Lysingar.

 
St. Johannes Evangelium i Bygdemaal fra Vestre Telemarken. Pris 80 Øre. Er aa faa i Ringvolds Trykkeri, rett imot Eidsvollsstationen.
 
 
Fraa April av
kjem "Fedraheimen" tvo Gonger i Vika. Prisen er den same som fyrr: Kr. 2, 20 fyr Halvaaret (elder Kr. 1, 10 fyr Fjordungaaret) med Postpengar og alt.
               
Bladet hev no betre Rom til nokot av kvart; serleg kann det fortelja meir Nytt, so at Folk vil kunna hjelpa seg med Bladet i den Vegen. So hev det og ein fast Skuleartikkel, som inneheld Tidender (og andre Stykkje) um Aalmugeskulen, Folkehøgskulen og Amtsskulen; ledige Lærarposterm. m. Hellest vil det som fyrr innehalda: Utgreidingar um ymse Ting, Politik, Reise- og Naturskildringar, Forteljingar, Segner, Dikt, Rispur o. d. Gode Menn er med og skriv.
 
Bladet er enno aa faa fraa Nyaar 1878.
 
 
Andvake,
trie Aargangen av "Svein Urædd." Nokre Eksemplar er enno aa faa i Ringvolds Boktrykkeri, Jernbanegata 6, ved Eidsvollsstationen. Kostar heftat 2 Kronur.
 
 
Det norske Samlag.
 
- 1878. 9de Aaret. -
 
Samlaget hev til Fyremaal aa hjelpa fram den norske Bokavlen, og gjev ut Bøker baade paa Landsmaal og i Bygdarmaal.
 
Den, som vil vera med i Samlaget, bitalar 4 Krunor Aaret (elder 60 Kr. eingong fyr alle) og fær daa alle dei Bøker, som Samlaget gjev ut, fritt sende med Posten Ein melder seg i Brev til "Rekneskapsføraren fyr det norske Samlaget (Lærar Johanson, Rusløkvegen 44) Kristiania," og maa med det same senda Aarspengarne.
 
Dei, som no skriv seg og bitalar med same, fær fritt ikring 8 Bøker elder Hefte (af Aasen, Vinje, Janson m. fl.), so langt Upplaget rekk, - umframt dei nye Bøkerne, som kjem ut i Aar.
 
Av dei Bøker, som truleg er ventande i 1878, skal me nemna: Norske Fornkvæde og Folkevisur I; Dikt av Jørn Telnæs; Norske Eventyr ved Kristofer Janson; Soga um Magnus Gode, Harald Haardraade, Olav Kyrre og Magnus Barfot (Snorre III); Gudelege Smaabøker II. o. m. – Ein fær og fritt til-seg-sendt Maanadsskrifti "Fraa By og Bygd," som kjem ut i Bergen.
 
Paa 6 bitalte Bøker fær Ein den 7de fritt. Likaeins vert Ein lagsmann fritt, naar Ein melder og bitalar fyr 6 nye Lagsmenn.
 
Eldre Lagsmenn maa altid hugsa aa senda inn Pengarne fyr kvart Aar i fyrste Helvti av Aaret; hellest stansar Boksendingi, so lengje til dess Pengarne kjem.
 
 
Fraa By og Bygd,
Maanadsskrift aat Vestmannalaget, kjem ut i Bergen med eit No. paa 16 Sidor Oktav kvar Maanad. Det kostar 2 Krunor Aargangen, fritt sendt med Posten, og kan tingast paa alle Posthus i Landet og i Bergen hjaa Kasseraren i Vestmannalaget, Olav Paulson.
 
Innhald 1878: Godt Aar (av Olav Lofthus). – Vel møtt paa nytt. – Vaart nationale Stræv i Samhøve med raadande Hugstemnor her heime (av Hans Mo). – Ørne-Augat. – Um Kunstarbeid (Fyredrag av A. O. Vinje). – Ei fager Lid; Jonsok-Kvelden (av H. E.). – Ein Sumardag i Jerusalem i Aaret 9 fyre Kristus (etter F. Delitzsch). – Um Sleden, Eit Blad av Husflidsarbeidets Historia. – Natturi og Folkelivet ute med Havet. I. & II. – Knausarne paa Golgatha. – Vakn upp du Norigs Diktarstreng (av H. E). – Borni hans Gamle-Gunnar, Regla fraa Sunnfjord – Ymist. – Fraa Naumdal.
 
 
Oplandenes Avis,
udgivet af Kand. O. Arvesen, Hamar, udkommer i stort 5-spaltet Format 2 Gange om Ugen med et mindst 14-dagligt Tillæg "For Kirke-, Skole- og Folkeoplysning". Prisen for Hovedblad og Tillæg der maa tinges sammen, er 4 Kroner Halvaaret og 40 Øre i Postpenge.
 
 
Hugs no paa aa senda inn Bladpengarne i rett Tid. Du sparar deg dermed sjølv fyr aa faa Stans i Bladet, og du sparar oss fyr eit stort Bry. – Betal helst fyr eit halvt Aar med same; det er mindst Bry baade fyr deg og oss.
 

 

Frå Fedraheimen 03.07.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum