Notisar

 
Ein Murarsvein hev brukt aa brjota upp Brevkassar her i Byen, stela Pengebrevsetlar og bruka dei som Pant fyr Pengar, som han hev voret skyldig paa Sjappar o. d. Han hev haldet seg ute um Sundags Fyremiddagom, naar Folk ikkje hev voret paa sine Kontor, og Brevi og Setlarne soleids berre er sleppte ned i Brevkassom utanfyr Dyri; desse Kassarne hev han daa brotet upp, og det berre med Henderne, utan Velde (Ambo). Han er nyleg gift og er i so gode Kaar, at han ikkje hev stolet av Naud.
 
Til Vonheims Folkehøgskule er av Gausdølar 1) i Haust og Veter gjevet 346 Kr., daa dei finn, at Følkehøgskulen ikkje kann taka imot Amts- og Statshjelp paa dei Vilkor, som Amtsthinget hev sett upp; men dei vil gjera alt Sitt til at Skulen kann haldast uppe i denne harde Tid.
 
Til Byggefondet aat Sagatun Folkehøgskule er no talt teiknat 10,692 Kr. Derav 750 Kr. rentefritt Laan, Resten Gaavur.
 
Sjelbakken ved "Eneboe" (Lesja) er tung aa fara med Lass; so var det (etter "Lh. Tilsk.") tvo Mann, Landhandlar Mølmen og Furer P. Eneboe som baud Folk til aa vera med aa teikna friviljuge Gaavur til aa faa Vegen umlagd. Og det gjekk. Det kom Pengar nok, fri Grunn vart gjevet, og Arbeidet (med 40 Mann) gjekk snøggt fraa Haandi, so dei og med det same fekk umleggja Mølmsbakken. 400 Alner Veg er umlagt.
               
Det er godt gjort, det!
 
I Dalarne (Sverig) hev ein Mann drepet sine 70 Aars gamle Foreldre og saarat Broer sin, so det spyrst um hans Liv med. Faeren var Drikkar og ein litet agtande Mann. – Daa Mordet var gjort, sprang Draapsmannen til Skogs og skar Pulsaari av paa seg; men daa det gjekk seint med Forblødingi og Saaret tok til aa svida, batt han Lumeduken sin kring det og gjekk heim paa Laaven og lagde seg til aa sova. Der fann dei honom Dagen etter. Han gav seg rolegt yver, og tilstod utan Sorg elder Anger. – Han heiter Forsberg.
               
Miltbrann hev synt seg i ein av Kristiania Utkantar. Det var berre eit einstaka Tilfelle; men
Kjøtet var alt komet paa Torget.
 
1) 19 Gardmenn, 3 Fødrm., 2 Aalmugeskulelærarar, 1 Husmann, 11 Ungdomar, mest Høgskulegutar, og 6 Kvinnur.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum