Utlandet.

 
Paa Kongressmøtet den 5te Juli vart det græske Spursmaal umtingat og avgjort soleids, at dei græske Fylke, som stend under Turkiet, skal hava Sjølvstyre. Dessutan fann alle Magter, at det er til Bate fyr Freden, at ein god Deil Land vert lagt attaat Grækland. Landemerki aat dette skal vidast ut til Lina Kalamas – Salambria. Dei turkiske Utsendingar antrad fyrst imot: men sagde sidan, at dei var utan Fyresegner og Fullmagt. Grækland fær soleids ikkje so liti Landauking og Von um meir seinare. Det er i ser Frankrike og Italia, som hev talat Græklands Sak. Austrike og England skal ogso samtykkja i det, at det maatte skapast ei græsk Magt til Motvegt mot det slaviske Velde; men daa England samstundes hev sett seg til Fyreloga aa halda Turkiet uppe, saag det seg ikkje Syn til aa gjeva Grækland meir; for det var Turkiet det maatte ganga ut yver. Rumænia misser Bessarabia, og fær til Skadebot lagt attaat Dobrudsja eit Stykkje Land fraa Silistria til Mangolia; Rumænia finn seg laakt tent med Bytet, men kann ikkje, naar Europa so vil, gjera annat enn protestera og so taka ved. Elles er dette ei Avgjerd, som visst ikkje andre enn Ryssland og dess trugne Hjelpar Bismarck er nøgde med; det er eit av dei styggaste Kast, som den nyare Statsmannskunst hev aa visa upp; det syner, kor lite Rett den kann venta, som ikkje hev Magt aa setja upp.
 
Endaa Kongressen berre hev brigdat paa San-Stefano-Semja til Bate fyr Turkiet, er det langt ifraa, at Porten er nøgd med Utgangen. I Grunnen hev alle Turkar gjenget med den Voni, at det skulde verta ein aalmenn Krig, og at Turkiet skulde ganga utor den med større Styrkje og full Sjølvstøda. Det hev endaa ein Gong voret nær ved, at Turkarne, i Von um at det daa skulde bera i Hop, hadde gjevet seg i Kast med Rysseheren ved Konstantinopel. Ryssarne er enno ikkje trygge. Bland dei ryske Herkultar er det stort Misnøgje, fyrdi Kongressen i Berlin hev gjevet Turkiet Rett til aa hersetja og festa Balkanskardi; dei ryske Herførarar kallar det fyr ei Skam, at dei skal vera nøydde til aa ganga attende yver Balkan. Moskovskija Vjedomosti, Hovudbladet aat det folkelege Parti i Ryssland, hev ikkje stor Tru paa Freden; det skriv bl. a. soleids: "Kann ein kalla den Avgjerdi, som er teki, ein Fred? Kann ei slik Avgjerd stagga Samvitet aat ei kristi Menneskja og faaast i Samkjøme med Æra og Rett? Naar ein er glad av denne Avgjerdi, so gled ein seg fyr det, at det vonde sigrar i sitt styggaste Skap. Medlemerne av Kongressen gjeng ikring likesom Augurarne (Spaamenner) i Rom og dreg paa Smilen, naar dei raakast paa Tvomanns Hand, fyrdi dei hev so lett fenget narrat alle dei stakkars Folkeslag, som Kongressen hev sviket. Fridomens Morgonrøde hadde teket til aa lysa fyr deim, og no hev denne europæiske Høgsteretten, som Rysslands "diplomatiske Intelligens" strævad so syndsameleg fyr aa faa samlat, manat honom burt som annat Skrymt. Europa vil paa nytt gjeva deim Villmennerne i Vald, endaa det godt veit, at deira Medferd vert verre enn nokotsinn fyrr."
 
Ryssland skal ha gjenget inn paa, at Batum vert Frihavn, og uppgjevet Retten til aa festa det.
 

 

Frå Fedraheimen 10.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum