Stavanger Amtsthing

 
hev iaar atter negtat aa auka Logmaalet fyr Løn aat Aalmugeskulelærarom. Det er Presten Lied, som paa nytt Lag hev gjort seg til Stridsmann fyr denne laattelege Tanken: "dess laagare Løn, dess betre og røknare Lærarar," og som paa nytt Lag hev fenget eit Fleirtal i Amtsthinget med seg. Etter at Lister og Mandals Amt hev lagt paa, stend no Stavangers Amt att aaleine. Kvat er det daa her um aa gjera? Berre dette: At nokre Stakkars Skulemeisterar med Kona og Born fær læra aa tøygja Tolmodet enno eit Aar – tvo, kannhenda? – tri, elder fleir, kannhenda? Tolmod er ei kristeleg Dygd det, tenkjer Presten. – At dei, som hev tolt og tagt i lange lange Tider, med Von um at eingong vilde det fulla lettna litegrand, dei fær framleids lida vondt – frjosa i laake Klæde og Hus, kannhenda – ganga til Spott i Bygdi fyr Fillurne og Armodi si Skuld, kannhenda – lida Svult, kannhenda – lida med mindre Von enn fyrr um Utløysing. Herdugskap og Smaatøkje hev dei godt av aa øvast i, tenkjer Presten. – At Lærararne under alt dette tapar Modet og Hugen og Dugen til si Gjerning; at dei Lærarar, som duger, søkjer seg aat andreStader; at Amtet vert attsitjande med Udygjurne og aldri fær annat enn Udygjur. Ja, det var no ikkje so meint – fær me vona – av Presten. - At Amtskassa slepp ei Utgift av nokre Hundrad Krunur daa! Spart er spart, tenkjer Presten og Amtsthinget. Skammi og Skaden hev dei ikkje tenkt paa.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum