Utlandet.

 
Det tyske Forbundsraad tok samrøystes ved Framlaget um Uppløysning av Riksthinget. Nye Val skal haldast den 30te Juli, og det nye Thinget kjem truleg til aa møta i September. Denne fyrste praktiske Fylgja av den andre Mordfreistnaden, Uppløysningi av Riksthinget, hev komet dei ymse Parti hardla uventande. Dei hadde helder trutt, at Regjeringi vilde freistat andre Raader: forkynnt Berlin og andre Storstader i Umlægringstilstand, elder kallat saman att det heimsende Riksthinget og søkt ei Semjing med dette paa det gamle Grunnlag elder paa eit nytt eit. Men Rikskansleren hev valt ein tridje Utveg: aa løysa Riksthinget upp, og hev dermed ikkje berre forstøkkt Motstandararne sine, men gjort eit Kast, som kann koma til av gripa djupt inn i Tysklands indre Framvokster. Det nationalliberale Parti, som fyreaat hadde lovat aa vægja i Spursmaalet um Socialistlogi, um Uppløysningi kunde vortet avvendt, det ser no i denne likeso mykje ein Freistnad paa aa tyna det som paa aa kryna Socialistarne. Kølner-Zeitung og Nat. Ztg., Munnstykkji fyr denna Flokken, talar baade um kor naudlaust det var aa gripa til den Raadi, og kor faarlegt det kann verta no aa vekkja ein Valstrid; "dei nye Val vil kalla saman under ei Fana alle desse Flokkar, som er samheldige med Socialdemokratarne; denna forgiftige Understraumen, som hev synt seg fram i dei endelause Majestætskrenkjingar, vil koma ovanpaa; det aa føra slike Element ihop, aa skipa til eit heilt Parti av Illgjerningsmenner, det tykkjest aa vera hofta gruvsamt". Dei nationalliberale hev den same Ræddhugen mot deim, som dei andre Parti hev; men dei aatvarar mot alle framifraa Aatgjerder, ser i desse eit Nedbrot av den borgarlege Fridom og berre eit Utslag av Attergangslysterne; dei trur det maa andre Raadbøter til. Kannhenda dei ser i Mist; kannhenda det verkleg trengst skarpe Raader til aa reinska Samfundslikamen fyr alt det rotne og ufriske, som unegteleg hev avlat seg der; det er berre det, som er aa ottast fyre, at Atterevja skal verta fyr sterk, so ho riv med seg ogso det, som er vunnet inn fyr den verklege Fridom.
 
Kongressen hev byrjat sine Raadlag. Det skal vera gode Voner til ein varug Fred; men det er mange flokutte Spursmaal aa greida, fyrr Freden er reint viss; det bulgariske, det bessarabiske, det montenegrinske og alle dei andre Spursmaal kann nog endaa gjera Fredsvonerne til inkjes. Det hev framleids gjenget Ord um større Hertilstellingar av ymse Slag i Austrike.
 
Dei franske Thing hev teket seg Fritid til Haustes.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum