Utlandet.

 
Kongressen er aa kalla ferdug med sitt Arbeid; det heitest, at Utsendingarne skal skriva under Laurdagen den 13de Juli, Maanadsdagen etter at dei samladst. Utgangen av Arbeidet er, at Turkiet er deilt, sundlemat, so at det Tilvære, det heretter kjem til aa føra, vert berre eit Skuggeliv, eit Liv paa Englands og Rysslands Naade. I sidste Stundi hev England gjort elder rettare kunngjort – for det var gjort alt fyre Kongressens Samling – eit Kast, som skapar um heile magtstellingi i Austlandom. Me hugsar, korleids det fyre Kongressen var talat store Ord um dei Fyremuner, England skulde vinna. Men det saag fyr vaare Augo ut, som um Ryssland med Bismarcks Hjelp drog av med den eine Vinningen etter den andre. England gav upp sitt gamle Paastand um, at Turkiet skulde haldast heilt og usnikkat, og fann seg i, at det vart skoret av eit Stykkje her, eit Stykkje der. Sanningi er nog, at England fann seg i dette, som ikkje  kunde vera annarleids; men at det fyreaat hadde sikrat seg alt det, som det brydde seg um.
 
Alt den 4de Juni var det gjort ei Semja millom England og Turkiet, um at England skulde ganga i Samlag med Turkiet til Forsvar fyr Litleasia, soframt Ryssland tok nokon Lut av Litleasia. No hev Ryssland fenget ein Deil av Armenia og Batum som Frihavn, men utan Rett til aa festa det. Vilkoret er der altso, og Semja tred i full Kraft. England herset med det same Øyi Cypern. Dermed fær Ryssland det sterke England i Staden fyr det veike Turki til Granne. England hev sikrat seg Vegen til India og sikrat seg mot vidare Framgang av Ryssarne. Det hev teket Brorluten ved Skiftet og hev no tvillaust Yvermagti i Austerlandom. - I England hev dei liberale Samlag sendt ut eit Upprop, som manar Landet til aa leggja ned ei kraftig Motsegn mot Cyperns Hersetning og den løynlege Maaten, Regjeringi hev gjort Sambandet med Turkiet paa, men det vert visst utan Fylgjor. Dei fleste Blad er nøgde med Semja og kallar det eit djervt politiskt Varp, som er vel lagat til aa verja Englands Tarver i India og ved Sueskanalen. – Denne Semja vert halden utanfyr Kongressens Umtal. Korleids Stormagterne tek dette Kastet, høyrest det lite um. Det er sagt, at Frankrike og Italia vart handfallne, daa dei fekk vita det; dei er og dei einaste, som gjeng tomhendes fraa Kongressen.
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum