Peter Schlemihl.

 
[Del 15 av 19. Fyrste delen.]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
At De utanfyr desse Bragder hev dei strengaste Grunnsetningar og er den ærlegaste Mann i Verdi, er nokot, som eg helder ikkje hev det Grand imot. Kvar si Lyst. – Eg tenkjer visstnog i Røyndi ikkje so strengt som De, men eg læt Tanke og Gjerd fylgjast aat. Elder hev eg kannhenda sett Dykk Tumen paa Barken til aa faa Fat paa den skarve Saali, som eg hev Lyst paa; Hev eg sendt ein Tenar til aa taka fraa Dykk Pungen? Elder gjort Dykk annat Forsang?" Eg hadde Inkje aa svara til detta; han heldt fram: "Vel, min Herre, vel! De kann ikkje lika meg; ogso det skynar eg, og skal ikkje taka Dykk det illt upp. Me maa skiljast, det er klaart, og sannt aa segja byrjar De og aa verda meg nokot keidsam. Altso: eg er buen til aa reisa, men eg raader Dykk enno ein Gong: Kaup av meg Tingen!" Eg rette honom Pungen: "Fyr denne Pris?" – "Nei!" Eg sukkade tungt og tok atter Ordet: "Vel daa! Eg bed Dykk, min Herre, lat oss skiljast, statt meg ikkje lenger i Vegen i ei Verd, som vonleg er stor nog fyr oss baade!" Han drog paa Smilen og svarade: "Eg gjeng, min Herre, men fyrst vil eg segja Dykk, korleids De kann kalla paa meg, naar De vil meg nokot: De tarv berre rista Pungen, so at dei ædelege Gullstykke slær imot kvarandre; denne Ljod vil paa Minutten draga meg aat Dykk. Kvar Ein tenkjer paa sin Fyremun i Verdi; De ser, at eg ogso tenkjer paa det, som er til Dykkar Bate; for eg gjev Dykk med detta ei ny Kraft. – Aa, denne Pungen! Um ogso Motten hadde etet upp Skuggen Dykkar, Pungen vilde likvel vera eit sterkt Band millom oss: Nog, De held meg fast ved mitt Gull og byd yver meg, endaa eg er langt burte. De veit, at eg er beinsam mot mine Vener, og at allvisst dei Rike stend seg godt med meg; De hev sjølv sett det. – Berre Dykkar Skugge – det segjer eg enno ein Gong – fær De ikkje att utan paa eit einaste Vilkor."
 
Bilæte fraa den framfarne Tidi trod livande fram fyr mi Saal. Eg spurde skjott og endeframt: "Hadde De Underskrift fraa Hr. John? Han saag  paa meg og mylte: Av Ein so god Ven turvte eg det ikkje." "Hvar er han?" tok eg i, "det vil eg vita!" Han stakk seinført Handi ned i Lumma og drog ut etter Haari eit Mannlikan, bleikt, og faaet, so det var reint andskræmelegt; det liktest Thomas John. Dei blaae Lippur røyvde seg, og tungt, kaldt og hardt klang fyr mine Øyro Ordi: Justo judicio Dei judicatus sum; justo judicio Dei condemnatus sum 1). Eg tok Fæla, reiv Pungen laus fraa mit Brjost, kastade honom lukt ned i Avgrunnen og sagde: "So byd eg Deg i Guds Namn, Øgjelege! gakk ifraa meg og kom aldri meir fyr mine Augo!" Myrk reiste han seg og kvarv strakst fyr mitt Syn bak Bergveggen, som gjorde Synsmaalet litet paa den ville Staden.
 
IX.
 
Der sat eg skuggelaus og pengelaus, men ei tung Vegt var teki fraa meg, og eg kjende meg glad, fri og lett um Hjartat. Hadde eg ikkje misst henne, som eg hadde huglagt, elder hadde eg berre kunnat tru, at Mina hadde latet seg trøysta yver Missa, meiner eg, at eg kunde hava vortet lukkeleg paa nytt – eg visste likvel ikkje, kvat eg skulde taka meg til. Eg leitte i Lummurna og fann nokre Gullstykke, talde deim og smilte. Hesten hadde eg standande nede i Vertshuset; eg torde ikkje venda att dit, eg maatte iminsto venta til Soleglad; enno stod Soli høgt paa Himmelen. Eg lagde meg i Skuggen aat eit Tre og sovnade roleg.
 
Yndefulle Bilæte leikade i Svevnen fyr mine Augo. Mina sveiv framum meg og mylte venleg aat meg med ein Blomekrans i Haaret. Ogso den ærlege Bendel gleid framum, kransad med Blomar, og helsade venleg. Mange Andre saag eg og, som det kjem meg fyre, Deg med, Chamisso, i ei stor Folkemengd langt burte. Det skein eit Ljos, klaart som Dagen, Ingen hadde Skugge, og det saag likvel fagert ut – Blomar og Song, Kjærleik og Gleda, under Palmekronur - - -. Eg kunde vistnog ikkje skilja, fasthalda og tyda alle dei lette, luftige, elskelege Bilæte, men eg veit, at eg gjerna drøymde ein slik Draum, og at eg varade meg vel fyr aa vakna; eg var i Grunnen alt vaken, men heldt att Augo til aa halda lenger og betre paa dei Minne, eg hadde att fraa Draumen.
 
Endeleg opnade eg Augo; Soli stod enno høgt paa Himmelen, men i Aust; eg hadde sovet heile Notti; det tok eg som eit Teikn paa, at eg ikkje skulde venda attende til Vertshuset. Det, eg hadde der, uppgav eg lett, budde meg til aa taka Vegen langs Skogbrynet til Fots og gjeva meg Lagnaden i Vald. Eg saag meg ikkje attende og tenkte helder ikkje paa aa venda meg til Bendel, som eg hadde gjevet Pengar i større Maal, enn Torv var til. Eg maatte likvel tenkja paa, kvat eg skulde taka meg til. Eg bar lette og simple Klæde, einsvart Kurtka (Kufta elder stutt Pjekker), som eg hadde boret alt i Berlin, og som var komen meg til Handa paa denne Ferdi, eg veit ikkje korleids, ei Reisehuva og eit Par gamle Styvlar. Eg reiste meg, skar meg paa denne Staden ein Knurpekjepp til Minne um, kvat som var hendt, og tok Foten paa Nakken.
 
I Skogen naadde eg att ein gamall Bonde, som helsade venleg paa meg og gav seg i Drøs med meg. Eg spurde binen, som Ferdamenn plaga, fyrst etter Vegen, so etter Landskapet og Folket, dess Husstell og Næring m. m. Han svarade meg vitugt og greidt. Me kom til ei Aa, som i Vaarflaumen hadde rivet upp Trei og lagt eit stort Skogstykke audt. Eg ottadest fyr det solbjarte Romet og let Bonden ganga fyrst. Men paa den faarlegaste Staden stadnade han, vende seg um og tok til aa fortelja um Øydeleggjingi. Han saag strakst, kvat som vantade meg, stadnade midt i Røda og tok i: "Men korleids gjeng detta til?! Herren hev visst ingen Skugge!" "Diverr, diverr!" svarade eg snyktande, "under ein lang og hard Sjukdom hev eg misst baade Haar, Negler og Skugge. – Sjaa Fa'r, i min Alder, Haaret, som eg hev fengjet att, heilt kvitt, Neglerne ovstutte, og Skuggenhev enno ikkje vakset fram paa nytt." Bonden riste paa Hovudet. "So, so!" sagde han, "ingen Skugge, det er illt! det var ein vond Sjukdom, Herren hev havt." Men han heldt ikkje fram den Forteljingi, han hadde byrjat, og ved den fyrste Sideveg, som baud seg til, gjekk han radt burt fraa meg utan aa segja det bidige Ordet. Graaten tok meg, og min Fagnad kvarv.
 
1) Eg er dømd og fordømd ved Guds rettvise Rom.
 
 

 

Frå Fedraheimen 10.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum