Storthinget.

 
Til dei, som var med i Skattekommissionen, vart det bevilgat ei Løn av 1600 Kr. umframt Dagpengar som Storthingsmenn. Præsidentarne Sverdrup og Steen skulde dessutan hava Tilsvaring fyr dei Embætts-Innkomur, som dei hadde tapt ved aa vera i Kommissionen. Alle desse Pengar skulde verta utbetalte paa vanleg Maate, slik som Regjeringi vilde. Men Sverdrup vil ikkje hava nokor Løn fyr sitt Arbeid i Skattekommissionen paa denne Maaten; han vil hava detta Arbeidet set som ein Godviljesmun fyr den Tillit, som Veljarar og Thing i en Rekkja av Aar hev vist honom. – Til Amtsskulen vart latet til Kr. 380,000 fyr Rekneskapsaaret. – Alle Framlag umnye Jarnvegar vart utsette; dei um Umbyggjing til breidt Spor av Nidarosbanen og Skiensbanen vart forkastade. - Um Jarnvegsbyggnaden og Jarnvegsdrifti vart det eit Ordkast. Komiteen hadde talat nokot um dei store Yverskridingar som var gjorde, men sluttad med eit Framlag um, at "Regjeringen anmodes om at tage under Overveielse og for næste Storthing at fremlægge Forslag til forandret Organisation af Anlægs- og Trafikbestyrelse for Statens Jernbaner." Lange kunde vera med paa sjølve Framlegget, men ikkje paa dei Grunnarne, som det var bygt paa. Dei hadde voret for harde med Jarnvegsstyret; det var ikkje det, som hadde Skuldi. Der hadde voret for stor Fortgang i Byggjingi, so Styret hadde ikkje havt Folk nok; Arbeids- og Matrialprisarne var stigne, og Fyrehaands-Forfaringarne kunde aldri verta so gløgge at Ein var trygg fyr at dei heldt Stikk. Aschehoug synte, at vaare Jarnveger var byggde uvanleg billegt mot i andre Land. I England kostad i 1875 ein Kilometer Jarnveg 24,010 £, i Austrike 13,497 £, i Tyskland 12,722 £, i Frankrik (i 1873) 18,444 £, men i Norig berre 3,589 £. Det smale Sporet gjorde væl sitt her; men likevæl vart vaare Banar billege. Han las upp ei Rekning, som synte, at Jarnvegerne fyrr var byggde utan vidare Yverskriding, so lengje som Jarnvegsstyraren hadde havt Folk nok til Forfaring av Linom og gløgge Utrekningar. – Sverdrup forsvarad i ein god Tale Komite-Innstillingi; han meinte Alle maatte sjaa, at her laut nokot gjerast, ein ny Skikk maatte til; Nemndi hadde fulla set og tenkt paa alle dei Krokar og Knutar, som var paa denne Saki; men ein Utveg maatte det finnast, og Komiteen hadde valt denne Form fyr aa faa samla rett mange um eit Forslag, som kunde hjelpa til, at detta overlag vigtige Spursmaal kom under gløggare Dryfting. Her var talat um stigne Prisar; kunde vera mykje i det. Men baade ved Røros- og Smaalensbanen hadde dei gjort nye Etterrekningar, og endaa var der komet Yverkostnad. Og dersom det var so, at Styret hadde vantat dei umtrengde Arbeidskrafter, so burde det hava stoggat med Byggingi og lagt fram Utgreiding um det fyr Thinget; Ein skulde ikkje driva paa med sovoret, naar ikkje Vilkori var til det. Gløgge og granne Fyre-Randsakingar var og ein Ting, som maatte haldast paa; det var eit Grunvilkor fyr ein god Framgang av det heile Verk. - Innstillingi vedtokst samrøystes. – 13 Mann i Overhalvden hev bygslat eit Myrstykke paa 3 Rute-Alner og paa det teket Røysterett; um det vart der eit langt og kvasst Ordskifte. Mengdi i Komiteen vilde at dei skulde faa hava sin Røysterett; Aschehoug sette Framlag imot. Komite-Innstillingi vart samtykt med 64 mot 43. – Der var uppe Framlag um 3 nye Kopistpostar i Statsrevisionen, som hev altfor mykje Arbeid etter Folkestyrken. Men detta vart negtat. Likaeins Framlag um aa senda tvo Mann til Engeland og Belgien til aa setja seg inn i Revisionsstellet der. Derimot let dei til 1600 Kr. fyr Rekneskapsaaret til Husleiga aat Statsrevisionen. – Um Gardenamns-Skrivemaaten vart der eit litet kvasst Ordkast, som me skal sjaa aa fortelja meir um sidan. Thinget gjekk samrøystes inn paa aa beda Regjeringi leggja større Lag paa Bygdemaalsformerne; gjenom Heradsstyri skulde ho sjaa til aa faa dei innsamlade, og det vart kraftigt framhaldet, at Ivar Aasen burde vera med i Kommissionen.
 
Thinget skildest aat idag.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum