Kristiania, den 18de Juni 1878.

 
Odelsthinget. Den 13 Juni kom fyre i Odelsthinget Jakob Sverdrups Forslag um at Folket i kvart Prestegjeld skulde hava nokot aa segja i Prestevalet.
 
Mengdi i Kjyrkjekomiteen vilde have Saki sendt rundt for at Aalmugen kunde segja Meiningi si. Men nokle vilde leggja Saki burt. Smitt vilde inkje taka Saki fyre i Aar. Han trudde inkje der var nokot Gagn i sende henne utyver Landet og spyrja Folk um kva dei meinte. Saki laut fyrst greidast meir ut.
 
Jak. Sverdrup meinte dei kristne Meinigheiter var næraste til aa have eit Ord med fyrr Saki blei stemd yver her. Dei gamle Einvaldskongar tok fraa Folket Retten til at vera med aa velja Prest. Det var inkje for tidligt um Folket fekk atte denne sin Rett no.
 
Biskop Essendrop meinte det var inkje nokot godt i aa senda denne Sak utyver Landet. Af det kunde inkje faast noki Retleiding, men det kom til at velde Uro og Trekking imillom Folk.
 
Joh. Sverdrup var inkje rædd for Trekking um denne Sak millom Folk. Det laut til naar nokot godt og gagnlegt skulde koma fram. Det vilde vera godt um Folk hadde meire aa segja um kven dei vilde hava til sin Prest. Naar Presten verkeleg var "kaldet" af Kjyrkefolket, so vilde han faa meire Tiltru og faa meire Magt til at draga Sjælene og bøygja Hjartat.
 
Løvenskjold trudde inkje at det kunde koma noket godt ut af Kiv og Strid. Han var imot heile denne Sak.
 
Bentsen vilde inkje hava Saki fram fyredi der kom for det meste til aa vera nokle Folk som vilde hava Ein til Prest og nokle vilde hava ein Annan og so vilde det vera hardt for dei som tapad, naar dei var imot den Prest, som blei vald. So laut dei sjaa aa faa ein aleine fyre sjave seg.
 
Bjørnsgaard hadde same Meining som Bentsen. Olafsen og J. Nielsen vilde vere med at sende Saki utyver for aa høyra Folks Meining, men Kaupmand Iversen var imot detta. Med 48 mot 32 Stemma blei det afgjort at Forslaget skulde sendast rundt for at Folk i kvart Prestegjeld kunde samlast og segja si Meining.
 
Ikkje 14 men 24 Millionar Kr. hev Regjeringi gjevet ut for mykje paa Jarnvegs-Reknskapen! Og endaa er ikkje Smaalensbanen paateken elder Vossebanen og Jarlsbergbanen ferdug. – Jarnvegsnemndi veit Ingenting aa gjera ved detta; her er ikkje Tale um aa umskipa det Riksraad, som hev voret so hævt til aa stella med vaart arme Lands Pengar; - ho berre "vender seg til Regjeringi" (dvs. til den same Riksraaden, som hev synt seg so Kar) med Aamæling um aa sjaa til, um her kunde faast til nokot Umbrigde i Jarnvegsstyret fyr den komande Tid.
 
- Det er greidt, at Thingfolket lengtar heim no. Og kven kann undrast paa det?
 
Embættslønerne er sette soleids, at dei Løntillegg, som fyrr hev voret berre millomtidige, no skal leggjast til Løni fast. 2 Mann var imot detta: Jaabæk og Rinde.
 
Skuledirektør Bonnevie skriv i Mgbl. um Skulemaalet. Han meiner, at hans Ord i "Foredrag f. Lærere" hev voret "den væsentligste om ikke den eneste Kjendsgjerning (!!), der begrundede Nødvendigheden af den energiske Henvendelse til Regjeringen" o. s. fr. Han segjer han hev ikkje tenkt paa aa innføra eit nytt Talemaal. Men han trur, at det "hører med Nødvendighed til Skolens Formaal og er et Hovedformaal for Undervisningen i "Modersmaalet (sic!)"" aa læra Borni skyna og i Skrift bruka Bokmaalet, og den besteMaaten aa læra dei aa skyna og skriva og lesa det er, trur han, aa temja dei upp i aa tala det. Dermed held han enno paa, at slike Upptemjingar skal drivast i Barneskulen, og det fraa so tidleg ein Alder som Raad er, - Han "haaber, at de her givne Oplysninger er tilstrækkelige til at fri hans Virksomhed for Følgerne af de store Misforstaaelser af den, der kom til Orde i Odelsthingets Forhandlinger."
 

 

Frå Fedraheimen 19.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum