Fraa Sætersdal.

 
Av Olav A. Thveitaa.
(Sluten).
 
I Sætersdal va der au i gamle Dage svære Kjempur. Paa Kvaale i Bygland va der ein slik Kjempekar, som het Jørund Kvaale, aa han va au so gruveleg vonde aa sinnegalen, at alli noko Menniskji vaaga ti aa ørte seg ut mæ han. Han va au fælt mykji hatefudde paa Fatigsfolk aa ville reint tyne dei; men de treffte seg daa eigong, at der kom ein fatige Stavkar reisande, aa han blei um Nottæ sjaa 1) han Jørund, som daa va i eit sers gott Lag, aa han traktera Mannen baa mæ Mat aa Drikke. Um Morgonen daa han no gjore seg færige ti aa reise, daa fygjer han Jørund Fatigsmannen utpaa Staburi, aa gav han ei goe Gaave au. Mannen takka daa, som venteleg va, aa so seie han: "Ja no ser eg, at de inkji æ sant, som Folk seie um Jørund; han Gunnar Lauvdal varde meg mæ, at eg laut agte meg fyri aa kome inn ti deg, fyr hellau drap du meg, sa han." "Ja heve den Mannen sagt de", sa han Jørund, "so ska kji nyttog Manns Or gaa tibakers," aa dermæ dreg han Kniven upp o Slira, fata Stavkaren i Bringa aa stakk han ihel paa Staen.
               
Han Jørund sill no au vere Banemann ti Son hass Presten paa Bygland i den Ti, som han ha fengje eit Hakk ti. Han listar seg daa mitt aa kurraste Nottæ burtat Preste-Garen, krabbar upette Stigjen aa innigjenom Loptsglasi ti Prest-Sonen, triv han i Sengjæ aa borar daa Kniven igjenom han aa strauk sin Veg att.
               
Paa Heiesta (ein Gar i Austa Sokn, Anneks ti Bygland), va der au ei svære Kjempe, som het Staale, aa han aa han Jørund Kvaale ha blevi gruveleg Uveni um Karsstykkji; men de va daa gjæni so, at Staale fira unda fyr han Jørund, naar de rektig leita paa. Han Staale Heiesta ha' laga seg eit Vers um sykk soleids: "Hesten min haite Lislerau, aa sjav so haite eg Staale; men eg vill helle vere dau hell slaast mæ han Jørund Kvaale."
               
I Jolæ va de jamt aa samt fyrr i Tiæ hallnesvære Drykkjelag, som no enno hender traatt her i Sætersdal. Der kunn daa jamvæl vere dei Menna, naar dei va rike aa velstaaande, som kunne bryggje eit-par Tunnu Malt ti Jol, aa deryvi au, mæ noko uhorveleg sterkt Øl, som tok fælt i Hovui. Um Joleptdagsmorgonen va dei uppe fysst at de lei ti Midnott, hell noko yvi, fyr aa skipe aa stelle sykk ti Jolæ, aa detti kadda dei Joelptdagsotta. Um Joleptdags-Kvellen bruka dei daa aa skjote inn Jolæ, som no æ Vis enno her i Dalen. De va daa fyr de meste Gutann paa ein Gar hellau stundom i ei heile Grend, som samla sykk ihop, aa dei sill daa skjote inn Jolæ i kver Stoga aa so inn aa smake paa Joløli. Som tiast blei daa dessi Joleskjyttarann so reint yvifudde, at dei kanta ein her aa ein der, so dei inkji vann heimatt um Joleptdagskvellen. Joledagsmorgonen tileg helsa Husiss Folk paa kveraire mæ Ynskji um gleeleg Jol aa den Dagjen aa Kvellen sat kver heimi sjaa seg; de sill daa vere ei Ætteskaam, um nokon fann paa aa gange at ei onno Stoga um Joledagjen. Annedags-Kvellen for dei ti mæ Jolegjesteboæ, aa daa sill dei vere ei Nott sjaa kver Mann, alt ti dei no ha fare runnt, aa de sill vere reint ei store Vannvyre, um de trefte seg, at Joløli traut fyr nokon Mann fyre Tjugend-Hæ'gjæ. I dessi Jolegjesteboæ gjekk de no fyr de meste gamasamt ti mæ Spiling, Dansing aa mæ aa kvee Kjempevisur aa Stev. Dei gamle Gubbann sat gjæni kringtum Bori goeveni, song Kjempevisur aa fyrtaalde kveraire gamledags Røur. Men de va no kji allstøt, at desse Jolegjesteboæ gjekk so fresamt av seg; fyr stundom kunn der bli sodant Levend aa Slaastba, at de no va paa svaarte Livi aa titt enda mæ Drap, aa dei fekk daa finne sykk i aa reie ut Mannebot, som fyr de meste va Sylv hellau stundom ein visse Teig av Garann sine, aa denni Botæ bleiv no skjipa ette Rikdomen.
               
Ti Likfæri (Gravøl) brukte dei au i fyrrige Tier aa bryggje mykje aa sterkt Øl, heile Grændæ sill daa beast inn baa Store aa Smaa, aa som tiast gjekk de daa kji stort likare ti mæ Ovdrikking hell i eit aanno Verskap, Jolegjestebo hell Bryddaup 2). De va daa au jamleg so, at ein av dei nerasta Skyllingann aat den Avfarne sill skjenkje ut Vælfarkoppen aa halle liksom ei Likpreke, um han va so vællærde og mota, at han trude seg. Eg ska mæ de same fyrtelje um ein Mann, som het Vraal Lyse, som eigong sill gjere ei sovori Likpreke yvi ei Kjering, som han va i neri Skyllskap ti. Han Vraal foor daa ti so umlag: "Aaja ja, de æ no kji so iddi 3) fyr Mannen, um eit Baan døyr; de æ liksom barre de eine Stobbandi 4) dett unda Sle'inn; men ska Kaana hass døy, daa æ de liksom heile den eine Meien dett unda Sle'inn, aa daa æ daa Mannen reint førelause."
               
Naar dei i gamle Dage gjore Bryddaup, kunne rike Menna bryggje fleire Tunnur Malt, fysst at eit av Bonnæ deiris sill gjipte seg, aa dei gjore daa si støste Fli mæ aa faa Øli so sterkt som mogelegt. Somesta, mæ Øli sto i Gangjæ, bruka dei aa danse aa staake kringtum Ølkjeræ aa lage sykk, som dei slost, daa sill der daa i Bryddaupi bli eit fælt Uppstyr aa Levend mæ Drykk aa Slaastba, fyr di fælare Levend der blei, ti hævare sill de vere. I store Bryddaup kunne dei fleiri Dage i Ra hafle de mæ Drikking aa Dusing. Adde Skjyllingann ti Brugom aa Brur aa heile Grannelagji so mange, som kunne baa krjupe aa gaa, sill beast ti Bryddaups, aa de gjekk daa ti umlag som eg fyrr hev nemt um Jolegjesteboæ. Dei fann daa paa alt de Gama, dei kunn uppihitte, fyr den, som kunn vere løglegaste aa faa Folk ti læ meste, va den gjillaste.
 
Som Se aa Vis æ enno her i Dalen, ha dei au i gamle Dage Brugomsmenna, Brukaanu, Leiesveina (Bruresveina), Spilemann, Kokk aa Tappari, som raade fyr Drikka. Den fyste Bryddaupsdagjen, fyr Brufæræ for ti Kjyrkja, sill Brukaanunn fygje Bruræ ut paa Staburslopti, aa der klæ hæ i sin fudde Brurestas. Ho bar daa paa Hovui Sylvla, tvo Stakka, ein blaa aa ein rau. Baaetvo Brurestakkann va av gott Klæi aa utkanta mæ breie Gull- aa Sylvborur; um Livi bar ho eit drustelegt aa svært Sylvbelti, aa paa Halsen eit tykt Halskjæi (Dalelekkji) av Sylv, som der va ein vie, stor, utkrota Sylvdali i. I Bringa bar Bruræ mange gjyllte Lauvsylgjur og Ringa, soat naar ho ha paa sin fubbe Stas, skramla ho som ei Bjøddekjyr naar ho gjekk hellau lea paa Hovui. –
               
Brurestasen va uhorvleg dyre, han kosta daa vist yve eit 100 Dale, so de va no kji ko 5) dei rikaste, som kunn vere Eigara av heile Stasen. Støsteparten laut bergje seg fram mæ Laaning. De va no Brukaanunns Rett aa gange utyve Garann der runnikring aa laane ihop de som tihøyrdi ti Brurestasen. Brugommen bar paa Hovui ein trikanta Hatt hellau ei blaa Klæishuve. Kupta, (Trøya) va av blaatt Vadmaal aa so si, at ho rokk heilt neaa Mjønninn, knappa mæ Sylvknappa. Buksunn kaddast Stuttbuksur hellau Knebuksur, fyrdi dei rokk kji leng hell neunde Knei, aa i dei bruka dei svære Knespenni av Sylv. Um Livi blei Buksunn hallne innat Kroppen mæ eit Le'irbelti, som no va yvesett mæ Møssingsylgjur, aa som au brukast ti aa hengje Kniv-Slira aa Sværi i; fyr i dei Dage vigde Brugommann mæ Svær, som kaddast Brugoms-Svær.
               
Naar daa Bruræ aa Brukaanunn, som fyrr umtala, va væl færige utpaa Staburi, gjekk Spilemannen aa Bruresveinann etti ut fyr aa leie dei inn-att at Bryddaupsstoga. Spilemannen gjekk daa fyri felande Reieslagji (Brureslaatten) aa Brure-Sveinann etti leiande mæ Bruræ, aa dei smellte daa mæ Hurinn (Dynnann) so hardt fyr Bruræ, at de va neri, dei flaug uto Dyreskjiæ, "so smellte dei Huræ fyr Bruræ." Fysstat daa Bruræ aa Brukaanunn va leidde inn-att at Bryddaupsstoga, helsa dei paa Brugommen aa Fygjingsfolkji, (dei som sill fygje ti Kjyrkja); so bar de daa upp at Brurebori, som Kokkjen væl ha' yveskjipa baa mæ Mat aa Drikke. Naar dei daa væl ha sessa sykk kringtum Bori, Brugom aa Brur i Høgsæti, sill Bruræ ha sine Benkjegaavur. Bruresveinann foor daa ti aa krevje ette dessi Gaavunn, som no Brugommen laut reie ut fyr aa løyse Bruræ si av Benkjen; fyr gjore han inkji de, meinka Bruresveinann Brugommen aa faa Bruræ mæ ti Kjyrkja. Bruresveinann va no au dei, som værsette Bruræ, aa va ho rik aa svært stasa, kunn dei setje hæ i nokle hundre Dale. Der blei daa ei fæle Pruting um dessi Benkjegaavunn mæ Brugom aa Brugomsmenna, som no støtt totte, at Bruresveinann va reint fyr gjæse, aa detti kniptist dei um solengji, alt ti dei daa endeleg kom ti, - liksom naar mi 6) prutar um ein Hest hell ei Kjyr mi vi' kaupe.
               
Bruresveinann va no allstøtt so rimelege, at dei slo av paa Benkjegaavunn ettekvert, soat dei daa ti Slutt kom yvieins mæ Brugom aa Brugomsmenna, som daa tok Bruresveinann i Haand aa nevetakka dei, aaso sill dei daa ha liksom ei Kaupskaal. Kjøkemeistaren va no den, som sill skjipe Folk ti Bors, aa daa fyrdemeste song han eikort 7) Vers, fyr dei foor ti aa ete, aa han va de au, som skjenkte mæ Brurebori. Naar daa adde ha ete væl fraa seg, sill dei fysst ha sykk nokle Hallinga, aa so bar de avstai i Kjyrkja mæ Brufæræ riande hell kjøyrande, ettisom Vegjen hell Føri va ti, aa dei drassa daa mæ sykk mykji Drikke fyr aa spandere paa "Kjikkarann", som møtte ti Kjyrkja i Flokketal, fyr aa sjaa Brufæræ aa faa Spandas. Etti Vigjingjæ drakk aa dansa Brufæræ eit Bil i eikor Stoge intemæ Kjyrkja fyrr dei foor paa Heimvegjen att. Fysstat Brufæræ daa va heimattkomæ, blei dei bone 8) vælkomne, aa Brugom aa Brur ynskte ti Lykke. Um Kvellen samlast der daa au att mange Kjikkara hellau Utelaupara, som dei au kaddast. Der va daa adde, som va nyfikne ette aa faa vite, kosleis de i Framtiæ sill kome ti aa gange detti Pari, um de blei rike hell fatige; fyr paa detti ha dei visse Merkje. Brugommen sille mæ Sværi innat Ellhusi hell Røykstoga, som de au kaddast, aa karte adde Gjæjepinnann, aa kunne han daa mæ eit Hogg hogge dei av ein fyr ein, va de eit goslegt Merkji; men kunn han inkji, saag de helle myrkt ut. Bruræ sill stande like utfyr Mannedynnæ aa tømje ein Eiskjælskopp 9) fyllt mæ Øl, aa daa kaste Koppen baklengjis like yve Hovui aa yve Stoga, aa va ho daa so sæl, at ho rokk yve Stoga, va de eit utifraa gott Merkji, men kunn ho inkji de, spaade dei hæ kji noko gott. Den aire Bryddaupsdagjen sill dei ti mæ Langedansen, som va so, at Kar aa Kvendi Haand i Haand sill leiast innigjenom adde Dynna, i kvert de Smog aa Smytti der fanst, baa Setehus 10) aa Uthus, aa daa blei der daa gruveleg Nappetak um Bruræ, fyr Kjæmpunn vill' take hæ av Bruresveinann mæ Makt. Sill de daa gange so gali, at dei laut gjeve Slepp paa Bruræ, va di ei Ætteskaam. So laut dei daa avgari fyr aa faa fat i ei hell fleire av dei sprækaste Kjempunn, aa faa dei mæ sykk at Bruddaupsgaren aa take atte Bruræ; dei blei daa Slaastba aa Basketak um Bruræ, so de va paa svaarte Livi aa enda titt mæ Mannemor. Den seiste Bryddaupsdagjen sill der krevjast Bitaling ti Tappar aa Kokk. Der gjekk daa eit Par Kara mæ kversi Ølskaal, den eine av dei mæ ein avbroten Tunnetapp aa den aire mæ ei sunde Sleiv, som dei no synte fram, fyr at dei sill sjaa, ko gali di ha gjengji fyr Tapparen aa Kokkjen, aa dei skura daa aa kravde ein fyr ein, so de va reint kallegt, at dei laut gjeve nokle Skjelinga ti aa koste nye Tapp aa Sleiv fyri. Fekk Krevjarann inkje Betaling fort, so stakk dei med Tappen og slo med Sleiva til dess dei fekk sitt. Aa va der eikor rike Gnassa, kunne dei take so flust i, at dei gav ti Tappar aa Kokk heile Tunnunn Konn hell Epli. Ettehaand som kver bitala, skjenkte Krevjarann dei aa takka fyr Gaava. Tiseist drakk dei Skjulnasskaalæ 11), so helsa dei paa kveraire aa reiste kver ti seg.
               
Dei ha au i dei Tie den Visen, at dei, som ville trulove sykk, sill drikke Festarøl, aa de va au ei Gjille mest som eit Bryddaup paalag. Presten blei henta heim fyr aa trulove hell feste, som dei kadda de, dessi, som sill gjipte sykk ihop, aa gjore daa ein Tali fyr dei, soat Festarøli saag mykji likt ut ti ei Bruvigjing. Skjyllinga aa Foreldr, um dei no va ilivi, sill au vere tistaiss fyr liksom mæ Presten aa vere Vitni ti, at dessi, som sill havast, gav kveiraire si Haand paa, at dei daa hadde lovast.
 
1) hjaa.
2) Brudlaup.
3) ille.
4) Nagle som helder Meien under Sleden.
5) "kji ko:" not but, "berre."
6) me.
7) eitkvart.
8) bedne.
9) Kopp som flyt i Ølbollen og sendest til kvar Mann.
10) Vaaningshus.
11) Skilnads-.
 

 

Frå Fedraheimen 29.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum