Utlandet.

 
Det hev stadfest seg, at Kongressen hev komet til Semja um det bulgariske Spursmaal. Fraa Berlin er telegraferat den 26de Juni: Sud-, Aust- og Nordgrensa aat Bulgaria er avgjord i det store teket; derimot stend det enno att aa staka av Vestgrensa. Ei europæisk Nemnd, som det seinare skal verta valt Medlemer aat, skal setja Deilet nøgnare. Det heiter seg, at det er komet til semjing um aa leggja ned baade Donaufestningarne og Festningarne i Bulgaria. Enno stend det att aa raadleggja um ymse einskilde Spursmaal, derimillom ei Vedtekt um Fyrstevalet. Lord Beaconsfield skal etter "Post" ikkje ha viljat standa ved Salisbury's Lovnad um, at dei turkiste Herar skulde dragast ut or Sudbulgaria, og Ryssekjeisaren skal ha gjenget inn paa, at Turkarne kann verta verande der. Andre Blad derimot fortel, at denne sydre Luten skal ha sin eigen innfødde Her, og at denne ikkje skal ha nokot annat Samband med Turkiet, enn at Sultanen skal utnemna Offiserarne. – Dei rysske Utsendingar hev vist Montenegro og Serbia av og til aa tinga beinveges med Austrike, at ikkje dei Spursmaal, som deim vedkom, skulde reisa nye Meinhøve fyr Kongressen. – Rumænia hev no sett upp sine Krav fyr Kongressen soleids: 1) Ingen Lut av den Landvidd, som no høyrer til Rumænia, vert avlaten; 2) Rumænia skal ikkje nøydast til aa tola, at dei rysske Herar marserar gjenom Landet; 3) Etter gamall Rett tek Rumænia til Eigedom Donauosen og Øyarne der; 4) Rumænia fær ei høveleg Betaling fyr den Hermagt, det let til i Krigen; 5) Landet vert endeleg kjennt friraadugt og fredlyst.
 
Avtalet millom Sjuvalof og Salisbury hev vekkt stort Misnøgje i Ryssland som i England. St. Petersb. Vjedomosti skriv: Desse Tidender kann ikkje annat enn gjera kvar rysk Mann gram og hugfallen; for dei tyder korkje meir elder mindre, enn at Ryssland skal ikkje ha vunnet annat ved sit Blod og sine Sigrar enn aa styrkja Englands Magt. Ei slik Semja vanvyrder Ryssland og bind Henderne paa det i Framtidi. Beste Luten av Bulgaria kjem likefram under Englands Velde. – I Novoje Vremja heiter det: Det er ikkje for mykje sagt, at dei Fyremuner, som Ryssland vann i San-Stefanofreden, er nedsette til det halve, og det er berre ein Talemaate, at dette skal vera til Bate fyr Turkiet. England fær Verjemaalet yver det asiatiske Turki, og Ryssland aabyrgslar det denne Hervinningi til ævelegTid, medan det sydre Bulgaria vert umskapt til eit engelskt Underbruk. Den engelsk-ryske Semja hev ikkje annat aa segja, enn at ho hev ført Englands Ovlæte upp i Dagen. Europa maa ikkje tru, at Ryssland hev gjort so uhorvelege Offer fyr aa gjera England til Herre yver Turkiet.
 
Til ei Prøve paa korleids Høgbrotssakerne vert førde i Tyskland fortel eit Blad dette Hende:
 
Møbelhandlar Løwenstein, som var forklagad fyr Høgbrot, hev gjort Ende paa seg i Fangehuset. Han hev fraa fyrste Stund neittat det, han var skuldad fyr, og han hev stødt vitnat, at han korkje fyr nokre Aar sidan elder no etter Hødels Mordfreistnad hev brukt slike Ordlag, som dei hev viljat havt paa honom. Det var ei Røynsla, at Løwenstein stod paa ein spennt Fot med den eine av Forklagarom. Likeeins er det provat, at Løwenstein aatte Dagar etter Mordfreistnaden skreiv til Son sin, som studerad ved Universitetet i Leipzig: "Denne Mordfreistnaden av den vitlause Bleksmed og Skreppekræmar Hødel, hev ogso her vekkt den største Harm, kann du vel tenkja deg. Denne Freistnaden er ein av dei syrgjelege Frukter, som den nye Tidi hev saatt ved aa eggja i Ord og i Skrift. Korleids kann det og vera annarleids, daa Sedskapen, Gudstrui, alle Samfundsloger vert trakkade under Fot? Den aalmenne Klagemagt vert til Slut magtlaus, og med Kjempesteg næmar me oss det same Tilstandet som Frankrike i 1789. Um dei Fyregjerder, dei tenkjer aa taka til imot Socialdemokratarne, no kann hjelpa nokot, er etter mi Meining mykje uvisst; Forgifti hev no ein Gong etet seg inn, og ho let seg ikkje lenger driva ut or desse umogne Kropparne." Det er vandt aa skyna, korleids ein Mann, som talar slike Ord til Son sin, skal ha gjort seg skyldug i Forbrot mot Kjeisarens Majestæt. Skyldingarne til den avlidne forklarar Sjølvdraapet soleids, at Løwenstein hev vortet orvønen yver den Medferdi, han leid. Han vart førd med bundne Hender, maavita, saman med ein annan Fange til Fangehuset i Neustadt, og der gjorde han Sjølvdraapet.
 
D r. Nobiling ligg framleids i Uvit. Fyrre Maandagen fekk dei ut eit Stykkje Bly or Hovudet paa honom; men Pulsen er veik, og Livsrørsla minkar Tid fyr Tid. Nokot Forhøyr hev det sjølvsagt ikkje enno voret haldet yver honom. Helder ikkje hev dei voret god-til aa finna medskylduge, endaa dei hev visst gjort sitt beste baade Politiet og andre.
 
Kjeisar Wilhelm hev i alt fengjet 26 store Hagl i Nakken, vinstre Kjaken og vinstre Oksli. Tvo Hagl hev gjenget inn i Metalklædningi paa Hjelmen, so det er trulegt, at denne hev frelst Livet hans. Han hev misst mykje Blod, men ikkje havt nokon Saarfeber, og han skal no vera so god, at han gjeng kringum i Romet sitt. Han skal vera so stiv i Armarne, likevel, at han ikkje kan nøyta deim til aa føra Maten til Munnen, og dei Hagl, som sitt att i Saari i Uvleden, skal ikkje vera faarelause.
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum