Lysingar.

 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen er den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
               
Bladet hev no betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So hev det og ein fast Skuleartikkel, som inneheld Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposterm. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
               
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
 
Oplandenes Avis,
udgivet af Kand. O. Arvesen, Hamar, udkommer i stort 5-spaltet Format 2 Gange om Ugen med et mindst 14-dagligt Tillæg "For Kirke-, Skole- og Folkeoplysning". Prisen for Hovedblad og Tillæg, der maa tinges sammen, er 4 Kroner Halvaaret og 40 Øre i Postpenge.
 
 
Det norske Samlag.
- 1878, 9de Aaret. -
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
               
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med PostenEin melder seg i Brev til "Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget(Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det samesenda Aarspengarne.
               
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl), so langt Upplaget rekk, - umframt dei nye Bøkerne, som kjem ut i Aar.
               
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norske Fornkvæde og Folkevisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus Gode, Harald Haardraade, Olav Kyrre og Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrifti "Fraa By og Bygd,"som kjem ut i Bergen.
               
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein Lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
               
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 
 
Fraa By og Bygd,
Maanadsskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit No. paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt sendt med Posten, og kan tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
               
Innhald 1878: Godt Aar (av Olav Lofthus). – Vel møtt paa nytt. – Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime (av Hans Mo). – Ørne-Augat. – Um Kunstarbeid (Fyredrag av A. O. Vinje). – Ei fager Lid; Jonsok-Kvelden (av H. E.). – Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (etter F. Delitzsch). – Um Sleden, Eit Blad av Husflidsarbeidets Historia. – Natturi og Folkelivet ute med Havet. I. & II. – Knausarne paa Golgatha. – Vakn upp du Norigs Diktarstreng (av H. E.). – Borni hans Gamle-Gunnar, Regla fraa Sunnfjord – Ymist. – Fraa Naumdal.
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum