Notisar

 
Skuldfestnings-Nemndi skal ha teket den Raad aa beda Professor Dr. O. J. Broch um aa ganga inn og verta Formann etter avlidne Amtmann Meinich.
 
Nørdre Trondheims Amtsthing hev latet til 400 Kr. aat Folkehøgskularne aat Bentsen og Foosnes.
 
Nedenes Amtsthing hev derimot negtat Tilskot aat Vigmarkens Folkehøgskule ved Grimstad. Yvertalet i Skulenemndi legg fram 5 Grunnar, den fyrste av deim er den, at dei grundtvigske Folkehøgskular "i Regelen synes at sammenblande Kristendom og Mythologi i Religionsundervisningen."
 
Sydre Bergenhus Amt hev negtat Tilskot aat Ullensvangsskulen med 15 ½ mot 12 ½ R.
 
Av dei 29 Ordførarar, som sit i Sydre Trondheims Amtsthing er dei 12 Klokkarar og Skulelærarar.
 
Norges Bank skal tapa 400,000 Kr. ved Uppbodsbui i Trumsøy, segjer ein Innsendar i "Tromsøposten."
 
Uhende. Vel so 14 Dagar sidan hende det, at 11 unge Folk fraa Øyrstein druknad. Dei kom fraa eit Brudlaup og skulde setja yver ei berre smal Vik; men daa 14 Menneskjur hadde stuvat seg i Hop i ein liten Færing, skalv han full og gjorde Ulukka. 2 Gutar var ein Manns einaste Born, og ei Gjenta var Einberning.
 

 

Frå Fedraheimen 10.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum