet paa ein Orang-Utan og raakat honom med 5 elder 6 Kulur; daa han stupte ned fraa Treet, viste det seg, at baade Baklemerne hans var av, Hoftebeinet og Roti av Ryggen var sundskotne, i Nakken og Kjaken sat flatslegne Kulur, og endaa livde han. Det er ikkje andre Dyr enn Krokodilen og Pythonormen som vaagar rjuka paa Orang-Utanen; alle er rædde honom, og dei tvo greider han og, naar dei gjev seg i Kast med honom. Paa Krokodilen truskar han sund Hovudet og riv upp Barken; Pythonormen triv han med alle fire Hender og gjev Bit i Bit yver all Kroppen, til han er daud.
 
Det hev voret skronat mykje um Orang-Utanen; men um Ein skil fraa alt Dikt, vert det endaa nok att til aa gjera honom til ein forvitneleg Skapning. I Villmorki er det ikkje godt aa faa Tak til aa sjaa paa honom, fyrdi han er folkestygg; helder ikkje er han god aa fanga livande, for han er baade lidug og ofseleg sterk, og det er ikkje raadelegt fyr Nokon aa gjeva seg i Kast med ein fullvaksen Orang-Utan; det lyt vera Tvo elder Tri og dei lyt hava gode Verjur, skal det vera tenkjande paa aa vinna paa honom. Dei Orang-Utanar, me kann sjaa i Dyrehagar og Dyresamlingar elder og stundom hjaa rike Folk, det er Dyr, som er fangade unge; og i Fangeskap vert dei aldri fullt utvaksne; dei døyr stødt tidleg. Vaart Veerslag toler dei slett ikkje.
 
Sjimpanseen elder den adrikanske Orang-Utanen liver i Øvre- og Nedre-Guinea og held til i Flokkar i Skogar, der det er lite folkekjømt. Han vert ikkje høgre enn 3-4 Fot; han er soleids ein god Mun mindre enn Orang-Utanen, men likevæl ein sterk Kult, og kann vera mykje faarleg fyr Veidarom. Den sterkaste og modigaste i Flokken er Fyregangsmann; merkjer han nokon Faare, so ropar han Varsku. I same Stund fyk dei fraa kvarandre, og i ein Kipp er dei utor Augom komne; alle saman hev klivet upp i Trei, sume her, sume der, snøggt som Eldingen, og hev gjøymt seg i Lauvet. Fraa Gjøymestaden sin læt dei høyra ei sinnad Gjøying; men Føraren vert standande paa Vakt til aa sjaa, kvat som etter kjem. Læt Ein Dyri vera i Fred, so hev ein ikkje nokot Vondt aa otta av deim; dei tek ikkje paa nokon utergade, som Gorillaen gjer; men skyt Veidaren og saarar elder drep Nokon av det store Laget, so vert Hodyri att til aa verja Ungarne, men Handyri renner i rasande Sinne paa Mordaren, og Gud betre honom daa, er han aaleine! Daa er han ein livlaus Mann; Sjimpanse'arne drep honom og riv honom sund, det er ikkje Bøn fyr det.
 
Blaamennerne er fælande rædde Sjimpanse'en. Dei er stride paa, at han vert 6 til 7 Fot høg, og at ein einaste er Kar fyr aa standa imot tie Menneskjur; einsleg maa Ein ikkje vaaga seg ut, vil han ikkje ganga med den Otten, at Sjimpanse'en skal rjuka paa honom og slaa honom ihel; Smaaborn, jamvel Gutar paa 8 Aar, dreg han ofta til Skogs og held der i mange Aar; einslege Negrar vert ofta drepne av honom, og Elefantar vert jagade utor Skogen med Paakar; ein gamall Sjimpanse kann ingen faa livande i si Magt.
 
Her er utan Tvivl Mykje diktat attaat, men visst er det, at enno hev ikkje nokon fullvaksen Sjimpanse voret livande i ein Europæars Eiga elder sedd tamd av nokon Europæar. Dyri vert stundom tekne unge og førde til oss; men til dessa hev dei stødt daaet av Lungesott det fyrste elder andre Aaret dei var i Fangeskap; Veeret er her for kalt aat deim. Paa Heimstaden, naar dei er fangade unge, vert dei upptamde til mangehanda Syslur, som dei greider rett godt; dei syner Handlag, Merksemd og Umtanke. Dei hentar Vatn i Krukka fraa Bekken, ber tunge Ting, støyter i Mortar, vender Steikjeteinen o. m. fl.
 
 
Orang-Utanens Ans og Umtanke.
 
Det er bisnelegt, kor upplagt Orang-Utanen er til aa merkja seg og taka etter, og kor reint  menneskjelegt han difyr steller seg, naar han er halden i Fangeskap. Han gjer seg upp eit Læger, som liknar ei Seng, rister det upp, jamnar det, legg seg nedi og breider yver seg. Han tek gjerne Klæde paa seg, et som ei Menneskja med Skjeid og Gaffel, turkar av Lippurne med ein Handduk, drikk (og daa helst Malaga-Vin) av Glas, ber Stolen innaat, set seg paa honom, flyt honom attpaa sin Stad etter Maaltidi, lærer aa henta Vatn, kluva Ved, læt upp og att Dørerne – og alt detta gjer han ikkje fyrst, naar Ein hev lært honom upp til det, men han ser etter, skynar det og gjer det etter. Alt Nytt, som han kjem yver, granskar han væl og nøgje, fingrar det, skodar det fraa alle Sidur, freistar aa opna det elder taka det sund, og denne Granskarhugen og dette Anset i honom gjer so mykje, at han lærer ein heil Haug. Men det er Ettertanke i honom og. Han er mykje hendug til aa løysa Knutar. Men vil det ikkje ganga, hev han freistat fraa alle Sidur utan Nytte, so fatar han Knuten paa den eine Sida og tek so i og dreg med baade Framhenderne paa ein Gong. Maria Louise, andre Kona aat Napoleon den Fyrste, hadde ein Orang-Utan, som gjerne leikad seg med tvo Kattar; desse reikad og krabbad ikring paa honom, og det hende daa av og til, at Apekatten vart klorad. Daa tok han Kattarne paa Fanget, treiv Labbarne deira, og naar han hadde funnet Klørne, som hadde rispat honom, so prøvde han aa riva deim utor. – Ein kann setja ei Lekkja um ein Orang-Utan og festa Lekkja med ei Hempa i Golvet. Men han likar ikkje aa vera bunden; han finn seg eit høvelegt Trestykkje elder riv ein sterk Saum utor Veggen og brukar til Handspik, sting honom innunder Hempa fyr aa brjota henne upp. Um han kann ha sett slikt gjort nokon Gong, elder um han hev tenkt seg ut Raadi sjølv, det er ikkje greidt aa segja. – Romet sitt held han reint, ber inn Vatn og skurar det væl med ei Filla. Paa Hender og i Andlit tvær og turkar han seg og. Hev han illt i Hovudet, so bind han ein Duk um Skallen paa seg.
 
Kvat kunde Ein ikkje faa gjort ut av det Dyret, dersom det kunde tala? Dei Innfødde paa Borneo segjer, at det kann nok tala, men er for klokt til aa gjera det, fyr at dei ikkje skal tvinga det til Arbeid.
 
 
Apekatt-Upprør.
 
Det er kjennt, at Apekattarne er fælt arge heime i Villmorki si, og i Fangeskap er dei helder ikkje truande. I Juli 1865 kom det ein ny og - er det likt til – nokot morsk Gjætar til Dyrehagen i Antwerpen, og daa han fyrste Gongen med Paaken baud dei Herrar Firhendingar vera so gode aa draga seg undan fraa Gardsromet og inn i sine Visterom elder Bur, flaug dei alle, liksom det var avtalat, uppaa Taket, so nær som ein gamall Orang-Utan, som vart standande og gjorde fælslege Avlæte, rengde Augo, flekkte av Tennerne, reiv seg attmed Øyro, det er Mark paa at han er sinnad. Gjætaren lagde til med Paaken att, men daa vart han full-vill, han sprang uppaa Ryggen hans, beit sund Øyresniplarne og flengde Kjakarne hans. Men dette var Teknet fyr dei andre; heile Apekattfolket styrmde ned av Taket, slo Gjætaren aat Marki og reidde honom gruseleg til. Han ropte paa Hjelp, og dei andre Gjætarar kom rusande med Paakar og Peisar; men Apekattarne bidad deim ikkje paa Slagstødet, men flaug som ein Vind uppi Buri sine, med det same dei saag deim. Den fyrste Gjætaren hadde meir enn 20 Saar og var ikkje utan Livsfaare.
 
 
BuffonsSjimpanse.
 
Dei unge Sjimpanse'ar, som sumtid vert uppalne av Europæarar, viser ikkje Spor av Illska; tvertimot, dei er godlyndte, venlege og tyder seg gjerne til Folk. Dei set seg med til Bords, et med Skjeid og Gaffel, skjer med Kniven, drikk av Glaset, og turkar seg um Munnen med Salveten, legg seg til aa sova som ei Menneskja, dreg Aabreidsla væl yver seg og er i det heile ferme og lyduge Dyr, som Ein ikkje tarv driva med Paak elder Svipa, som mange andre Apekattar. Buffon hadde ein, som førde seg mykje høvisk ved Tebordet; han skjenkte sjølv Mjolk og Te aat seg, hadde Sukker uppi Koppen og ventad no, til Teen var kald. Ofte gjekk han Arm i Arm med sin Herre att og fram i Stova.
 
 
Ein  Apekatt fær sin Vilje fram ved aa truga .
 
Løytnant Henry Sauers saag eit snodigt Spel av ein ung Sjimpanse, han hadde. Apekatten hadde honom mykje kjær, var skripen og smeikte fyr honom paa alle moglege Vis, men for elles aat som eit vantugtat Barn. Det var ein Gong Sayers negtad honom ein Banan, som han var hugad paa; det var hans beste Mat; men daa all Godlæta ikkje hjelpte, vart Apekatten ill og yr, han rennde med Hovudet mot Veggen Gong paa Gong, sprang so uppaa ei høg Kista, slo ut med Armarne reint hugsprengd og støypte seg hovudstup utyver. Det var skilleg som aa sjaa ei Menneskja, som kastar seg uti Vatnet elder støyper seg ned fraa eit Torn. Løytnanten var rædd fyr Livet aat Dyret og gav det Bananen, som Sigraren i Striden no tok og aat upp med stor Gilda. So ofte som det no ikkje vilde lukkast fyr honom aa setja sin Vilje igjenom, so leest han vilja tyna seg; og det plagad hjelpa og. – Var ikkje denne Apekatten vel so vitug som sin Herre?
 
 
Saarad Ærekjensla.
 
Paa Skipet aat Kaptein Grandpret skulde det takast med til Amerika ei Sjimpanse-Hoa, som hadde eit framifraa Vit. Ho arbeidde skilleg som ein Sjømann, og vart og soleids medfari av heile Skipsmannskapet; ho revad Segli mykje greidhendt, batt dei fast med Umhug, hjelpte til paa alle Maatar, vatt upp Ankartoget og eldad Bakaromnen desshelder. Ho varad seg daa væl, at ikkje nokot av Gløderne gjekk til Spilles elder gjorde Skade, prøvde nøgje Hiten, og fyrst han var maateleg, gjekk ho etter Bakaren. Alt det ho gjorde var vælgjort og paa ein Prikk, og i all si Framferd var ho godlyndt, snild og ærleg. Eingong hadde Styrmannen mistenkt henne fyr eit Apestrik og refste henne uskyldug. Den urettvist pinte Stakkaren synte med Minur og Læte sin Harm; men daa Hjartat aat Pinaren ikkje mykladst av det, fall Apa ned fyr honom, lagde ihop Henderne og rette deim bedande ut imot honom. Det hjelpte ikkje helder. Den hardlyndte, raae Styrmann slo og spente det arme Dyr og ansad ikkje alt det ho vreid seg. Endeleg kunde ho ikkje halda lenger ut, Viljekrafti og Mottaket traut; Apa gjorde ikkje meir nokon Freistnad paa aa avvenda den uforskyldte Medferd; ho lagde seg ned og let honom halda paa. Men ho var for djupt krenkt, for styggt vanærad, - ho tok ikkje Føda til seg meir og gav seg soleids sjølv Dauden. Sjømennerne gjorde seg den utenkjelegaste Umak fyr aa faa henne til aa eta; dei kom med dei Matslag, ho likte best, til henne og for væl med henne paa all Vis, - ho var takksam og blid fyr denne Kjærleik, men ho var fast i det aa ikkje vilja njota Nokot. Paa femte Dagen døydde ho, syrgd av alle Sjømennerne som ein trugen og god Felage. - Hadde ho voret ei Menneskja, so vilde me segja: Ho tok Livet av seg av krenkt Ærekjensla; kvat skal me segja um Apekatten?
 

 

Frå Fedraheimen 20.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum