Um Taalsemd i Tru1) og Meiningar.

 
III.
 
Og det er ikkje so greidt held. Det er med Taalsemdi som med andre store Tankar: han er lettare um snakka enn etter liva. Der er ein Knut paa denne Taalsemdtanken, og den er so vand aa løysa, at det i Grunnen vert Faae, som er tolerante i den rette Meining av Ordet.
 
Tingen er den: mot Lygni gjeng det ikkje an aa vera tolerant; den maa Ein strida mot som best Ein kann. Men dersom eg strider ærlegt mot Lygni, gjeng det daa an aa spara Lygnaren?
 
Dersom eg trur fast og ærlegt paa Mitt, so er det sjølvsagt, at eg held det Motsette av Mitt fyr usannt og meinslegt; hev eg daa Rett til aa hjelpa den Mann fram, som eg veit vil gjera alt Sitt til aa breida ut denne usanne og meinslege Tru? Er det ikkje mi Børd og Skylda aa halda nede alle dei, som arbeider fyr aa fremja det Usanne? Dersom eg rolegt ser paa, at Lygndomsmennerne fær Magt og Medhelde, fer eg ikkje daa aat som ein Svikar mot mi eigi Tru, ja som ein Svikar imot Sanningi?
 
Den gamle Setningen, at Ein skal "føra Krig mot Lygni men halda Fred med Lygnaren", er, som Ein av detta ser, ei so kunstig Avskiljing (Abstraction), at han litet duger i Livet, ja ryk upp just i dei Tilfelle, daa det mest galdt um.
 
Ulukka er, at dersom Ein let Lygnaren njota full Rett, so fær og Lygni nokot av den same Retten. Lat oss taka eit Døme. Kyrkjestyret vaart er rettruande skrifttheologisk og held dermed alle Grundtvigsmenn fyr Berarar av Usanning og Ufriskdom. No søkjer ein Grundtvigsmann eit Prestekall. Dersom han fær detta Kallet, so vil han faa Tilføre til aa preika sine Lærdomar i Aarevis fyr Tusundtal av Landsens Kyrkjefolk. No held Kyrkjestyret desse Lærdomar fyr usanne. Dersom det daa er ærlegt i denne si Meining, kann det daa med heil Hug gjeva Mannen Kallet? - Nei, vert det svarat. So lyt daa Mannen svelta fyr Skuld si Tru. Det er so grov ein Intolerans, som han kann finnast. Men kunde Styret fara onnorleids? –
 
Daa Julianus Apostata førde sin Strid mot Kristendomen, visste han godt, at han burde vera tolerant, og han var ein so god Mann, at han og vilde vera det. Han vilde føra Krig mot dei kristne Menns Tru, men halda full Fred med sjølve dei kristne Menn. Men Tankefloken synte seg strakst. Daa dei Kristne allstad tok Kristendomen med seg, vart han nøydd til aa stengja dei ute fraa alle dei høgre Postar; og som Tidi gjekk, vart dei meir og meir utestengde fraa alt, og fekk mindre og mindre Rett; tilslut vart dei og utestengde fraa Skular og Upplysning. So vart Julian, trass i alle sine Toleransdraumar og trass i sin gode Vilje, ein fullkomen Forfylgjar, som vart nøydd til paa alle Leider aa strida mot Tankar med Magt, mot Aand med Kjøt. – Og soleids jamt.
 
Likevæl skulde Floken vera greidande. Det er Uraad aa tru, at tvo Tankar, som er sanne kvar fyr seg, skulde koma i uløyseleg Strid seg imillom. Og er dei i Strid, so maa Grunnen vera søkjande i andre Ting, som paa eikor Gjerd er rettande paa, um ikkje strakst, so sidan, ettersom Verdi gjeng fram i Klaarsyn og Folkeskikk.
 
Der er ein Maate aa vera tolerant paa, som er gamall kjend, men endaa litet tess; det er naar Folk er reint likesæle og ikkje trur paa nokon Ting; daa kann det eine vera plent so godt som det andre, so det ikkje er Bryet verdt aa vera utaalsame. Men slik Taalsemd er verre enn den verste Intolerans, liksom Daude er verre enn tilmed det villaste Liv. Det er betre, at Folk trur, og so slæst um Truer og Meiningar, enn at dei er so merglause, at dei ikkje kann korkje tru elder tenkja og dermed liver "udi brutal Samdrægtighed", som Holberg talar um. Den rette Taalsemd maa soleids vera samd med ei fast og ærleg Tru. Og daa er det, at det knip um aa greida Floken.
 
I rette Røyndi er væl Ulukka just den, at Folk er for litet faste og støde i si Tru og sine Meiningar. Til aa vera i Sanning taalsam, skal der nettupp ei sterk Tru og den fullaste Vissa. Ein maa tru paa si Meining so tryggt, at Ein aldri tvilar paa, at ho er den rette Sanning, ja Ein maa vera so stød i detta, at Ein tykkjest sjaa, at alt, som gjeng fyr seg, um det so ser aldri so galet ut, daa likevæl maa bera fram til det, som Ein ser er rett og sannt. Men samstundes krevst det, at Ein er so liten i seg sjølv, at Ein vedkjennest, at Ein so langt ifraa hev Sanningi heil, at Ein just er glad med alt nytt, som kjem upp, og som kann føra Sanningstrævet aldri so litet fram. Det skal mykje til aa hava ei sovori Tru; det krevst ein Klaarskap og eit Djupsyn, som ikkje er til Faaings fyr Godtkaup, og som daa ogso er overlag sjeldsynt og sjeldfengt, utan just millom dei Beste og mest Klaartenkte.
 
Det maa ikkje vera ei "Kolbrennartru" elder blind Autoritetstru detta; for den er av sjølve Fødesupplaget intolerant. Dersom du byggjer di Tru paa, at "den og den hev sagt det", so vert det ei Livssak fyr deg aa hava mange med deg paa den Trui; for her er det "Mengdi som gjer det"; og kvar Ein, som ikkje bøygjer seg fyr den same Visingen (Autoriteten) som du, vert dermed strakst til ein Fiende, som det er ei Sælebot aa tyna. Ikkje maa det helder vera ei Tru, som er bygd upp einast paa det Grunnlag, at Ein tykkjest trengja um ei slik Tru fyr aa kjenna seg heil og sæl; for all Tru, som er botnad paa den einskilde Manns Kjensla er i sin eigen Grunn intolerant. Kjem det daa Ein, som trur nokot annat, so finn du strakst, at han er eit Uvette og eit Djævels Ting, som vil øyda din Sjælefred og gjera deg sjuk og taka fraa deg dine Voner; og eit slikt Uvargasdyr finn du strakst, at du bør forfylgja.
 
Nei, den Tru, som i Sanning skal vera tolerant, maa vera bygd paa ei klaar Viting av, at det, du her trur, er det, som i seg sjølv er sannt, so at det er det, som ligg under i alle Meiningar og i all Strid, og som dermed av seg sjølv maa vinna seg fram og leggja under seg alt og alle. Den aaleine kann vera tolerant, som hev fenget Auga paa det Grunnsanne i alt Liv og Tilvære, so han ser, at alt annat, som vert trutt og meint, berre er liksom Stykkje paa Vegen fram til det, som han øygnar. Dermed fær han daa au sjaa, at i alle dei Meiningar, som er uppe aa stridest, so er der altid nokot som er godt og som bør vinnast fram. Og han vil jamt finna, at ei Tru maa vera just slik som ho er, naar ho skal kunna faa fram det Gode, ho eig i seg. Livet er so mangslunget og mangevoret; det treng mange Arbeidarar og mange Tankar. Det, som Ein ikkje kann gjera paa sin Maate, det gjer ein Annan paa sin. Det hev enno aldri voret ein Mann elder eit Lag, som hev raadt med alt og havt Syn fyr alt; dermed trengst det mange Menn og mange Lag og - mange Syn, um det fulle rette Samspil skal koma fram og Livet trivast.
 
Paa den Maaten fær sjølve det Einsynte og Einskakke sitt Verde og si Vegt. Ein talar so tidt um det, at "der er nok nokot godt" hjaa den elder hin Flokken, men det er so leidt med det Einsynet; det skjemmer det gode ut att, meiner Ein. Den, som hev den rette klaare Tru, han vil strakst sjaa, at Einsynet høyrer til. Det finnst sumt, som maa liksom barkast inn i Folk; dei maa høyra det, uppatt og uppatt hundrad og tusund Gonger, fyrr dei lærer det, og dei maa, aa kalla, høyra det aaleine. Daa reiser det seg jamt ein Flokk, som just hev Syn fyr detta eine, og som altso driv paa med det baade tidleg og seint, alt til dess det gjeng inn i Folketanken og fær Fotfeste i Livet. Dermed hev den Flokken gjort Sitt, og vil fyr det meste løysa seg uppatt; men kvar vitug Mann skynar, at det Gode, som Flokken gjorde, det kunde han gjera einast av di at han var "einsynt," – var som han var. Ein Fylking med eit vidare Syn hadde ikkje greidt det; for di vidare Syn, di større Arbeidsmark, di mindre Kraft paa kvar einskild Punkt, og di mindre Bidlund til aa driva einsleg paa berre med den serlege Tingen, som Folket og Livet just i den Stundi trong. Difyr er det Tull mykje av denne Sutringi fyr "Einsyn" og slikt. Der er Meining i all Ting; og naar Livet stødt avlar fram Einsyn, so er det av di det hev Bruk fyr det. Og Livet kann Ingen lasta, naar han ikkje attaat vil lasta Livsens styrande Magt. -                           
 
1) "Tru" er i detta Stykket brukt i vidaste Meining.
 
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum