Kristiania, den 9de Juli 1878.

 
Folkemøtet paa Litlehamar vart iaat haldet Onsdag og Torsdag i Vika, som var. Det møtte fram i alt burtimot 400. Christopher Bruun, heldt Tale um Fritenkjeriet og um det menneskjelege, W. Konow um Kviledagen, Ingvar Bøhn um Samanhenget i Menneskjelivet, og Mattias Skard um Maalsaki. M. Skard fortalde dessutan Soga um dei græske Suliotar. Bruuns Tale um Fritenkjeriet var den einaste, som det var nokot Ordkast baketter. Me gjev her eit Ordrag etter Op. Avis. Bruun gjek ut fraa det, at nokot av det merkjelegaste, som var hendt i det sidste Aaret, var Bjørnsons Ord um, at han ikkje kunde tru, at det er nokon Djevel til elder ævelege Straffer. Til dessa hadde Kristendomen voret ute fyr lite Motsegn her i Landet; heretter vilde det fulla verta meir og meir; det vilde visst verta Aatsøknad paa Kristendomen i det heile. Det var stor Ustøda og Uvissa um, kvat som skulde kallast Fritenkjeri. Her i Landet vilde det gjerne ikkje mykje til, fyrr ein vart kallad Fritenkjar. Men det maatte fulla alle vera samde um, at det, som er Kristendomens Hovudsak og Kjerne, er det, som avgjer Skilet millom Kristendom og Fornegting. Hovudsaki og Kjernen hev me i dei tri apostoliske Trustykkje. Soleids kann ikkje ein kallast Fritenkjar elder Fornegtar fyr det, um han t. D. ikkje trur paa ævelege Straffer, men trur paa ei Uppattreising av all Ting; helder ikkje um ein trur, at ei elder onnor Skrift i Bibelen er uegte; og helder ikkje um ein finn det umoglegt aa tru paa Skapelsesoga i fyrste Mosebok. Det var ei villfarande Meining, men ikkje ei Villa, som naudsynleg stengde ein ute fraa Kristendomen. Fornegtarar var baade dei, som korkje trur paa Gud elder ei udøyeleg Sjæl, og dei, som væl trur paa Gud, og at deira Sjæl skal vara i all Æva, men som ikkje trur paa Kristus. Desse var likso framande i Kyrkja som dei lastefulle Menneskjur, um dei so livde det flekkfriaste Liv, ein kunde sjaa. Han vonad, at Kyrkja ein Gong vilde faa Kraft til aa skilja seg ved baade dei eine og dei andre; men daa maatte det helder ikkje vera nokon Vinning med aa høyra Kyrkja til. Korleids skulde ein i Livet taka det med Fritenkjarom? Fyrst og fremst skulde ein gjeva deim den Rett, dei hev som Menneskjur, og ikkje tru, at ein gagnad Kristendomen med aa ljuga deim svartare, enn dei er. Me maa standa til, at det er mange heiderlege Folk millom Fritenkjarom; det finnst endaa dei Fritenkjarar, som stend yver den store Hop av dei Kristne i sedeleg Kraft og Elsk til det, som er godt og ædelt i Menneskjelivet; det finnst dei bland deim, som stend nærare Døri til Guds Rike, enn mang ein, som gjeng fyr ein aalvorleg Kristen. Og detta var ikkje so underlegt. No um Dagen og i Vissa i vaartLand vart ikkje ein Mann Fritenkjar, annat enn fyrdi det var honom iminsto til Deils ei Yvervitningssak. Annarleids vilde det visseleg verta, naar Storhopen vart Fritenkjarar, fyrdi det var so Moten. Vane-Fritenkjeriet vilde visst ikkje visa seg betre enn Vane-Kristendomen. Tvertimot. Det aalmenne sedelege Tilstand vilde daa tvillaust lægjast. Ein burde helder ikkje halda seg fraa aa høyra paa, kvaat Fritenkjararne hadde aa segja. Det kunde vera rett fyr mange, men ikkje fyr alle. Den tenkjande Mann høyrer det til aa prøva,aa granska Sanningi av alt det, han hev med aa gjera i Livet. Skulde daa ikkje Kristendomen standa ei Prøving? Tru ein einaste ein av deim, som i den fyrste tronge Tidi, gjekk yver til Kristendomen, gjorde det utan aa prøva honom det skarpaste han kunde? Ei slik aalvorleg Prøving burde kvar einaste Kristen leggja paa si Tru; det var eit av dei vigtugaste Vilkor fyr, at ein kunde koma til full Manns Mogning i sin Kristendom. Dei gjorde det ikkje, fyrdi dei var rædde. Denne Ræddhugen tydde paa, at Trui stod paa laus Grunn, paa mykje annat enn Sanning aaleine. Dei, som fær nokot rikare kristeleg Utvikling, hjaa deim vil vist Trongen til aa prøva den Grunn, dei stend paa, vakna av seg sjølv ein Gong. Men det var og mange – Born og veike - som ikkje burde prøva seg med aa lesa Fritenkjarskrifter. – Det, som gav Fritenkjeriet slik ei Magt no, var det, at dei Kristne tenkjerso reint for lite. Største Skuldi fall i so Maate paa Prestarne og Theologarne. Det var lite med sjølvstendig Tenkjing i den Heimen. Det, som vaare Prestar segjer i vaare Kyrkjur, plagar vere so slakt tenkt, at det ikkje gjev Kyrkjefolket stor Rettleiding til kristeleg Tenkjing. Det aa vera ein Kristen er visstnok ikkje fyrst og fremst ei Tankesak; men difyr er ikkje Kristendomen i Skyldskap med Tankeløysa. Dei fyrste Forkynnarar var langt i fraa aa likna sine Etterfylgjarar i Skort paa sjølvstendig Tenkjing. Dei kom med ein Visdom og ei Aandskraft, som var langt yver den aat alle dei andre. Det at Tenkjekrafti hadde slaknat hjaa Kristendoms-Forkynnarom, tydde paa ein Nedgang, paa Sljoning og Avsovning i Kristendomen. Daa er det Tid fyr Fienden til aa faa sitt Ugras bland Kveiten. Daa kjem ein kristendomsfiendleg Visdom og byd dei slappe, tankeveike Kristne Tanke-Utvikling og Klaaring i mangt, som hev Verde og stort Verde fyr Manna-Anden. Naar no Fritenkjeriet bryt inn og vinn seg Rom, so er det ei guddomeleg naudsynleg Refsing fyr vaar Avsovning. Meiningi er aa jaga dei Truande upp til ein Kappestrid med deira Motstandarar, til meir sjølvstendig Tenkjing yver Kristendomen. Og serleg er det Meiningi aa skaffa oss mykje meir tenkjande Prestar, enn me no hev. Men vil dei Truande og Theologarne gjeva seg til aa tenkja i si Tru, so skulde dei nok faa kjenna, at Tvilen vilde koma nær til deira Sjæl med sine Freistingar. Det hev dei fulla og ei Kjenning av, og difyr flyr dei sjølvstendig Tenkjing. Den, som søv, syndar ikkje, og den som læt vera aa tenkja, tvilar ikkje; men so søv han daa rettnok. Den tankelause Rettruande, som ser ned fraa sine trygge Høgder paa Menneskjurne, naar dei strævar og leitar etter Sanningi, han kan ikkje skyna deira utallege Mistak, deira Tvil, deira Fraafall. Han dømer um alt slikt utan aa forstanda og utan Miskunn. Men den som sjølv tenkjer, den som difyr veit, kvat det er aa vera Freistad, og 50 Gonger stadet seg maateleg i Freistingi, han vil og møta dei menneskjelege Villur med meir Forstand og meir Mildskap. Men difyr er det like visst, at Villa er av det Vonde, like so fullt som all Synd er det. Og Fritenkjeriet, den Villa, som tek fraa oss den høgste Sanning, det er ein større Vonde, enn vaar Tanke kann mæla.
 
Sume av dei, som var tilstads, trudde ikkje det var raadelegt fyr dei fleste av dei Kristne aa faast ved Fritenkjarskrifterne. Det fekk daa, um so var, verta Prestarne, som gjorde seg kjende med Aagripi paa Kristendomen, fyr aa kunna laga si Forkynning deretter. Naar Bruun klagad yver, at det var for lite Tanke i Forkynningi aat Prestarne, so var detta nokot, som sagde seg sjølv. Kristus hadde komet med dei nye store Tankar; paa deim skulde me liva til alle Tider. Det var ikkje sagt, at dei, som kunde handyvla dei djupe Tankar, var dei beste Forkynnarar.
 

 

Frå Fedraheimen 10.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum