Peter Schlemihl.

 
[Del 10 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
"Kven er De daa?" spurde eg. "Kvat gjerer det til Saki?" svarade han, "og kann Ein ikkje sjaa det paa meg? Ein faatøk Stakkar, eit Slag Lærd og Fysikus, som fær klen Løn av sine Vener fyr store Tenester, og som fyr seg sjølv ikkje hev onnor Moro paa Jordi enn sine Smaakunster – men skriv under! Rett under Ordi: Namnet Peter Schlemihl!"
 
Eg riste paa Hovudet og sagde: "Tilgjev meg, min Herre, det skriv eg aldri under!" "Ikkje det? spurde han undren, "og kvifyr ikkje det?"
 
"Det tykkjest meg vera altfor spelegt aa setja mi Saal inn imot min Skugge." "Jaso!" tok han i, "spelegt!" og han log, so det ljomade i Fjelli. "Torer eg daa spyrja, kvat er det for ein Ting denne Saali Dykkar? Hev De set henne, og kvat tenkjer De aa taka Dykk til med henne, naar De ikkje kann liva lenger? De kann helder gledja Dykk yver aa hava funnet Ein som er viljug til alt i Dykkar livande Liv aa kaupa av Dykk detta Narreverket, denne X, denne galvaniske Kraft elder polariserande Verksemd elder kvat Annat det er, og gjeva Dykk att nokot verkelegt, Dykkar medfødde Skugge, som kann hjelpa Dykk til aa naa Dykkar Ynskje baade hjaa Skogmeistardotteri og i andre Maatar. Vil De helder sjaa det unge skire Blod i Henderna aat denne Kjeltringen Raskal? - Naaja, De skal sjaa det! De skal sjaa det med eigne Augo; kom, eg skal laana Dykk Huldrekappa mi (han tok ei Kappa upp or Luma), og me gange usedde til Skogmeistarens Hage."
 
Eg var meir enn skamfull yver aa lata meg gjera til Narr av denne Mann. Eg hatade honom av mitt innste Hjarta, og eg trur, at det meir var denne personlege Motvilje enn Tanken paa det Rette, som avheldt meg fraa ved mi Underskrift aa kaupa att Skuggen min, som eg daa trong so saart um aa faa att. Det baud meg og imot aa tenkja paa aa ganga i hans Lag, aa sjaa denne fæle Snikjaren, denne kaldflirande Uvætten treda speande millom meg og min Kjæraste, tvo til Blods rivne Hjarto; det upprørde meg til min innste Grunn. Men kvat hadde eg aa gjera? Eg tok Tingen som ein Lagnad og mi Ulukka som ubøtande, vende mig difyr til Mannen og sagde:
 
"Min Herre, eg hev burtbytt Skuggen min fyr denne i seg sjølv ovgode Pungen, og eg hev ingen Ting angrat so saart som det. Kann detta Kaupet ganga upp att?" Han riste paa Hovudet og saag med myrke Minur paa meg. Eg heldt fram: - "So vil eg vardveita meg vel fyr aa selja Dykk meir av det, som eg hev, ikkje ein Gong fyr Skuggen min, og eg skriv ikkje under. Det er ogso visst, at det Laan av Huldrekappa, som De byd meg, vilde verda meir til Dykkar enn til mitt Gagn; orsaka meg difyr, - og naar det ikkje kann vera onnorleids, - lat oss skiljast!"
 
"Det gjerer meg vondt, Monsieur Schlemihl, at De er so sær og viser ein so god Handel ifraa Dykk. Men kannhenda vil eg ein annan Gong hava betre Lukka med mitt venskapelege Tilbod. Paa snart Attersyn! – Det er sannt, - tillat meg aa visa Dykk, at eg vardveiter vel dei Ting, eg kauper, og ikkje læt deim morkna!" –
 
Jamskjott stakk han Handi ned i Lumma og tok fram Skuggen, min kastade honom med Ovhegd ut paa Heidi, breidde honom ut paa Solsida aat Føterne sine, so at han sjølv gjekk millom dei tvo Skuggar, hans eigen og min, som ogso lydde honom og rette sig etter alle hans Rørslur.
 
Daa eg etter so lang Tid fekk sjaa att Skuggen min og fann honom soleids missmætt, medan eg sjølv saknade honom so saart, snørde mitt Hjarta seg saman, og hard Graat tok meg. Men den hjartelause Graaklædde gjekk att og fram med dei tvo Skuggarne, log med Svivyrding aat meg og framsette paa nytt sitt Forslag:
 
"Enno er han til Faaings; eit Pennedrag, og De frelser den arme Mina ut or Klørna aat den Rakkaren Raskal og i Henderna aat den høgvyrde Hr. Greiven – som sagt, berre eit Pennedrag." Taararne strøymde fram med ny Kraft; men eg vende meg burt, med ein Vink til honom um aa ganga sin Veg.
 
Bendel, som sorgfull hadde rekt mine Spor, naadde oss i det same. Daa den trufaste Saal fann meg graatande og saag min Skugge – for han var audkjend nog, endaa han ikkje hadde sett honom fyrr – i den underlege Graaklæddes Magt, tok han den Raad aa hjelpa meg til aa faa min Eigedom att. Daa han ikkje skynade seg paa, korleids Skuggen kunde haldast fast, baud han Mannen strakst med harde Ord aa sleppa Skuggen laus. Den Graaklædde letst, som han ikkje gaadde Bendel ein Gong, vende honom Ryggen og gjekk. Men Bendel hov Knurpekjeppen, som han bar i si sinesterke Hand, og fylgjande den Graaklædde i Hælarne let han Kjeppen vægdlaust dansa, lystugt, men tungt, yver Rygg, Herdar og Øyrestolar aat den Ukjende, med di han baud, trugade og bad um aa faa Skuggen løyst. Den Graaklædde bøygde Hovudet, lutte Herdarne og gjekk, som um han var van ved slik Medferd, logn og roleg burt yver Heidi, takande med seg baade min Skugge og min trurøkne Tenar. Eg høyrde lengje dei tette Slag av Knurpekjeppen, men endeleg vardt ogso dei burte, og einsam stod eg att med mi Ulukka.
 
VI.
 
Einsam i Øydemorki, som eg var, gav eg Taararne fri Ferd, og tenkte yver, korleids eg kunde letta mitt arme Hjarta fraa nokot av den endelause Byrdi, eg bar paa. Men eg kunde ikkje augna nokor Grensa, nokon Utgang, nokot Maal fyr mi Uhemja, og eg saug i meg den nye Forgifti, som den Ukjende hadde gjevet meg i Bodskapet um Raskals nye Skarveferd. Naar eg stellte Bilætet av den reine, skuldlause Mina fyr mi Saal, og hennar kjære Andlit synte seg fyr mitt innre Auga bleikt og uppløyst i Taarar, soleids som eg hadde sett henne sisst, steig ogso Raskals Ubilæte fram fyr meg og trod, traassugt, haadungsfullt og urgjelet, millom henne og meg; eg slo Augo ned og flydde gjenom Øydemorki; men det gruvfulle Synet gav meg ikkje fri, men fylgde meg i Laupet til dess eg andelaus datt yverende og paa nytt vætte Jordi med ein Taarestraum.
 
Og alt detta fyr ein Skugge! Og denne Skuggen hadde eg kunnat faa att ved eit Pennedrag! Eg tenkte yver Tilbodet fraa den Framande og mi Negting. Det var tomt i meg, eg hadde korkje Skynsemd elder Mannsvit meir.
 
( Meir).   
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum