Kristiania, den 12te Juli 1878.

 
"Almueven"-Johnsen er likevel den mest frilyndte Mann me hev, naar det knip, - nærepaa den einaste, ser det ut til. Han talar i Bladet sit um dei "Myrmennerne", som vart kjennde røysterettuge av sidste Storthing; han finn, det er for galet, at me skal hava ei Grunnlog, som gjev Røysterett til ein Bygslemann paa ein Jordflek, knappt so stor, at han kann faa Rom aat baade Føterne sine, til ein avdankad Embættesmann, som er atti Barndomen komen, til ein Bymann, som eig eit lite Skarvehus verdt 600 Krunur, men stengjer ute ein danad Mann i hans beste Alder, naar han ikkje er elder hev voret Embættesmann, naar han ikkje eig elder hev bygslat skyldsett Jord o. s. b. Det er merkjelegt – segjer han – at slike Reglar kann ha stadet ved Lag til denne Dag. Sverdrups og Daae & Sørensens Freistnadar paa aa faa deim kollkastade, hev voret berre halve Aatgjerder, som Folket ikkje kann vera tent med aa sjaa gjenomførde. Sverdrup vil, at berre dei, som hev ei aarleg Inntekt paa 800 Kr. i Byarne og 400 Kr. paa Landet, skal hava Rett til aa røysta; tener Ein mindre, so held han honom uverdug; han maa og skal hava Skyldur, betala Toll av mange Ting, som han hev naudsynlegt Bruk fyr, ganga i Krig, naar det gjeld, og lata seg slaa ihel, um det fell seg so, men Rett til aa velja paa dei Menn, som skal gjera av um Krig elder Fred og segja fraa, um han skal ganga mot Fienden elder ikkje, - nei det vil Sverdrup ikkje han skal hava. "Og saa kalder man denne Mand frisindet, en Folkets Mand! Han er Gaardbrugernes Mand, men Gaardbrugerne alene er ikke Folket". Sjaa der hev me det. Sverdrup er det fyrst og Sverdrup er det sidst. Me veit ikkje annat, enn at Sverdrup fyrr jamt hev voret lastad av Johnsen, fyrdi han var "radikal", gjekk for langt med sine Krav paa frilyndte Umbøter, men no dustar han ikkje mot Chr. Johnsen. Aalmenn Røysterett! Det duger ikkje mindre, det er det einaste rette Merkje paa ein frilyndt Mann, ein Folksens Mann. Ja, lat so vera. So fær me fulla daa sjaa, at Chr. Johnsen vaagar Skinntrøya fyr den Tanken, me fær sjaa, at han set inn eit aalvorslegt Arbeid, offrar si beste Kraft paa aa faa detta inntalt i Folket, paa aa faa gjenomført den aalmenne Røysterett, - som visseleg (det er ingi ny Uppdaging det) stend fyr den frilyndte Mann som Mynsterskipnaden, og det ein Mynsterskipnad, som det ikkje er u moglegt aa naa, men som ikkje kann naaast, fyrr Tidi er fullkomi, og som difyre den forfarne Mann, som  v i l nokot, læt vika fyr meir smaafelde Fyremaal til vidare. Skal tru me fær sjaa det Synet? Skulde det ikkje falla betre fyr Hr. Johnsen aa halda seg heime i "Almuevennen" sin, skumla og eitra, - sminka seg sjølv av og til med Fridomens Farga, til aa gjera seg lekker, - stinga upp ender og Gong ein raud Klut, som skal gjelda fyr Fridomens rette Merkje, til aa gjera Andre mistenkte fyr aa vera Fridomens Fiendar? Ein kann gjera det so hugheilt, naar Ein veit, at det Merkje, slik som Tidi no er, ikkje vil samla, men helder skræma undan. Det vil just tena dei "sannt konservative" Fyremaal det.  
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum