Amtsformannskap og Høgskule.

 
Eg talad her ein Dagen med ein gamal, klok Maalmann, ein av dei gamle fraa 50-Aari. Han fortalde meg, at han aldri hadde trutt, at Maalsaki kunne gjenget so storvegjes fram paa 20 Aar, som ho no hev gjort. Detta totte no eg og, men inkje rettare eg kunne skyna, sagde eg, hadde inkje Bonden endaa fenget Syn paa, at Maalsaki i Grunnen var hans største Sak, og at slike Saker som større Stemmerett, Statsraadarne inn i Tinget, Løysning paa Soknebandet og meir slikt kunne vera store og naudturvelege Saker, men at Maalsaki var Mergen og Kjernen i den store FramgangsTanken, at det var den, som no heretter skulde skapa Parti-Stillingi i Landet. I Stortinget hadde nok dei, som stend paa den liberale Sida, gjenget med paa Maalsaki og gjort store Ting fyr ho, og allvisst var det gledelegt aa sjaa, at heile Stortinget ynskjer, at Undervisningi paa Bondeskulen skal ganga paa norskt Maal. "Detta skulde daa vera eit Merke", sagde eg, "paa at Bonden hev fenget Syn paa Saki. Men no ser me, at Amtsformannskapi, som dei segjer repræsenterar Bondens Vilje betre enn Stortinget, snur det dauve Øyrat til, naar Maalmenner kjem med Krav um Hjelp til Skularne sine, endaa Stortinget hadde ætlat Pengehjelp til Folkehøgskulen, dei kallar, og. Etter detta lyt eg tru, at Maalsaki endaa, liksom fyrr, er ei Sak fyr ein liten Flokk upplyste Menner, mest Byfolk, at desse hev paaverkat Stortingsmennerne i Kristiania, men at Bonden bryr seg litet um heile Greida."
 
Daa svarad hin Maalmannen, som eg vil kalla X, at det var nok inkje alt so visst, at Amtsformannskapi var eit sant Uttrykk fyr Bondens Vilje. "Det er berre dei Konservative, Atterhaldsmennerne, som segjer so", sagde han; "kunne dei so sant faa Folk til aa tru paa det, vilde det inkje gjera so stor Skaden endaa, um Stortinget gjorde aldri so myket fyr Maalsaki."
 
"Men Bønderne i Heradet vel Formannskapet, og detta tek seg ein Ordførar, og naar alle Ordførararne i Amtet kjem ihop til eit Amtsformannskap, so lyt no væl detta repræsentera Bonden, veit eg?"
 
"Formannskapet, det repræsenterar Bonden. Men det tek gjerne til Ordførar ein Mann, som kann "føra Protokollen", ein Mann som kjenner det juridiske "Tatermaal", som Vinje kallad det, og som hev fenget all den Upplæring (formale Dannelse), som høyrer til Bykulturen. Soleids kann det daa tidt henda, at ein Ordførar er myket ufolkeleg og stend for det meste aaleine med sine  Meiningar i Herads-Styret og er Maalsmann fyr Embætts-Styret og Minister-Politikken, og alle hine Formennerne høyrer til Bonde-Partiet. Detta kann vera godt og væl, Ordføraren hev ingi Magt i Formannskapet, annat enn han kann skipa nokot paa Ordalagi, naar han fører til Protokols, men kjem han paa Amtsformannskapet, som er ihopsett av berre Ordførarar, daa fær han Magt. Eit slikt Amtsformannskap repræsenterar inkje Bonden so godt som Stortinget."
 
"Detta hev eg inkje tenkt paa fyrr, men det er skilleg sant, som du segjer. Men det kann no væl inkje vara so lenge, fyrr Bonden vert so upplærd i den "formale Dannelse", elder fyrr den formale Dannelse, som trengst, vert so folkeleg, at Bonden trur seg til aa føra Protokollen sjølv og møta fram i Amtsformannskapet. Daa fyrst hev han fenget det dei kallar kommunalt Sjølvstyre. Folkehøgskulen vil no vel hjelpa til myket, at detta kann koma i Verk. Skal tru detta just er Grunnen til at mange Ordførarar no er so hatige paa denne Skulen? Dei slær frampaa um at dei, som kjem fraa Folkehøgskulen, er so kaute og trur seg betre enn Foreldri sine, held Talur og meir slikt, som Folk aldri høyrde Snakk um fyrr i Tidi. Men kannhenda bur det nokot meir innunder her."
 
"Det kunne nok henda det, at naar dei lastar Folkehøgskulen fyr det, som du der nemnde, so bur det nokot meir innunder. Det er inkje berre dei, som kjem fraa Folkehøgskulen, som er kaute og held Talur, og kannhenda ein og annan inkje likar, at andre gjeng dei i Næringi. Eg kann elles inkje lasta Folkehøgskulen, um nokre av Gutarne trur seg godt og held Talur og meir slikt. Det er i Grunnen eit godt Merke. Det same, nettupp det same, gjer dei unge Studentarne. Slikt høyrer Alderen til og inkje Maaten, dei fær Upplæringi si paa. Ungdomen plar inkje vera tekkjeleg, han skal rasa paa einkvar Maaten. Ein Ungdom, som ingi Upplæring hev fenget, "trur seg" og, men paa ein annan Maate. Han held inkje Talur og skrøyter inkje, fyr di han kann meir enn Foreldri, men han turar og drekk og bannar og slæst og er gild, naar han kann driva det lenger enn Gamlen i slike Ting. Eg er rædd, at ein og annan – mange er det daa inkje – likar i Grunnen slike Gutar betre enn Folkehøgskulegutarne; ein slik uvyrden Fant, som ingenting godt hev lært og kyter av, at han korkje ræddast Fut elder Fanden, han vil aldri "opvigle", aldri "blanda Lufti med Svik", aldri halda Talur og aldri arbeida fyr aa koma inn i Formannskap og Storting. Det var nettupp Folk fyr ein Einvaldskonge." – "Nett det same hev eg tenkt eg og. Eg lyt elles segja det, at dei Folkehøgskulegutarne, eg hev raakat paa, hev eg likat godt. Dei hev fenget Augat upp fyr det, at det, dei hev lært, er litet mot det, dei skulde læra, og meir kann ein inkje venta, tykkjer eg. Eg lyt elles fortelja nokot, som ein helder høgsett kongeleg Embættsmann sagde. Det var Ordkast um Maalsaki eingong, og flestalle lastad Maalmennerne; daa sagde denne Embættsmannen, som sjølv var imot Maalsaki: "De kann no segja, kvat de vil; eg likar betre ein Student, som fer med Maalsaki, enn ein, som ranglar."
 
Og dermed fær ud hava Takk fyr Samsnakket daa."
 

 

Frå Fedraheimen 13.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum