Peter Schlemihl.

 
[Del 12 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
"De gjev meg visst Ret i, at ei slik Kappa er god aa hava. Ho gøymer ikkje berre Mannen, men ogso Skuggen hans og so mange andre med, som Ein berre vil. Ser De, idag hev eg atter med meg tvo Skuggar." Han mylte. "Merk Dykk det, H r. Schlemihl, kvat Ein i Fyrstunne ikkje vil med det Gode, det verdt Ein likvel umsider tvungen til. Eg tenkte det, at De nog kaupte Skuggen av meg og heldt Brudi fyr Dykk sjølv - enno er det Tid til det -, og me læt Raskal dingla i Galgen; det vil vera lett, solengje det enno finnst Tog. Høyrer De, eg gjev Dykk enno Hatten min attpaa Kaupet."
 
Moderi kom ut. "Kvat tek Mina seg til", sagde Mannen. – "Ho græt." – "Einfalduge Barn! Det stend likvel ikkje til aa brigda!" – "Nei visst; men aa gjeva henne aat ein Annan so tidleg - -. Aa, Mann, Du er hard imot Ditt  eiget Barn." – "Nei, Moder, Du ser Saki fraa Rangsida. Naar ho, enno fyrr ho hev graatet ut dei Taarar, som likvel ikkje er annat enn Barnetaarar, verdt Kona aat ein Mann, som er rik, megtug og velvyrd, vil ho finna Trøyst i Sorgi, vakna som or ein Draum og takka Gud og oss, det vil Du faa sjaa!" – "Gud gjeve det var so vel!" – "Ho hev vistnog gode Eigneluter baade i Jord og Lausøyre; men etter det, som er hend, vil det likvel vara lengje, fyrr det kjem ein ny Bidlar so hæv som Raskal. Veit Du, kor myket H r. Raskal eig? Han hev Jordegods fyr 6 Millionar her i Landet, fritt fyr alle Hefte, og skylder ikkje ein Øyre paa det. Eg hev havt Kaupebrevi i Handi! Det var han, som hadde voret fyre meg alle Stadar og kaupt det Beste. Og attaat di hev han i Portefølje Papir paa Thomas John fyr halvfjorde Million." – "Ja, han maa hava stolet til Gagns." – "Kvat er no detta for Talemaatar! Han hev viseleg spart, der Andre hev øydt". - "Ein, som hev boret Livré" (Tenarklæde)? - "Snakk! Han hev daa imindsto ein Skugge, som det ikkje er nokot aa segja paa." – "Du hev Rett, men - - -".  
 
Den Graaklædde log og saag paa meg. Hurdi gjekk upp, og Mina trod ut. Ho studde seg ved Armen aat ei Kammerjomfru. Stille xxx flaut henne ned yver dei bleike Vangar. Ho sette seg paa ein Stol, som var tilbudd aat henne i ein Lund av Lindetre. Faderen sette seg ved hennar Sida, treiv Handi hennar og rødde til henne tydt og blidt, med di ho tok til aa graata stridare:
 
"Du er mitt eiget gode, kjære Barn, Du vil ogso vera vitug, veit eg, og ikkje gjera Din gamle Fader Sorg; han vil berre Di Lukka. Eg skynar vel, at det, som er hendt, hev teket hardt paa Deg; Du er, liksom ved eit Under, frelst ut or den Faare, som trugade Deg! Fyrr me fekk rivet Maska av denne Uverduge, heldt du myket av honom, eg veit det, Mina, og eg kann Inkje segja um det. Eg sjølv, kjære Barn, heldt ogso av honom, til dess eg fekk vita, korleids det var med honom. Um det so berre er ein Hund, so hev han ein Skugge, og Du, den einaste Dotter aat skikkelege Folk, skulde taka ein Mann - - - Nei, Du tenkjer ikkje meir paa honom, veit eg! – Høyr, Mina, no bidlar det til Deg ein Mann, som ikkje ræddest Soli, ein ærleg Mann, som visstnog ikkje er nokon Fyrste, men som eig ti Millionar, ti Gonger meir enn Du hev, ein Mann, som vil gjera Deg lukkeleg. Seg ikkje Nei, set Deg ikkje imot, ver mi gode, lyduge Dotter, lat Din kjærlege Fader syrgja fyr Deg, turka burt Dine Taarar. Lova meg, at Du tek Hr. Raskal. Vil Du lova meg det?
 
Merknad!
Manus uleselig!
 
Ho svarade laagt og tungt: "Eg hev ingen Vilje, inkje Ynskje meir paa Jordi. Det fær verda med meg, som Du vil." So kom Raskal og trod skamlaus inn i Krinselen. Mina fall i Daan. Den fyr dei Andre usynlege Graaklædde kastade ein vreid Blink paa meg og kviskrade: "Og detta kann De tola! Kvat hev De daa i Aadrerna? Blod kann det ikkje vera!" Han gjorde ei snøgg Vending og rispade eit ørlitet Saar i Handi mi, det kom ein Bloddraape, og han heldt fram: "Sanneleg, raudt Blod likvel! – So, skriv daa under!" Eg hadde Pergamentet og Pennen i Handi.
 
VII.
 
Den, som i Lettvisa stig berre med den eine Foten ut or den rette Vegjen, kjem heilt inn paa den range. Og er han fyrst komen ind paa Villstigen elder Vegjen til Avgrunnen, ser han faafengt upp til Stjernurna etter Leidretting; han hev imindsto vandt fyr aa stadna og venda um. Soleids ogso med meg: Eg hadde fyrst selt Skuggen, det var slemt, men attaat di hadde eg etterpaa voret lettvis nog til aa knyta Kjærleikshandel med ei Gjenta, som var verd ein betre Skipnad; det var verre. Eg hadde tvunget Mina inn i mi Uhemja ved aa løyna mi Skuggeløysa fyr henne og Grunnen til denne, og no var den skire Drosi paa Veg til mot sin Vilje aa verda burtgjevi til Raskal, som var eitt Umenne. Kvat Annat hadde eg daa aa gjera enn aa finna meg i det Verste, naar eg derved kunde setjast i Stand til aa koma til Hjelp, medan det enno var Tid? Tenk ikkje so laagt um meg, at nokon Pris tottest meg for høg fyr detta. Alt, som var mitt, hadde eg med Gleda gjevet til aa halda den skire Drosi burte fraa Raskals Vegjer – fyr hennar, ikkje berre fyr mi eigi Skuld! Men eg bar paa eit brennande og usløkkjande Hat til den gaatesame Graaklæde, som aatte baade Hulderkappur og usynleggjerande Fuglereir og raadde yver Andres  Skuggar, tilmed soleids, at dei gjekk ut fraa Føterne hans i mot Soli; det baud imot aa taka nokot meir fraa honom. Og her trod, liksom ofta i mitt Liv, og i Heimssoga med, ei Hending i Staden fyr ei Gjerd. – Seinare hev eg funnet Fred med meg sjølv. Eg hev lært aa æra det naudsynlege, og kvat er meir dess Eigedom enn gjord Gjerning, hend Hending? Og eg hev ogso lært i det Naudsynlege aa sjaa ei vis Grunnlog fyr det heile store Drivverk, som me Menneskjur er berre medverkande, drivande og drivne Hjul i; det, som skal vera, maa verda, det, som skulde vera, vardt, og ikkje utan hi Grunnlog elder hin Lagnad, som eg ogso hev lært aa æra i min Skipnad og i deira, som hadde nokot med meg og mitt aa gjera.
 
Eg veit ikkje, um det kom av det spanande Tilstand eg var i, elder av, at eg litet hadde havt til aa kvika Likamen med i dei sisste Dagar, elder endeleg av det Upprør, den graaklædde Meinvette sette meg i, nog er det, daa eg tok Pennen, fall eg i eit djupt Daan, og lengje vart eg liggjande sanselaus som millom Liv og Daude.
 
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum