Tyske Aandstilstand.

 
Moriz Carriere hev sett upp ei Bok, som han kallar "Die sittliche Weltordnung" (den sedelege [moralske] Heimsskipnad). Westermanns Monatshefte hev ei Ummæling av denne Boki, og me tek her inn eit Ordrag or den, av di ho gjev ein Vink um dei tyske Aandstilstand no um Dagen, og serleg syner oss den vaknande tyske Reaktion liksom meir fraa Innsida, enn han viser seg i Rikslivet.
 
""Ei Bok imot Tidi", skriv Westermann, "og endaa just ei Bok a a t Tidi", med den Tanken lagde eg fraa meg denne gilde Boki hans Carriere. Ei Bok imot Tidi; for kvat ber væl meir imot fyr den raadande Aand i vaar Alder – den Ein høveleg kunde kalla Maal og Vigt-Alderen – enn aa tala um Tilværet av Magter, som ikkje let seg korkje mæla held vega? Alt sjølve Titelen paa Boki vil vera uskynande fyr mange; andre vil gjera Gjøn med honom, for naar det i den aalmenne Strid fyr Livet berre er Krafti, som raar, og det vitlause Vald elder det sløge Vit, som vinn, - kor skulde daa Verksemdi og Magti aat ein "sedeleg Heimsskipnad" vera atter synande? - Feuerbach hadde spaatt, at Filosofien aat Kjømdi (Framtidi) vart Kemien 1 ); Moleschott talad um ei Flaska, Kemisten kunde hava alle Blandingsemne (Ingredienzen) aat Mannsaanden uppi; Büchner forklarad Tanken fyr ei Rørsla av Toet (Materia), og Häckel kann berre finna det flirande aa røda um ein sedeleg Heimsskipnad, daa heile Mannheims-Soga etter hans Tru berre er ein kemisk-fysisk Process (elder eit Samspil av Naturkrafter). Og den no framstigande yngre Ætt av filosofiske Bokmenn er og fyr det meste fyllt med slike (materialistiske) Tankar. - -
 
Millom dei folkeleg-filosofiske Bøker, som i den seinste Tidi hev vortet mest likte, er F. A. Lange's "Soga um Materialismen 2)." Utslaget elder Utvinningi av denne – aandfullt skrivne – Bok kniper seg inn til den tarvelege Endesum, at vaar Uppfating av Naturen er berre "ein subjectiver Schein" d. e. nokot som ser soleids ut fyr oss, og vaar Metafysik 3) er ei Tankedikting. Denne tvilande Synsmaate maatte vinna Samtykkje alt av den Grunn, at han er Maalberar fyr Einskiljingstanken (Individualismen) i Livssynet; for naar Alt tilslut berre er Synkverving og Dikt, so kann no kvar byggja seg upp si Verd etter sin Smak og sitt Tykkje.
 
Med den fornæme Mina aat ein Hierophant 4), som hev lyft Isis-Sløret og no tykkjest hava Vitend um dei høgste Løyndomar, steig E. v. Hartmann fram paa Tilet. Men daa Ein saag seg nærare til, var der ingenting Nytt i hans "Philosophie des Unbewussten." Det var i det Store ei Samansveising av gamle Tankar (Hegel og Schopenhauer). Og daa Hartmann samstavar med Materialistarne i aa negta Gud, ein fri Vilje og ei udøyeleg Sjæl, so kunde desse helsa Hartmann med all Samhug; for, meiner dei, - og Strauss hev sagt det same i si sidste Bok – Striden millom "Idealisme 5)" og "Materialisme" er berre ein Ordstrid, daa dei tvo Livssyn gjeng ut paa det same til Sluten. - -
 
Naar den vitenskapelege Aand stemner paa dei Leider, so er det ikkje Under, at etter kvart alle Lag av Samfundet ter seg fengde av Tviling, Materialisme, og Nihilisme. Kor me so vil venda vaare Augo, til Storfolks Salar elder Arbeidsfolks Verkstadar og Sjappar, so ser me det same. Men utanpaa er der likevæl Skil aa sjaa. Uppaa Høgdom kvier dei seg paa mange Vis fyr aa vera ved dei ytste Tankefylgder av det nye Livssyn; dei yverklæder Materialismens Nakenskap med idealistiske Utpyntingar; der nede bryr dei seg ikkje um denne Halvskap elder Lygn, djervt og roleg og ende ut segjer dei her det dei meiner. Der uppe gjeld Trui og dei Ting fyr ein 'fable convenue', som ein danad Mann ikkje lenger talar um, og som Ein hjaa dei andre lyt tola, so lengje, som ein Pant i Heilen; der nede dømer og fordømer dei Trudomen som ein Reidskap fyr "Fordumming" og Hardstyre, og meiner, at han til Bate fyr Folkefridom og Folkelukka bør rotast ut med Eld og Staal so snart som Raad er. Der uppeer Sedsemd og Rett, Fedraland og Mannamilde enno ein gangande Dogmatik, som Ein, naar Ein vil vera skikkeleg Mann, maa tru paa, iminsto med Munnen; der nede hev dei fyr lengje sidan komet etter, at det meste av detta er berre tankelaus Ordstas; for Vitenskapen meiner dei, hev synt, at her ikkje er Viljefridom elder aalmennt gjeldande Moral-Logjer. - - Humaniteten elder Mannamilden er enno ein Tanke, som Smaafolket trur paa. Men daa dei ikkje finn, at denne Tanken er komen i Verk gjenom den Samfundsskipnad som no gjeld, - - so drøymer dei seg ihop Socialismens nye Heims-Skikk. Der uppe hev dei enno bergat Resterne av Idealismen (elder det aandelege Livssyn) gjenom si Dyrking av Kunsten; men der nede, der dei hev litet Tanke og Tid til slikt Yrkje, talar og skriv dei alt um det Meinsame ved Æsthetiken (Vænleiks- og Kunstlæra) og um Naudsyni av aa faa ein Ende paa den Greida.
 
So stend det no med det aalmenne Aandsliv, naar Ein dertil minnest den samtidige Uppvakning av Mysticismen 6) i supranatural Kyrkjetru og Aandetru (Spiritisme). - -
               
Og endaa kjem Carrieres Bok just i rette Stundi. Det er i Sanning paa høg Tid aa greida litegrand upp i desse Dagsmeiningar - -, for dei tek til aa forgifta Folket vaart alt inn i dess innste Liv. Me kann alt ymsestad merkja dei Frukter, som veks paa detta Kunnskapstre! - -"
 
- Ein skulde etter alt detta tru, at Carrieres Bok maatte innehalda sumt framifraa Nytt til Lækjedom fyr alle desse Sjukdomar. Men det ser ikkje likt ut til det. Med sin "sedelege Heimsskipnad" meiner Carriere, etter Westermann, "at paa Underlag av det blinne, naudsynleg-verkande Naturgangverket reiser seg Riket aat den frie, med-seg-vitande Aand, der dei "ethiske Kategoriar og Ideal" (dvs. Vilje-Logjerne) syner seg, ikke som "Maa", men som "Skal" (d. e. ikkje som Naudsyn, men som Skylda). Desse Vilje-Logjer fører Mannsætti fram fraa eit Upphav av Villmannsskap og eit sanseleg-sjølvsjukt Tilvære gjenom harde Basketak og svære Lidingar upp til eit Rike av Tanke og Fridom. Av si Yvervitning um detta høgare Fyremaal tek daa Forf. si Tru paa, at Sjæli er udøyelig, og vinn yver Pessimismen 7). I Kunsten fyregrip me alt den komande Forsoning, men i Gudstrui vert det kjennande liksom Andardraatten aat ein høgare Aand, som Mannen er skapt til aa verta Eit med. Denne Eining elder Samveksing, som gjeng fyr seg i det aa vilja det Gode, er Byggingi av Guds Rike og Fullkomingi av den sedelege Heimsskipnad, og i den – som er Endemaalet aat all Natur- og Soge-Utvikling –
vert Gud sjølv openberr som evig Kjærleik".
 
Westermann kallar detta eit "tankerikt Livssyn" og ynskjer, at Boki maa verta, det ho er gjord til: "ein trygg Førar gjenom Tvilen og Vonløysa i denne Tid".
 
1) som finn ut Toet i Tingi, løyser dei upp og segjer kvat der er i dei.
2) Materialismen gjeng ut ifraa, at Toet (Materia) og den til Toet bundne Kraft er det einaste i Sanning Verande; sml. hellest ovanfyre.
3) som prøver aa forklara Tilværet med og ut av Tanken.
4) ægyptisk Prest.
5) som gjeng ut fraa at det Aandelege, Tanken, "die Vernunft", er det i Sanning Verande, so alt annat hev sin Grunn og sitt Tilvære i den.
6)I Sjælelæra skil Ein millom Vit (Tankeliv) og Kjen sla (Hjarteliv). Naar Tankelivet fær Yvertaket, so
vert det gjerna "Rasjonalisme"; men fær Hjartelivet Overmagt, so kjem "Mysticismen" med sine Kjenslur og Draumar. – "Supranatural": yver-naturleg, som gjeng paa det yvernaturlege.
7) den Læra, at alt er so galet som det kann vera, og at det beste fyr baade Mannen og alt annat var aa ikkje vera til. (Livet hev ikkje nokot vitugt Fyre maal, og helder ikkje Fagnad nok til aa jamna upp all den Sorg og Liding.)
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum