Utlandet.

 
Det sidste Kongressmøte varde fraa 2 ½ til 4 um Laurdagen. Semja, som inneheld 58 Artiklar og er trykkt paa Pergament, vart underskrivi av Statsmennerne, etter som Landi fylgjer etter kvarandre i Bokstavrekkja, og innsiglad, og so skal ho daa vara til æveleg Tid. Etter Underskrivingi bar Andrassy fram i varme Ord ein Takk fraa Stemna til Bismarck fyr det, han hadde gjort til aa faa det store Verk i Stand. Bismarck svarad paa detta og slutad Kongressen. Eit Middagsgjestbod vart haldet paa det kongelege Slot, og her heldt Kronprinsen ein Skaaltale paa Fransk fyr Freden og dei Suverænar og Regjeringar, som hadde gjenom sine Umbodsmenner underskrivet Semja i Berlin.
 
Ser-Semja millom England og Turkiet hev gjort eit laakt Inntryk i Midelhavslandom, og mest i Frankrike. Detta Kastet av Lord Beaconsfield held dei der fyr ei rangvis Handling mot ein velhugad Granne. Styresbladi talar med Hov og Varsemd um det, men læt likevel so, at Midelhavslandi, og deribland Frankrike, ikkje kann vera nøgde med Semja. Moniteur (orleanistisk) segjer, at England hev teket sin Lut av Kaka, og liknar det attaat ein Hund, som ber Morgonverden aat sin Herre og forsvarar 'n berre so lengje han ser si Vinning ved det. Frankrike sit still og ser paa, dei slæst um Leivingarne av det ottomanske Rike; det læt dei andre Hundar eta og vil ikkje hava nokot sjølv – eit merkjelegt, um enn ikkje audmykjande Høve, som Frankrike burde haldet seg undan ved aa ikkje vera med paa Kongressen. Alt vilde ha gjenget like eins utan Frankrikes Medverknad, korkje verre elder betre, men Frankrike kunde daa ha tveget Henderne sine i Uskuld. Cypern er ei gripa Vinning fyr England, daa det er eit glupt Støde til aa forsvara Ægypten og Litleasia, men det er ei av dei Vinningar, som kostarmeir enn dei er verde; for den Pligti aa forsvara Turkiet mot Aatsøknad er aalvorsleg og kann i sume Høve verta vanskeleg nog. Elles tek dei ymse Partiblad Tilfelle til aa sneida kvarandre fyr det Motstandararne hev gjort elder kunde ha gjort.
 
République francaise (Gambettas Blad) skriv: "Den engelske Regjering tok fyrst paa seg ei riddarleg Mina som Forsvarar av Semjurne og Jamvegti, men hev no fyrt av eit diplomatiskt Pistolskot, som ikkje vil auka hennar Æra. Skuldande paa, at det vil verja Turkiet og tryggja Freden i Austerland, tek ho eit Stykkje av den Kaka, som er bodi Folk med ein Mathug, som ikkje er driven av Samvitet til aa vanda. Midelhavslandi ser sine Vedkomur sette paa Spel og Kongressens Vyrdnad er krenkt av England, som no hev sleget inn paa den krokutte Sersemje-Stigen, som det so nyleg sette set imot. Med denne asiatiske og venetianske Politikk hev England sjølv teket den Rolla, som Ryssland vart so aalmennt fordømt fyr. Lord Beaconsfield hev svigtat seg sjølv ved aa taka til seg ei Øy som han kann hava eit Auga med Sueskanalen og den framtidige Eufratjarnvegen fraa; vilde han ikkje ansat etter Europa, burde han iminsto raadspurt Midelhavsriki. Det er alt mykje aa vera Herre paa Gibraltar og Malta; det kann henda, at det vil vera for mykje aa raada yver Cypern og styra Lagnaden aat det asiatiske Turki. Det ligg Rike ved Midelhavet, som hev Vedkomur aa taka i Vare i Austerland, og som kunde krevja aa faa leggja eit Ord med i Laget, naar det gjeld Siglingi paa det store Hav, som slær imot Græklands, Italias, Frankrikes og Spanias Strender. Tru Lord Beaconsfield i sine Tusund og ei Natts-Draumar hev tenkt paa detta?" Det høyrest likevel ogso spakare Røyster i Frankrike; det finnst jamvel dei Blad, som godkjenner det, som er gjort. Journal des Débats tek soleids til Ords imot det Paastand, dei andre Blad hev haldet fram, at England hev spelat Komedi med hitt Europa og sviket dei ueigennyttuge Grunnsetningar, det sette upp i Salisburys Sendebrev av 1ste April. Det franske Blad gjer gjeldande, at England hev faafengt leitt etter kraftig Tilstudnad aat sine Meiningar, og at det vart nøydt til aa ganga paa eigi Hand, etter di at korkje Austrike elder Tyskland, Frankrike elder Italia brydde seg det minste um, korleids det gjekk med det asiatiske Turki. Bladet tykkjer endaa, det er ille, at ikkje Austrike hev gjort like eins og sett upp ei Sambands-Semja med Porten, so at det aabyrgslade Turkiets Landeiga i Europa, for denne kunde trengja fullt so vel aa stydjast av ei europæiskt Magt som den asiatiske Eiga. Austrike i Europa og England i Asia kunde daa tilsaman ha sett ein Mur fyr Rysslands Framtrengjing mot Sud.
 
I Austrike er det den aalmenne Meining, at den engelsk-turkiste Sersemja vil vera til Bate fyr Turkiet, og at Austrike ved den hev fenget friare Hender i det europæiske Turki.
 
I Ryssland segjer dei, at denne Semja slett ikkje kom nokot uventande. Ryssland visste longo sidan full Greida paa Englands Planar; Semja vart i Hovudsaki avtalat, medan Sjuvalof reiste fram og attende millom Petersborg og London, og Beaconsfield tingad med Porten, medan Salisbury tingad med Ryssland.
 
I Tyskland læt Bladi i det Heile vel um Englands Framferd.
 
Hödel er dømd fraa Livet. Han hev like til det sidste stadet fast paa, at han vilde skjota seg sjølv og ikkje Kjeisaren.
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum