Fraa Sætersdal.

 
Av Olav A. Thveitaa.
 
Denni Dalfær, som ligg hell' avsi-is i den indri Luten av Kristiansands Stift, hev i dei goe gamle Dage, fyrhell Postvegjen fraa Kristiansand blei lagd upigjenom her, vori liksom ei litæ Vær fyre sjave seg. Klæebuna, Sea aa Folketrui hev her halle seg frametti i lengste Lagji. Soleis ha' dei i eldre Tie uhorveleg mange Ovtrui. Dei trudde, som paa mange aire Staer au, paa Tussa aa Nissa, Haugebugga, Aarevetir, Aasgaarrei, Huldrur hell Hudi, som dei no kaddast her i Dalen, aa mangt aa mykji annaslags Spøkjelse au, som dei va fælande rædde fyri. Tussann hente de 1) kji so sjalla at dei gjore baadi saag aa tala mæ; her æ soleis Segn ti, at ein Mann fraa Byglands Sokn fraa ein Gar der, som heiter Kolshas, eigong ha' fengje fat i ein Graatussi, som han heldt fast paa liksom ein Fangji. Ein anne Mann i same Soknæ, som het Gunnar Kvaale, høyrde daa gjete detti, aa han dasker seg daa ein Dag burtat Kolshus aa seie de ti Mannen: "Slepp Tussen stakkar, han gjere kji noko vont." Men Kolshusen ville no inkji ti mæ detti paa noko Sett hell Vis, aa daa sill daa Tussen seie: "Frægde Folk ska der bli paa Kvaale Mann ette Mann, men Stakkara i Kolshus." Og so heve de daa au vori solangt tilbakers i Tiæ, som nokon kann faa spurt. Haugebuggann trudde dei ha' sin Busta' i Jorhaugar, aa stundom fekk dei au høyre koss dei dansa aa rima nei Haugann, naar dei no va i rektig gott Lag. Aarevetinn trudde dei heldt ti neunde Ellstaen i Aaren, aa dei ha daa den Truæ, at fysstat ei Kvige ha' bore den fyste Kaaven, sill daa Kjeringjæ, naar ho fysste Gong ha' mo'ka 2) hæ, slaa noko av Mjaa'kjæ i kver av dei fire Hynnæ av Aaren, fyr aa sikre seg fyri, at Kjyræ sill lykkast hæ gott heile Tiæ.
 
Aasgaarreiæ trudde dei no au uhorveleg mykji paa, aa va gruveleg mykji rædde fyri allstøtt; men addrespelegaste va de daa i Jolæ. Daa va denni faarlege Reiæ støtt uti aa færast, aa naar Joleptdagjen kom, bar kver Mann Øksann sine at Konnstaen aa sette Tjørekrossa uppyve Stabursdynnan, soat dessi vonde Maktinn ingjen Skai sill kunne gjere; men endaa trefti de seg titt, at baadi Folk aa Hesta blei tekne mæ i Færæ, soat naar Mannen, hellau Tenestguten, um Joledags Morgonen kom utat Stadden fyr aa studdre Hesten, kunn' denni av Aasgaarreiæ vere so innkjøyrde, at kvite Skomi valt av han. Fraa gomol Ti æ her au Segn ti um ein Mann fraa Reiaasdal i Aaserall, som ein Joleptdags-Kveld blei gripen av Aasgaarreiæ aa nøydde ti aa fygje mæ yve den tvo Mil lange Heiæ fraa Aaserall ti Sætersdalen. Mannen fyrtaalde daa sia, at de dessi par Milinn gjekk i susande Traav yve Fjødd aa Fynndi, so dei no gjore kji Vegjen læng hell de trongst. Dei kom daa fysst ti ein einbølte Gar i Aardals Sokn i Sætersdal, som heite Klep, aa der sill dei daa kvile sykk 3) eit Tak aa beite Hestann, som no va fureleg sveitte aa trøytte etti den kallege Kjøyringjæ; daa sill daa Aasgaarreiæ endevende i heile Løe-Vaaningjen paa Klep aa beite Hestann i Høystaen. Daa dei no ha kvilt ein Rykk'e frametti, bar de avsta-i att ti neste Gar, som heite Bø, umlag ein haav Fjorung Veg fraa Klep; men Mannen fygde kji Reiæ læng hell ti imote Bø; daa vingla han av utpaa ein Haalkji aa rulla ikoll. Han sette daa i ein rivande stygg Ei, aa i di same va han heime att fyrr han viste Or av.
 
Mannen kunne daa sia fortelje um, koss der va laga paa Klep sa akkuratt aa greitt som derti, endaa han alli nokorsinnis ha vore der fyrr. Der paa same Sta, Aasdølen datt, legg seg fyrdimeste kvert Aar Haalkje aa heite den Dag idag Reiaaasdals-Haalkjinn.
 
Huldrur hell Hudi ha dei i gomol Ti fæle Ovtrui um, aa de hente kji sjalla, at dei fekk sjaa Hudæ mæ heile Krætur-Drosen sin, Stuta aa Kjy, Saui aa Gjeita. De æ Segn ti, at eigong ei Kjering, mæ ho va aa Støylen hell Øygaren, saag Hudæ kome mæ Ryngja i Armekrikjen (Aabogsleen), aa heile hennis Kræturdrosi kom røkkjande etti, rautande aa blæktande, aa Kjeringjæ høyrde koss ho kadda paa Kræturi soleids: "Kom Ringaal Stuten! Ringrei aa Rangrei, Spillebot Sangrei! kom Kjyræ"! Aa heile Driftæ flokka seg daa kringtum Huldra, de største aa fermaste Krætur, noken sill sjaa.
 
Fysstat Folk foor aa Heiæ (ti Støyls), sill støt Husbonden ette go gomaal Se aa Vis leggje seg ne aa Njo (Kne) i Støylsbudynnæ fyr aa bee dei "Undeskjulte" um Heiefre aa Lov ti aa vere aa Støylen, den Rykkjen Mannen paasetti. Naar daa den va utleen, laut dei hovukoll av Sta atte, ko ufærige dei kunn vere; fyr reiste dei kji daa, kom dessi Undeskjulte um Nætann aa uroa aa støkte Kræturi, so de va reint furelegt. Her æ au Segn ti um ein gomaal Sæbygg (Sætersdøl), som fyr inkje so svært lengji sia, daasom han kom ti Støylen sin nokso haagtideleg bøygde seg ne i Njo aa ti aa krosse seg aa bee um Heiero. Son hass, som au va mæ, va meiri gløgg aa boklærde hell Gamlingjen, aa trude kji paa slikt Fureverk. Han taalde 4) daa so lengji fyre Fa'i sinn, at han no endeleg fekk han ti aa bigjeve mæ dessi furelege Vaaebøninn sine; men de gjekk daa 'kji likar hell si, at um Nottæ kom dei Undeskjulte, som inkji ha fængji si vanlege Vyring, aa skræmde mest Kræturi av mæ Viti, og Kræturi ti aa rauta aa bølja, braut ne heile Kvine (Krætur-Hagjen, som va stellt upp av Grinda sviga ihop av Raunesviga) aa heldt slikt Staak aa Uppstyr, at de va styggt aa høyre. Gamlingjen blei daa meste vorstøkte aa seie daa ti Son sin: "Kann du no høyre, tenkte eg kji, at de gjekk so? eg maatte inkje bee um Heiefre fyr deg; sjaa no maa mi reise heimatt addesamne barre fyr di Skull."
 
Men koss de daa gjekk, antell dei daa maatte ruske sykk paa Heimvegjen att, hellau dei fekk Lov ti vere paa Støylen endaa eit Tak frametti, heve eg inkje fengje spurt.                               
 
 
1) = det; e'en lyder kvasst paalag som i.
2) f. molka.
3) Fleirtal av seg.
4) talde.
 

 

Frå Fedraheimen 22.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum