Skjørn i Mai.

 
(Brev).
 
- - Me hev havt Amtsskulen her i Nærlegdi no i 2 Vetrar; men til næste Aar meiner eg han døyr burt her i Fosen, for det er Ingen, som bryr seg større um honom. Amtsskulesaki hev no voret framme i dei fleste Heradstyre; men ein Stad hev dei ikkje havt Husrom aat Skulen, ein annan Stad hev dei ikkje havt Trong til honom o. s. fr., for Skulen er litet søkt. Fyrre Vetren var det 22 Gutar der; i Vetr var dei ein Dag 18, men Flokken kraup snart ihop til berre 13, og av dei var der 4, som ikkje var konfirmerade. I Sumar heldt dei Skule fyr Gjentur; men etter paalitelegt Segjande hev dei berre 9 Lærlingar, so det er likt til at Ørlands Amtsskule held paa aa dregst med Dauden. Og naar Folk ikkje likar Skulen, so er her væl Ingenting aa segja paa det helder.
 
Derimot ser det ut til, at Høgskulen vinn meir og meir Inngang i Folkehugen. Dei faae her, som hev søkt ein sovoren Skule, hev likt seg godt der, so naar dei kom heim og fortalde um Høgskulelivet, so gjorde dei det slik, at hin Ungdomen hev vortet reint merkjeleg glad i denne Skuletanken. - -
 
X.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum