Øysterdalen.

 
(Framhald.)
 
Du tykkjer væl det vert for mykjet taa Mosen her, er det Von; du kann ganga yver Mosevidderne paa Milevis, og du ser ikkje annat enn Mose, kor du snur deg, og er det so Ruskeveder og vaatt, so kann det nok vera hustret au; det gjev seg under Føterne dine fyr kvart Stig du tek, plent som du gjekk paa ei Myr, og set du paa deg nye Skor, skal det ikkje vera for mykjet att av deim, naar du hev gjenget nokre Dagar. Eg hev aldri sett slik Skosliting; du tykkjer væl Steinen er stygg, men jamen er Mosen tie Gonger verre, han tek ovanpaa Skoen lika radt som under. Nei kast Skor og Sokkar Gut, daa gjeng du aller best, naar Mosen er litet vaat og det ikkje er alt for kaldt i Lufti. Men det er no ikkje all Stad daa helder, at det er berre Mosen. Det er ikkje langt imillom det sting seg fram Fjell med eit annat Lag, harde Telfjeld, berre Steinen, og so Snjoflekkjer uppetter. Mosefjellet det er flaatt det, og det dreg seg vidt inngjenom, men desse Steinfjelli, dei era jamnast brattareog høgre, dei era so myrke og svarte, naar dei reisa seg upp mot dei hine, dei era spisse sume av deim og kvasse som ei Knivsegg aa sjaa til. Burt mot Fæmundskanten ser du berre Tind etter Tind, naar du kjem nokot uppfraa. Sølann era ikkje leide, det er tvo av deim, den eine i Reindalen og den andre i Vesleelvedalen, og so alle Rundann, dei høyra likeso godt til Øysterdalen, som til Gudbrandsdalen, dei liggja midt paa Skilet, men dei era mykjet finare og skirare fraa Austsida. Du ser deim væl, naar du kjem litet upp i Foldalen, dei stiga fram so vænt, Tind etter Tind; kjem du so langt som aat Kyrkja, fær du ogso sjaa Snjohetta, ho stend so blenkjande og bjart midt frami Dalen. Desse Fjelli gjera Foldalen til ei av dei finaste Bygder, eg hev sett; kjem du der i Skoddeveder kann du mest ikkje kjenna deg att, daa er det berre som ei reint simpel Bygd, men er det glitrande Solskinsdag, er det fagnadsamt aa fara Dalen endefares. Det er berre flate turre Skogmoarne uppgjenom, men du´vert ikkje leid deim, her vil du læra aa elska desse Moarne, dei era so fagre, dei hava so fin ein Lit, naar du ser Blaafjelli glitra upp yver Tretopparne elder ljosna fram millom Furuleggjom, dei hava same Laget her Skog og Fjell, dei høva so godt ihop, Furuskogen han er so einfengd, høg og rak, vidt burtgjenom, djerv, ikkje drøymeleg, storfengd, ljosdæmd, han hev so frisk og god ei Koma, og so Fjelli myrkeblaae og kvite, agande, utan Fyrebuningar, utan Øksler risa dei ende upp midt paa Furumoom, dei era som vaksne ihop Skog og Fjell, dei sama seg til eit so fagert, heilslunget Bilæte. Og detta Bilætet er nærskyldt med Folkelaget og Folkelyndet heruppe. For det hev meir paa seg enn Folk tru detta kvar Dag aa hava ein stor og fager Natur fyr Augom; uviteleg fær Folket nokot av det same Laget, soframt dei daa liva eit naturlegt Liv. –
 
Det er ikkje berre Foldalen desse Fjelli tilhøyra, dei era som ein sams Eigendom og ei Pryda fyr heile nørdre Øysterdalen. For ein ser deim mest fraa kvar Tind elder Hø, som er nokot høg daa. Fagrast tykkjer eg Rundann era, naar Ein ser deim eit Stykkje ifraa, dei hava ein blaaare og vænare Lit daa, soleids fraa Fjelli nokot austan Foldalen; naar Ein gjeng upp der, fær Ein fyrst sjaa Einunnfossen nedst ned i Einunna; han er fager helst naar Elvi er stor, - høgste Fossen i Øysterdalen. So kann Ein taka seg upp paa Fjellryggen, austan paa Einunndalen (det er slik ein væn Sæterdal det; Fjellsidurne draga seg som Bylgjur inngjenom); der kann ein reika innetter til Marsjøfjellom og radt inn paa høgste Gjihøenn, der hev Ein det vidt og fritt paa alle Leider, og det er so undarlegt med Rundarne, du ser deim all Tidi, men mest fyr kvart Fet du stiger er det som dei skifta Lag og Lit. Snart era dei store, kamputte og øgjelege, og dei hava Skapnad som Rysillar; eit litet Stykkje til, so verta dei ljoslagde, og skirleitte som Ungmøyar, som svinga seg i Dans; so skipa dei seg som i mange Rader og lata det kvite Skautet slagsa fyr Vinden. So naar du kjem so langt som frampaa høgste Marsjøfjellet; der ser du liksom kvite Skyer, som driva ut i blaae Himelen beint upp fyre nørste Rundetoppom og nordyver, kvite so det skjer deg i Augat, aa ja, tru du berre det er Skyer; heve du rette Fjellmannsdraget i deg, so fær du ikkje lengje Ro, naar du forstirer deg paa desse Skyerne, som glima som Soli kvar einaste Klaarversdag; for du veit det er Fjell, du veit det berre kann vera Jotunheimens Tindar og Jøklar, som eiga slik ein Glans. Det maa visst vera Galdhøpiggen og Glitretind desse tvo der, som risa upp Haand i Haand. – Rundarne stengja lenger mot Sud, men kjem du paa Sølen, so ser du Sydreluten blaatt i blaatt radt ned til Tyinsfjelli og kanskje lenger. – Eg heve sett Jotunheimen ofta, men aldri hev eg sett honom so fager, so himelsk, som naar han leikar i Skyi yver Øysterdalens Fjellmarker. – Naar Livet vert tungsamt og sturslegt her heima, og eg tykkjer det ikkje ber til med nokot meir, maa eg upp og stira paa desse Fjelli og lata Hugen sviva mot Vest og drøyma ei Stund um Solskinslandet der burte, der alt tykkjest vera Ljos og Liv forutan Sut og myrke Dagar. -
 

 

Frå Fedraheimen 17.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum