Um Taalsemd i Tru og Meiningar.

 
I.
 
Det er i Grunnen ein underleg Ting aa vera uppfødd i ei Tru elder i visse Meiningar. Ein er bunden ved det; Ein maa meina so som Ein er upplærd. Det er som aa vera aandeleg sett i Klave. Og er det Ein, som er so sterk elder so vill, at han riv seg laus, so er det tidt so det gjeng paa svarte Livet, og der vert mest alltid sitjande eit Agg, som verkjer, elder eit Ær, som merkjer. Det er med desse Truer og Meiningar paa Lag som med Lemer paa Kroppen: det Skap dei fær fraa Barnet av, det vil gjerna sitja. Og den Smaken, som kjem fyrst i Kjeraldet, gjeng mest aldri utor att. Den, som fostrar upp Barnet sitt i ei viss Meining, han er ikkje reint ulik Kinesaren, som med Skomakarkunster skapar Føterne paa Gjentebarnet sitt til etter sitt eiget Vit, og ikkje som Foten sjølv etter Fødesupplaget vilde skapa seg.
 
Ein kunde tru, at det Rette maatte vera, at kvart livande Menne fekk velja sine Meiningar sjølv og fullfritt, so Ingen hadde Rett til aa leggja nokot Band paa det i so Maate. Er det ikkje styggt og fælt aa taka det vesle Barnet or Vogga og tvinga innpaa det sine eigne Meiningar, fyrr det endaa sjølv kann skilja millom godt og vondt? Naar ein Muhamedan føder upp Barnet sitt i si Muhamed-Tru og dermed klavebind Barnet til denne Trui, so det sidan ikkje kann koma fraa henne att utan med den største Vande og Hugsott, fer han daa likare aat enn hin Kinesaren eg nemnde? Elder naar eit Jødebarn fraa fyrste Dagen vert innplantat eit so tærande Hat til Kristus, at det sidan aldri – elder daa berre med den største Naud – kann koma innpaa Kristendomen, vert daa ikkje detta Barnet ufolkelegt medfaret, og kunde det ikkje sidan i sine vaksne Aar hava Rett til aa døma hardt um sine Foreldre, som tok seg slik ei Magt yver Sjæli aat det, fyrr det endaa var framkomet nok til aa tenkja og velja sjølv? –
 
So kunde Ein tru. Ein kunde tru, at denne Retten til aa forma og tilskapa Barnesjæli etter sitt eiget Hovud, den hadde Foreldri etter fraa den Villmannstid, daa kvar Faer og Moer aatte Barnet som ein annan Ting og kunde fara med det just som dei vilde, ja slengja det ut fyr Varg og Ramn, um dei so syntest. Og Ein kunde tru, at det maatte vera kvar Manns fyrste Rett aa sjølv tenkja ut det han sjølv skulde halda fyr sannt i denne Verdi, so Ingen kunde "læra" honom nokot der.  
 
Men slikt vilde væl vera aa driva Einskiljingstanken (Individualismen) for vidt. So lengje Verdi er stellt som no, so maa kvart Barn veksa upp i sin Heim, og der veks det daa og upp i Heimens Tru og Tenkjemaate likso visst som det veks upp i Heimens Luft og i Heimens Maal. Skulde det verta paa onnor Gjerd, so maatte alle Born verta uppfødde av Samfundet paa ein sams Maate, og daa utan all Tru og utan alle Meiningar, berre med den visse og grunnstøde Vitenskap, som er so urikkande som den Setning, at 2 og 2 er 4, og som kvar einaste Ein er nøydd til aa tru, naar han ikkje vil vera galen. Men kvat Slag Folk vart det væl av detta? Vart dei betre farne dei? Og detta aa halda dei reint burte fraa all Tru og all Livsvisdom, var ikkje det likso væl aa binda dei? – For Inkje-Tru er og ei Tru, som du veit. –
 
Det er væl det naturlege, at kvar ny Ættled fyrst tek upp alt det den eldre Ættleden eig baade av Tankar og Visdom og Tru, og so sidan i smaae Steg fører detta lenger, legg nytt til og kastar gamalt burt, eit Grand i Senn, ettersom Tiderne gjeng og Syni vidkast. Paa den Maaten fær Ætti med seg alt av det gamle, som er godt og som ho kann bruka, og fær daa veksa so jamt fram, paalag liksom andre Vokstrar. I det store og heile vil Einskildmannen ikkje lida so stort ved det endaa. Det er berre i dei store Vende elder Yvergangar, at det røyner paa i nokon sers Mun. Og just det, at Mannen fraa Barndomen av hev ei viss Tru, just det er det, som skal læra honom aa tenkja paa slike Ting og taka dei med den rette Aalvora. Valet vert fulla tyngre, dersom han kjem til det, at han l y t velja. Men so vert det og so mykje sterkare og djupare meint, og hans Innfylking under det valde Merkje so mykje ærlegare og varmare.
 
II.
 
Men ein Ting hev slike tenkjande og veljande Menn tvillaust Rett til aa krevja av sine Sammenningar, naar dei soleids ligg i Strid med seg sjølv um Tru og Livssyn, - og det er "Tolerans" elder Taalsemd. Detta skulde Ein tru var ein so sjølvsagd Ting, at det aldri kunde vera onnorleids.
 
Kvat hev væl Per og Paal med di Tru og dine Tankar? Og kvat kann det hjelpa deg, at Per og Paal trur so og so, dersom du ikkje fyrst sjølv hev tenkt etter den Trui og funnet henne sann? Ingen kann i Grunnen tru annat enn det, han sjølv hev funnet Sanning i. Um hundrad Millionar kom og sagde, det og det skal du tru, for det held me fyr sannt, - so laut du like væl svara: det nyttar ikkje meg, um Andre held ein Ting fyr sannt; skal eg tru det, maa eg fyrst koma so langt, at eg sjølv held det fyr Sanning!
 
- Detta skulde Ein tru var sjølvsagt. Men det er ikkje so. Soga lærer oss, at Folk til alle Tider hev havt ein underleg Hug til aa fara med Tvang mot kvarandre i Trudomssaker og Meiningar. Toleransen er ein Tanke, som seint kjem upp, som endaa seinare fær Magt og som allra seinst - elder kannhenda aldri – vert fullt gjenomførd i Livet.
 
So lengje Alle i eit Folk hev den same Trui, kjem ikkje Toleranstanken upp, av di han ikkje trengst. Naar det lid so langt, at Einkvar tek til aa gjera seg nye Meiningar, so kann væl Tanken koma upp, men fær aldri Magt, so lengje dei nye Meiningar berre hev Mindretalet med seg. Fyrst naar det kjem so langt, at alle dei stridande Meiningar er paalag like sterke, so Ingen ser seg Raad med aa tyna den andre ned, men dei kvaaresidugt er rædde kvarandre, daa fyrst fær Taalsemdtanken si Magt. Daa heiter det: lat oss halda Fred, og lat kvar tru det han sjølv finn er sannt. Og daa kjem det og upp ei Kjenning av, at det nok i Grunnen er ymist, um nokon av dei stridande hev den fulle, fullkomne Sanning.
               
So lengje den nye Meining berre hev Ein og Annan med seg, so vert ho gjeldande berre fyr Kjættardom, og Kjættardomen att vert halden fyr Synd og Gudløysa, liksom naar Ein stel elder drep, ja mykje verre. Og so slær dei "Kjættaren" ihel fyr Skuld hans Meiningar, plent liksom dei hengjer upp Tjuven og Mordaren. "Kjættaren" hev inkje vondt gjort; han kann ofta vera ein betre Mann enn alle dei andre; men døya lyt han; og han vert tidt verre medfaren enn tilmed dei verste Skarvar.
 
Sokrates vart drepen med Forgift; dei kristne Pinslarvitne vart steikte og sundrivne; Huss og Savonarola vart brende; Galilei vart tvingad til aa avsverja sine Meiningar um Jordi og Soli; Jødarne vart i mange hundrad Aar medfarne som ville Dyr og var utestengde fraa alle skikkelege Folk alt ut i vaar Tid (i Norig t. D.); i same Landet hev det alt til no voret Log, at Folk med "andre Meiningar" ikkje hev havt same Retten til aa faa Embætte som dei Rettruande. O. m. sl. Det er same Tanken i alt, um han enn skifter Ham i dei ymse Tider: Folk vil verja sine Meiningar med Magt, og den, som trur paa sin eigen Maate, er ein Ugagnskrok, som maa verta forfylgd.
 
I Grunnen er detta ikkje so unaturlegt som det ser ut. So lengje Ein stend i den barnslege Tru, at ei Meining anten lyt vera heilt ut sann  elder so heilt ut rang, anten lyt vera den fulle, uendelege Sanning, som aldri kann brigdast elder forandra seg, elder so ende ut Lygn, - so er det rimelegt, at eg maa hata den, som ikkje hev mi Tru, som min verste Uven. For naar han held si Tru fyr den rette, so er det greidt at han held mi Tru fyr den range; men aa halda det fyr Lygn og Vas, som eg hev byggt heile mitt Liv og mitt Tilvære paa, det er aa røra ved Augnesteinen min, ja aa gjera Aagrip paa det beste og dyraste eg eig. Eg kann tola mangt; men sovoret toler eg ikkje. Eg maa verja meg. Han hev gjort Innhogg mot mi Livsrot, mot Hjartat i mitt Tilvære, mot meg sjølv i min innste Grunn; han er verre enn den, som stel meg Maten or Munnen elder tek ifraa meg Livet; han er ein Djævel, som vil tyna mi Sjæl. Her kann eg ikkje vera roleg. Er der no fleire, som hev mi Tru, og som dermed paa same Maaten kjenner seg rørde paa sine Augnesteinar og særde i si Hjarterot, so er det naturlegt, at me slær oss ihop fyr aa verja det, som er vaar sams Livsgrunn, mot denne vonde Magt, som stend oss imot og held vaar høgste Heilagdom fyr Tøv og Tull. So tek me paa Kjættaren og brukar oss imot honom det beste me kann. Det, som me fyrst og fremst vil, er aa faa Kjættaren til aa bøygja seg og godkjenna vaar Tru. Me er liksom ikkje trygge paa oss sjølve etter slikt eit Aagrip; me er urolege, ja upprivne og uppøste alt inn til Grunnen av aa vita, at det finnst Ein, som held vaar Tru fyr Tøv; me treng Tryggjing og Trøyst etter slikt; me fær ikkje Fred, fyrr Kjættaren hev bøygt seg og vedkjennst, at han hadde Urett og me Rett; detta vert oss reint ei Livssak. Men negtar han aa bøygja seg, daa kjem Blodet vaart i Kok; paa Elden med den Skarven, som er so gudlaus og so ukjuren, at han gjer Aagrip mot det største og beste me veit, ja mot sjølve Guddomen! Og so brenner me "Kjættaren" og trur, at me gjer Gud ei Dyrking med det.
 
All Intolerans elder Utaalsemd er eit Uppbrot av denne raae Sjølvverjingsdrift og tek sine Grunnar fraa denne barnsklege Tulletru, at Ein sjølv sit inne med heile Guds uendelege Sanning, som daa ikkje lenger kann brigdast. "Mi Meining, det er sjølve Guds Meining, og den, som brigdar so mykje som ein Prikk elder Bokstav i den, han for  bryt seg so styggjeleg mot Gud, at dersom eg ikkje tyner den Kjættaren elder daa gjer honom det verste eg kann, so maa Gud straffa baade honom og meg, ja heile Folket og Verdi." Det er Grunnarne. Det er i seg sjølv det same, um Intoleransen stig fram openlyst med Kjættarbaal og Sverd, elder han ligg og smyg og luskar i Myrket med Baktaling og Baktankar og annan slik Fanteskap; Toet er det same, og den Gud, som sette upp Kjærleiken til den fyrste Grunnlog fyr Mannslivet, maa døma denne "fine" Intoleransen likso strengt som han dømer den grove, som daa iminsto var ærleg og heil.
 
At Intoleransen hev si Grunnkjelda i Sjølvverjingsdrifti, det er Grunnen til, baade at han er so stygg og vond, og at han er so seig. Ein skal koma langt i Vit og i Uppseding, fyrr Ein lærer aa sjaa den vesle Ting, at Ingen paa Jordi er slik Kar, at han eig Sanningi fullt ut elder hev "tenkt Guds Tanke", men at kvar berre hev liksom sin Part elder si Grein elder ei Sida av Sanningi, so at Ingen hev Rett til aa døma den andre, um han enn kann hava eit Grand meir av Sanningi enn hin, men at kvar berre skal prøva seg sjølv, um han og er so ærleg og kann som han burde vera, og um det, han "trur", er verkeleg Tru og ikkje berre eit Vane-Verk og ei Inbillning.
 
Det er, som me veit, dei nye Tankar, som mest maa lida av utaalsame Folk, som trur, at Verdi ikkje kann verta klokare, enn ho er idag. At dei nye Tankar vekkjer Strid, det er naturlegt og godt, for gjenom den vinn dei fram, fyrst til Klaarskap og so til Liv. Men Folk burde vera so ærlege, at dei tok Striden rolegt og med god Vilje til aa sjaa det, som var godt og sannt i det nye som og i det gamle. Men Intoleransen bryt allstødt upp. Det "vonde Blod" kjem paa Kok, og rett som det er, so er der Herferd med Krig paa Kniven, istadenfyr ein klaar og folkeleg Tankestrid, og dei ymse "Parti" elder Meiningslag ligg etter kvarandre med Svik og Vald liksom Villmenn, og strævar av all Magt med aa gjera Ende paa kvarandre, daa dei sjølve vil eiga Magti. Kvar vil, at hans Tanke skal raada og rikja ut gjenom alle Tider; just det han trur paa, og ingen Ting hellest kann hjelpa Verdi fram og gjera Folk sæle. Dersom dei hugsad etter, paa den eine Sida, at  dei kann fara som dei vil, so vinn altid detfram, som høver til Tidi og som Tidi treng, og paa den andre Sida, at dei kann fara som dei vil, so er Mannen daa altid sin same og kann aldri skapast um, - so vilde dei sjaa, at i det Store er Skaldens Ord sanne: at det "med all den Strid er Skjemtarverk i Grunnen." Alt den gamle Klokingen Gamaliek saag detta; "er det Nye av Gud," sagde han paa sin Maate," so vinn det, um me so stritar aldri so hardt imot; men er det ikkje av Gud, so fell det." Verdi hev stadet i 1800 Aar sidan, men enno er ho ikkje stort klokare enn hine gamle Farisæarar, som meinte, dei skulde tyna Kristendomen, naar dei fekk Livet av Paulus og Peter.
 
Og endaa burde ho no hava lært. Ho burde ha set, at kor avskaplegt enn tidt det Nye kann sjaa ut fyr dei Gamle i ei Tid, so snur det seg daa altid nokso fint til tilslut, og Verdi stend like godt, ja gjeng fram alt fort. Striden millom det "Gamle og det Nye" minner ofta utruleg um Montanus og Jesper Ridefogd. Dei "Gamle" stend med heile Verdi paa si Sida og flirer og vinn det eine Slag etter det andre; Montanus maa i Kjolen og eksera rett som det er; men Enden er, at det Nye vinn fram, og Verdi – vert standande.
 
Men alt Slikt vert gløymt, so snart som det gjeld paa. Me ser dei styggaste Uppbrot av Inntoleransen mest til kvar Dag. Hev du litegrand Magt, og hev du ein Motstandar aa med gjera, so vaagar eg, at du slær til. Um du enn maa segja, at "Motstandaren" i Grunnen vil det Gode, ja at han gjer det Gode med, - er der eit litet Meiningsbridge, ein liten ny Tanke, som du ikkje skynar elder hev Hug paa, so brukar du den vesle Magt du hev til aa verja deg mot baade honom og hans Tanke, so langt du røkk. Du kunde fyr ein Gongs Skuld vera god mot ein personleg Uven; men mot den, som meiner nokot annat enn du, er du hard som Stein og kald som Staal, og du trur endaa, at du gjer ei god Gjerning med det. – Der hev du Intoleransen, heil og greid og i all sin Styggleik, um du enn er so litet sjølvsynt, ("reflectirt"), at du snaudt veit av det.
 

 

Frå Fedraheimen 10.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum