Notisar

 
Storthingsmann Castberg hev fenget eit gildt Gull-Ur fraa 300 Arbeidarar i Skjeen, som vilde takka honom fyr hans Storthingsgjerning, serleg i Tollsaki.
 
I Botne Skulekommission skal det vera vedteket, skriv "Holmestrandsp.", at i Aalmugeskularne i Sokni ikkje skal syngjast annat enn Salmar.
               
I Vefsen ikring 4 Mil fraa Mosjøen fann dei fyr 2 Aar sidan ein Gang, som inneheld Blyglans og ein stor Rikdom paa Sylv. Eit Bulag vart tilskipat, og Drifti byrjad ifjor. No er det i alt utvunnet 80 Tons Malm; av det er 60 Tons utskipat og avhendt i Saksen fyr ei 50,000 Kr.
               
Kongen skal koma her den 19de Juli og Dronningi eit Par Dagar seinare.
 
Kjeisarprinsen er no i Sverike og kjem her paa same Tid som Kongen. Det gjekk klent med Friingi til den danske Prinsessa.
               
General Grant kjem her ved dei same Tider. Han hev nyleg voret i Berlin og Hamburg og reiser um Kjøbenhavn hitupp.
               
Paa Gardemoen hev det voret eit styggt Slagsmaal utanfyr eit Ølhus millom nokre Mannskapp av Heidmarks- og Kristiania-Bataljonarne. Ein Mann, Son aat ei fatig Enkja ved "Sagene" her, vart so ille medfaren, at dei maatte bera honom sogodtsom livlaus fraa Slagstødet og leggja honom inn paa Sjukhuset. Det er sendt Brev aat Moeri um, at det skal vera liti Von til, at han kjem med Livet fraa det.
               
Mordet i Fane. Den Kona, som vart burte, heitte Barbra Olavsdotter Lyngbø. Ho hadde selt Garden til Knut Monsfon og teket seg undan ein Rudningsplass eit Stykke fraa Garden. Der budde ho. Knut er kjend fyr ein rang og smaasaar Mann, og det hadde aldri voret godt imillom honom og Barbra. Daa ho vart saknad, vilde han hava det til det, at ho hadde gjort Ende paa seg sjølv; men det fall strakst Mistanke paa honom, og han vart sett fast. Paa Forhøyret negtad han. Liket til Barbra vart attfunnet Laurdagen Aattedagar sidan, nedgravet nokre faae Alner fraa Hytta hennar; det var gjøymt berre med eit tunnt Lag med Jord, som det var straatt Lyng yver. Knut er hentad til Forhøyr paa Staden.
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum