Notisar

 
Fraa Faaberg er det skrivet til "Norge" um Vonheimsskulesaki: Søknaden um Tilskot var fyrseg-havt idag, og Utgangen var gledelegare og betre, enn ventande var. For me skal hugsa paa, at ifjor var det ikkje meir enn eit Par, som vilde ha røystat fyr Tilskot, og so leggja Merkje til, at no var det 9 – nie. Dette maa kallast eit munelegt Framstig. Dertil skal det og vera fleire av deim, som no røystad imot, som var mykje tvihugade um, korleids dei skulde røysta. Ordskiftet var ikkje langt og helder ikkje kvasst. Skuledirektøren talad langt og smalt. Til denne Tale sagde Klokkaren Brandt - Amen. Dei 9 var: Peder Holager (Lesjar), Jørg. Veum, Ole Valle (Vaagar), Sakf. Li (Land), Stenersen, Hvamstad, Johan Bø (nørdre Fron), Ole Ekre (Dovrar) og Nærby.
 
Ein stortøk ein. Ein Boktrykkjar her i Byen, som er buande i Kristian Augusts Gata, men uppeheld seg Sumarstidi i Sandviki, hadde ikkje havt Stunder til aa sjaa innum heime paa nokre Dagar; daa han Laurdags Morgon kom dit, fann han all sin Husbunad, Innreide, Gangklædi o. s. fr. av alle Slag stolet og ført utor Huset. Tjuven maa ha brukt falske Lyklar, for det er ikkje Spor til Innbrot med Vald.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum