Altslag.

 
Mr. Edison i Ny-York er fulla den Mannen, som hev gjort seg mest namngjeten i det sidste Aars Tid. Det er ikkje Ende paa Uppfinningarne hans. Det er alle moglege Samansetningar av desse græske Ordom, som gjeng att paa alle Leider i den nyare Kulturheimen: Tele og Mikro og Skop og Fon og Graf. Det er no fyrst Telefonen, som sender Ljoden og Menneskje-Talen gjenom ein Traad, mest kor langt det skal vera. So kjem Fonografen, som kann gjøyma vaar Tale, kor lengje det skal vera, og so taka honom uppatt. So Mikrofonen, som gjer det minste Lætet høyrande; Ein kann høyra ei Fluga skraava med Føterne; naar Ein lyder etter Arbeidet i eit Lumeur, er det som eit Kvernhus med mange Kverner i Gang. Deretter kjem ein Varmemælar, so gløgg, at han mæler Varmestraalingi fraa Himelens Stjernur, og segjer paa ein Prikk, kor sterk Varme det stend av ein Finger, som Ein held eit Stykkje fraa; set Ein Stellet ut under berr Himel, so meller det um kvar Sky, som fer yver. Endeleg hev han no i Gjerdom ein Teleskopofon. Det er eit Slags Øyre-Trompet, som naar Ein held honom innaat Øyrat, fangar upp Ljoden av aalmenneleg Tale paa ei Mils Leid. Han hev den Trui, at den som ikkje er meir dauvhøyrd, enn at han høyrer eit Kanonskot, som vert avfyrt ved Øyrat hans, honom kann han med denne Greida faa til aa høyra, kvat det skal vera.
 
Lord Beaconsfield skal flytjast upp fraa Jarl til Hertug, naar han kjem heim fraa Kongressen. Det hev voret fortalt – fyr Moro Skyld – at Dronningi skulde tenkja paa aa flytja honom endaa høgre – gifta seg med honom. Dei hev no longo sidan naatt giftande Alder baade tvo.
 
Kjeisarsonen Louis Napoleon tenkjer seg hit til Nordlandi i Sumar. Det gjeng det Ordet, at han er paa Friarferd til den danske Kongsdotteri Thyra.
               
Sjahen (Kongen) av Persia er ute og reiser att. Han var fyrst i St. Petersborg og deretter i Berlin; men her vart det visst for stuslegt fyr honom, daa andre Mordfreistnaden mot Kjeisaren fall til nett med han var der; no moroar han seg i Paris, just ikkje stødt paa finaste Maaten, er det sagt. Han tok med seg mange Millionar i Gull, daa han for heiman. Parisararne meiner, dei skal hjelpa til aa letta paa Pungen fyr honom.
 
Hungersnaudi i Kina gjeng yver alt, me kann tenkja oss; meir enn 5 Millionar Menneskjur skal ha daaet, og dei fælaste Fraasegner um, at Folk hev voret drivne av Naudi til aa eta Lik, ja drepa andre fyr aa faa Føda, er diverr altfor sanne.
 
Fiskekjerringar er kjende fyr Fiskekjerringkjeften i alle Land. Ein Overst, som nyst hev vortet Politimeister i ein av dei folkerikaste ryske Øystersjobyar, hev no funnet paa ei Raad til aa gjera aat deim fyr denna Skavanken. Naar tvo Fiskekjerringar tok til aa kjeftast fyr Aalvor, og Politimennerne laut ganga imillom fyr aa hindra, at dei reiv ut Augo paa einannan, so gav den nye Politimeisteren stødt Order til aa setja deim inn i same Fangeromet og ikkje sleppa deim ut, fyrr dei hadde kysst einannan. Bannande og skjellande vart "Madamurne" sette inn i Holet, og so trættad dei ei Stund verre enn nokotsinn, men um eit Par Timar vart dei leide av aa vera innstengde, ropad paa Sluttaren og sagde, at no hadde dei kysst einannan. "Ja det er væl", meinte Politimeisteren, "men det er gjort i Myrkret, so Ingen hev set det. De maa gjera det uppatt utpaa Torget." Dei gode Konur maatte brjota seg so smaae au; og med' dei andre Kjerringar stod og spottlo aat deim, maatte dei gjeva einannan Utsoningskysset. Denne framifraa Aatgjerdi vart uppatt-teki gjenom nokre Vikur, so ofte eit Par Fiskekjerringar elder andre handlande "Madamur" kom i Kjekl med kvarandre; men so gjorde ho og so god Verkning – er det paastadet – at det no raader reint ein idyllisk Fred paa Byens Torg.
 

 

Frå Fedraheimen 06.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum