Skule og Upplysning.

 
Den engelske Naturgranskaren Thomas Henry Huxley hev fyr ei Tid sidan haldet ein Tale fyr ein stor Aalmuge i London um Brester og Mistak ved Ungdomens Upplæring i vaar Tid. Denne Talen hev det voret lagt mykje Merkje til baade i England og utanfyr, og endaa Huxley sjølvsagt hev Augat serleg fest paa Skulestellet i England, som i den Vegen – liksom i mange andre – enno heng i det Gamle meir enn nokot annat Land, og um enn ikkje alt det, han segjer, er til aa skriva under paa utan vidare Gransking, er daa Skulespursmaali no um Dagen so "brennande" hjaa oss og, at me trur, det kann vera Mun i aa høyra, kvat ein av dei største Vitenskapsmenn i vaar Tid segjer um eitt av desse Spursmaal; me tek inn det, han segjer um Verdet av dei klassiske Maal, Latin og Græsk, fyr Ungdomens Upplæring i vaare Dagar. Det er eit Spursmaal, som no fyr Tidi er uppe i heile Europa; det hev voret mykje granskat og umtalat av dei fremste Menner i dei ymse Land, og det er kannhenda rett aa leggja til, at langtifraa Alle er samde med Huxley. – Etter at han hev sagt, kvat det er fyr Kunnskapar Skulen bør gjeva deim, som vil vinna ei høgre Aalmenndaning, held han soleids fram:
 
Kvat set den høgre Skule i Staden fyr alle desse Læreemne, som er utestengde? Jau han set dei klassiske Studia, dei kalla, d. e. Maal, Bokliv, og Soga aat dei gamle Grækarar og Romarar og av Geografien so mykje, som handlar um den Lut av Heimen, desse tvo store Fornfolk kjende. No maa De ikkje tru, at eg vil mismæta eit aalvorslegt og upplyst Stræv fyr aa vinna klassisk Daning. Eg hev ikkje den ringaste Hug til aa laata ille um slike Arbeid, helder ikkje vil eg paa nokot Vis vera med og døyda deim. Tvertimot, hadde Tilhøvi ført meg inn paa den Vegen, finnst det ingi Grein av Vitenskapen, eg vilde med større Ihuge ha kastat meg paa enn Granskingi av Gamle-Verdi.
 
Kann nokon Vitenskap draga sterkare til seg enn Filologien? Korleids skulde Ein, som elskar bokleg Meisterskap, kunna annat enn gledja seg ved dei gamle Meisterverk? Og kvatslags Stødleik var det eg viste, um eg, som legg so stor ein Lut av mitt Stræv paa det aa greida det Framfarne og byggja upp tenkjelege Skapnadar av dei umstraadde Brot av longo sidan utsloknade Tilvære, um eg ikkje hadde ei samhugfull, um og ulærd, Forvitna fyr Verki aat ein Niebuhr, ein Gibbon og ein Grote? Den klassiske Soga er ei stor Avgrein av Fornkunna um Menneskja, og eg hev same tvifelde Vyrdnad fyr denne som fyr andre Slag av Fornkunna, det er Vyrdnad fyr dei Røynslur, denne Vitenskap umfemner, og endaa større Vyrdnad fyr den Fyrebuing, han gjev til aa uppdaga Logi fyr Utviklingi.
 
Men um og den klassiske Lesnad vart driven paa det Vis, som han burde drivast, - um Gutar og Gjentur vart skulade i Græsk og Latin ikkje berre fyr Skuld Maali men til aa faa Syn paa den filologiske Vitenskap; um eit livande Bilæte av Livet paa Middelhavsstrenderne fyr 2000 sidan vart fest i Hugen paa Næmingarne; um Forn-Soga vart lærd ikkje som ei tjaaleg Rekkja med Krigar og Slag, men soleids at ho vart etterrøkt i sine Orsaker, som er aa finna i dei elder dei Menneskjur, som hev voret i dei elder dei Høve; um endeleg dei klassiske Skrifter vart dyrkade paa slik Maate, at Næmingarne kom til aa hugleggja og hugfesta det Fagre i deim og det storfeldt Einslungne i Maaten, dei set upp den ævelege Fyreloga fyr Menneskjelivet paa, i Staden fyr aa prenta i deim allskyns Serskap i Ord og Ordfelling, - so trur eg likevæl, at dette Studium vilde vera like so lite fallet til aa utgjera Grunnvollen fyr ei høgre Aalmenndaning i vaar Tid, som eg trur at det skulde vera tenlegt aa gjera den Grein av Fornkunna, som og er kjend med, til Ryggen i den nyare Uppskuling.
 
Det er snodigt, kor høvsam ei Likning Ein kann draga upp millom det klassiske Studium og den Fornkunna, eg meiner. Allra fyrst skulde eg vera Mann fyr aa setja saman ei Lærebok i Beinkunna fyr Næmingar, so smaagløgg i sine Kunstord, so heiltupp motberleg fyr dei Unge, at ho i alle desse utmerkte Eigenskapar skulde gjera Skam paa alle dei nyaste namngjetne Yverlærarverk. Dinæst skulde eg øva Gutarne mine paa lette jordgravne Leivingar fraa Fornheimen og tvinga fram all den Gløggskap, dei eig, ved aa bruka mine bein-grammatiske Reglar til aa tolka og setja saman desse Stykkje. Aat deim, som var komne upp i dei øvste Klassur, skulde eg gjeva nokre underlege Bein, som dei skulde byggja upp Dyr av, og Løn og Æra skulde den faa, som var den Beste til aa skapa Underverk etter Reglarne. Det skulde svara til Vers- og Stil-Skrivningi i dei daude Maal.
 
Ein stor samanliknande Anatom skulde altid koma til aa rista paa Hovudet, naar han fekk sjaa desse Verk. Men um so var, tru Likningi difyr skulde verta mindre sann? Kvat trur De, Cicero elder Horats vilde segja um ein latinsk Stil skriven av den Beste, som gjeng ut fraa vaare Skular? Og tru ikkje Terents vilde halda attfyr Øyro og renna sin Kos, um han var til Stadar og saag eit av sine Stykkje spelat av engelske Skulegutar? Tru Hamlet, i Munnen paa ein Flokk franske Skodespelarar, som endeleg skulde tala ut dei engelske Ord etter Reglarne fyr sitt Moermaal, skulde vera meir motberleg og laatteleg?
 
De vil leggja imot, at eg gløymer den Hugen fyr dei Fagre og det Aal-menneskjelege, som dei klassiske Studia vekkjer. Dertil svarar eg, at det er berre ein sers kraftfull Mann, som kann rett agta Friddi i eit Landskap, samstundes som han arbeider seg upp ei bratt høgd etter ein laak Vet. Er me andsloppne, er det fullt av Stein og Hol i Vegen, hev me Hovudet fullt av Tankar um, korleids me best skal stella det med Kvilingi, daa vil dei Fleste av oss hava berre lite Ans fyr det Fagre. Den aalmennelege Skulegut er nettupp i same Høve. Han finn Vegen til Parnasset utendes bratt, og det er ikkje trulegt, at han fær stor Tid elder Lyst til aa sjaa seg ikring, fyrr han naar Toppen. Og i nie Tilfelle av tie naar han aldri Toppen.
 
Men er dette eit sannt Bilæte av det, som vert vunnet ut or den klassiske Upplæring i beste Tilfelle – og at so er, slutar eg av Uttalur fraa Menner, som er fullmynduge til aa tala med i slike Emne – kvat skal Ein daa segja um den same Upplæring i verste Tilfelle, elder med andre Ord, um den Klassicitet, vaare vanlege Skular byd? Eg skal segja Dykk det. Den Klassicitet ligg i det aa læra ei Endeløysa av Former og Reglar. Han ligg i det, at dei set yver fraa Latin og Græsk til Engelsk, med det einaste Maal aa gjera detta og utan minste Avsyn paa kor mykje elder lite Forfattaren er verd. Han ligg i det, at dei lærer utallege og ikkje altid sømelege Mythar (Gudesogur, Trudomssogur) paa ein slik Maate, at den Meining, dei ein Gong hadde, skrøkk ihop til eit tomt Skal, og det einaste Inntrykk, som vert att i Sjæli aat Læresveinen, er det, at dei Folk, som trudde paa Slikt, maa ha voret dei største Tullingar, som Verdi hev set. Og til Slut so ligg han i det, at naar 10-12 Aar er burtkastade paa slikt Arbeid, er Offeret fyr ei sovori Upplæring ikkje i Stand til aa forklara eit Stykkje hjaa ein Forfattar, som han ikkje hev leset, at han vimlar, berre han ser ei græsk elder latinsk Bok, og at han aldri meir slær upp elder tenkjer paa ein klassisk Forfattar fyrr daa, naar han – snodigt nok – skal til aa lata sine eigne Søner lida same Medferdi.  
 
Detta skulde vera dine Gudar, o Israel! Fyr denne Nettovinning – og den Glansen, som fylgjer med – negtar den engelske Faer sine Born all den Kunnskap, som dei kunde ha gjort nyttug i Livet, ikkje berre til Matstrævet og Pengestrævet, men og soleids, at dei hadde havt Rettleiding i dei store Umkast, som Mannslivet er fullt av. Detta er den Stein, han gjev deim, som han er bunden med dei sterkaste og innerlegaste Band til aa føda med Braud!
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum