Peter Schlemihl.

 
[Del 14 av 19. Fyrste delen.]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Du veit, at eg aldri hev brydt meg um Filosofi (Visdomslæra). Eg hev mest haldet meg til mitt eiget Vit og ikkje havt Torv til aa trengja inn i Systemi (Lærebygnadarne). Men no tottest det meg, at den Grunnvoll, min Reisekammerat bygde paa, og det Byggverk, han uppførde, hekk soleids saman med sjølve Livet, at det maatte vera, som han lagde det ut. Ein Ting vantade eg likvel: det, han sagde, gjekk ikkje til Hjartat, berre til Hovudet; det var eit Kunstverk, han bygde, som var fagert aa sjaa til, men til lidet Gagn. Eg høyrde gjerna paa Mannen, og hans Ordhegd fekk meg til fyr ei Stund aa gløyma mine Missfelle, men yvergjeva meg heilt til honom kunde eg ikkje, daa det, han sagde, tottest vera for kaldklokt.
 
Tidi gjekk skjott, og Graalysingi kom, fyrr eg vann med aa tenkja meg um. Eg kvakk, daa eg vende Augo i Aust og alt saag Solsprettingi. Mot Soli hadde eg i det opne Landskap inkje Skyggje, inkje Vern – og eg var ikkje aaleine. Eg kastade Augat paa min Fylgjesvein og tok Fæla: det var ingen Annan enn Mannen i Graafrakken.
 
Han mylte yver mi Rædsla og heldt fram utan aa lata meg koma til Ords: "Lat oss, soleids som det er Sed i Verdi, gjera det meste me kann ut av Laget vaart; til aa skiljast hev me Tid sidan. Vegen her langs Berget er den einaste, som De kann reisa, naar De vil fara vitugt aat. Nede i Dalen torer De ikkje visa Dykk, og yver Bergi kann De ikkje reisa attende dit, De kjem ifraa; det vilde vera Galenskap. Men denne Vegen er ogso min Veg. – Eg ser De ræddest og bleiknar fyr den uppgangande Soli; men det tarv De ikkje: Eg skal laana Dykk Skuggen Dykkar, so lengje me reiser saman, naar De vil tola meg i Dykkar Naand 1); De hev so likvel ikkje Dykkar Bendel med Dykk no, og eg vil gjera Dykk ei god Tenesta. Eg ser nog, at De ikkje likar meg, og det gjerer meg vondt, men bruka meg kann De altid. Den Vonde, som Folk segjer, er ikkje so svart, som dei maalar honom. Igaar hev De argat meg, det er sannt, men idag vil eg ikkje hemna meg; eg hev stytt Vegen aat Dykk, det maa De sjølv sanna. Tak difyr Skuggen Dykkar paa Prøva!"
 
Soli spratt, det kom Folk imot oss, og eg tok imot Tilbodet, endaa det baud hardt imot. Med ein Smil let den Graaklædde Skuggen glida ned paa Jordi; han tok Plass ved Sida av Hesteskuggen og dansade lystugt med. Det Heile kom meg underlegt fyre. Me møtte nokre Bønder, som tok vyrdnadsfullt Hattarne av og gjorde Plass. Eg reid paa og saag med Hækna, Fysna og bankande Hjarta til Sida aat denne Skuggen, som hadde voret min, og som eg no hadde laant av ein Framand, av ein Uven.
 
Denne fylgde sorglaus etter og song paa ei Visa. Han til Fots, eg til Hest – eg fekk ei Hugrenning, Freistingi var for stor, eg stramade skjott Tyglarne, sette baade Sporarne i Sidurna aat Hesten og reid i fullt Tan inn paa ein Sideveg; - men – Skuggen fylgde ikkje med; der Vegen bøygde av, vardt han standande aa vente paa sin rette Cigar. Skammfull vende eg um, Mannen i Graafrakken song Visa til Endes, log meg ut med ein Kaldgrin, sette paa nytt Skuggen til Rettes og gav meg snefsen den Lærdom, at Skuggen ikkje vilde hanga fast ved meg, fyrr eg fekk honom att som logrett Eigedom. "Eg held Dykk", sagde han, "fast ved Skuggen, og De kann ikkje sleppa fraa meg. Ein Rikmann, som De, tarv no ein Gong Skugge, det kann ikkje vera onnorleids, og det er berre det aa leggja Dykk til Last, at De ikkje hev innsétt det fyrr."
 
Eg vardt ved aa rida fram etter Vegen; eg for fram som ein Storkar, alt bøygde seg paa nytt fyr meg, og eg rørde meg fritt og lett no, daa eg hadde Skugge; men yver Bringa laag Kulde og Øgje. Min Fylgjesvein gav seg ut fyr aa vera Tenar hjaa meg, den rikaste og megtugaste Mann paa Jordi, og han var beinsam og velviljug som ingen Annan, men han var altid ved mi Sida og slo tidt og jamt paa, at eg maatte gjera det av med Underskrifti, um ikkje til Annat – so til aa verda honom kvitt. Han baggade meg, og eg hotade honom; eg fælte meir fyr honom, og han heldt meg fast ved mi Faafengd, etter at eg eingong trudde aa hava tradet ut or Verdi. Eg maatte Gong paa Gong høyra honom leggja ut med ei  Sløgd og Ordhegd, som var reint undrande, kor naudsynlegt det var fyr meg aa ganga inn paa hans Forslag, og eg kjende paa meg sjølv, at han diverr, hadde Rett i det, at ein Rikmann ikkje kunde umbera Skugge, um han vilde halda seg paa Høgdi millom Menneskjurna. Men daa eg no hadde offrat min Kjærleik, og Livet hadde misst sitt Verd fyr meg, sette eg meg fastare enn nokot Sinn fyre, at eg ikkje fyr alle Skuggar i Verdi vilde gjeva denne Karen Brev paa Saali. Endelykti saag eg likvel ikkje.
 
Ein Gong sat me ved ei Hola, som Framande brukade aa vitja, naar dei kom paa denne Leidi. Ein kann der høyra Vatsstraumar gjøysa ut yver Berghamrarne i Fossar ned i Djuvet, og kastar Ein Stein inn i Hola, varer det ei Æva, fyrr Ein høyrer honom naa Botnen. Daa me hadde røynt Djupet med Steinkast, tok han til aa maala ut fyr meg i dei mest glimande Fargar – han hadde ogso ofta fyrr slegjet paa den same Streng -, kvat eg med min Pung kunde faa gjort i Verdi, naar eg berre fekk att Skuggen min. Med Olbogarne paa Knei sat eg og dulde Andlitet med Henderna og lydde til. Mitt Hjarta drog seg saman og vidkade seg ut att paa nytt; Freistingi var sterk, og den drog til den eine Sida, men min Vilje var likso sterk, og den drog til den andre. Eg kunde ikkje lenger halda ut detta Tvidrag elder Sundtykkje i Saali og gjekk til den avgjerande Kampen:
 
"Min Herre", sagde eg, "De gløymer, at eg vel med visse Skilord hev gjevet Dykk Løyve til aa fylgja meg, men at eg Inkje hev uppgjevet av min Fridom." – "Naar De byd, so pakkar eg inn." Det fall honom let aa truga. Eg tagde. Han tok strakst til aa rulla saman Skuggen min. Eg bleiknade, men let honom arbeida. Det fylgde ei lang Togn. Endeleg tok han Ordet:
 
"De kann ikkje lika meg, min Herre; De hatar meg, ser eg; men kvifyr hatar De meg? Er det kannhenda, fyrdi De paa opi Mark fall yver meg og med Vald tok elder meinte aa taka mitt Fuglereir fraa meg? Elder fyrdi De freistade, liksom ein Tjuv, aa taka min Eigedom, Skuggen, som De meinte var trudd til Dykkar Ærlegdom, med Dykk? Eg hatar ikkje Dykk fyr detta; eg finn det tvertimot rimelegt, at De prøvde aa nøyta dei Fyremuner, De trudde aa hava, baade med Vald og Sløgd.                                       
 
1) Nærleik, gn. nánd.
 
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum