Peter Schlemihl

 
[Del 9 av 19]
 
(Etter Chamisso ved Andr. Hølaas.)
 
Framhald.
 
Ein Dag sagde eg aat henne: " Mina, den sisste Dag i denne Maanaden vil eg læra min Lagnad aa kjenna; verdt det daa ikkje onnorleids fyr meg, lyt eg døya, eg kann og vil ikkje draga Deg inn i mi Ulukka." Graaten tok henne, og ho gøymde sitt Hovud ved mitt Hjarta. "Verdt din Lagnad betre enn han er, lat meg daa berre vita Deg lukkeleg, eg hev ikkje Krav paa Deg, men verdt Du ved aa vera ulukkeleg, bind meg daa til Di Ulukka, so eg kann hjelpa Deg aa bera henne".
 
"Gjenta, Gjenta, tenk Deg um og tak att det raske Ordet, som Du utan Umtanke tok paa Tunga! kjenner Du denne Ulukka, kjenner Du denne Uhemja? Veit Du, kven eg, som Du hev huglagt, er, - kvat eg - - - ? Ser Du meg ikkje smjuga meg fram, krjupa saman fyr Deg og løyna det fyr Deg, som Du hadde størst Krav av alle paa aa faa vita?" Ho fall i Graat paa sine Kne og tok att si Bøn med dyre Ord um, at ho meinte det, ho sagde, og var buen til aa gjera det, ho lovade.
 
Skogmeistaren trod inn. Eg sagde honom, at eg hadde tenkt aa bidla um Dotter hans den fyrste Dag i den komande Maanad – eg fastsette denne Dagen, av di eg ventade, at til denne Tid nokot vilde laga seg, som enno ikkje var rett visst; ein Ting kunde han likvæl vera viss paa, min Kjærleik til hans Dotter, og at den baade vilde vera meg heilag og standa fast i all Æva.
 
Mannen vardt reint forbinad, daa han høyrde slike Ord av Greive Peter. Han tok meg um Halsen, men stokk strakst attende, skamfull yver aa hava gløymt seg so reint. So tok han til aa tvila, tenkja yver Saki og granska henne fraa Botnen; han slo paa, at han ikkje hadde stor Heimangjerd aat Dotteri, men at det var naudsynlegt aa tryggja hennar Framtid. Eg takkade honom fyr, at han minnte meg um detta, og sagde, at eg ynskte aa busetja meg i denne Landslut, der Folk tottest halda av meg, og føra eit sorgfritt Liv der. Eg bad honom kaupa i Namn aat Dotteri dei gildaste Gardar og Skogar, som fannst i Nærleiken, og visa Seljararne til meg etter Pengarne; ved detta kunde han best tena Dotteri. Det gav honom myket aa gjera, for yveralt hadde ein Framand voret fyre honom i det same Ærend; han fekk likvel kaupt Jord fyr ein Million paa Lag.
 
Naar eg heldt honom varm med detta, so gjorde eg det mest til aa halda honom burte fraa Heimen, for han tok til aa verda meg i Vegen. Moderi derimot var litetvetta tunghøyrd og lagde seg ikkje, som han; um all stødt aa halda Hr. Greiven med Lag.
 
Moderi kom til, dei lukkelege Folk trengde inn paa meg og bad meg innelegt um aa vera hjaa deim um Kvelden; men eg torde ikkje vera der ein Minutt lenger, eg saag alt Maanen stinga Bogen upp yver Himmelleitet. – Mi Tid var komi. –
 
Kvelden etter gjekk eg atter til Skogmeistarhuset. Eg kastade Vampen vidt um Herdarne, sette Hatten djupt ned i Augo, og eg gjekk radt burt til Mina. Daa ho saag upp og feste Augo paa meg, kvakk ho og gjorde ei Rørsla, som livande minnde meg um det, eg hadde røynt hi Notti paa min fyrre Bustad paa den andre Sida av Fjellet, daa eg hadde vist mig paa Gata skuggelaus i Maaneskinet. Det var henne, som eg daa hadde set, og som daa hadde set meg i den same Vampen og med den same Hatten, boren paa den same Maate, det var klaart som Dagen. Hadde ho ogso kjennt meg att? Ho var still og tankefull – meg laag det liksom ein Blyklump fyr Bringa – eg stod upp fraa Stolen, som eg hadde sett meg paa, og ho kastade seg med linn Graat til mitt Hjarta. Eg gjekk.
 
Sidan fann eg henne ofta i Taaror, og eg vardt meir og meir hugbroten; - berre Foreldri var glade og livde i uendelig Lukka. Den Dag, som eg hadde ventat paa og stundat etter, var nær og stod fyr meg tung og trugande som ei Toresky. Dagen fyreaat var komen – eg hadde Vande med aa draga Pusten. Eg hadde i Tanke paa Framtidi fyllt nokre Kistur med Gull; eg heldt meg vaken til Midnott. – Klokka slo 12. –
 
Soleids sat eg der liksom paa Naaler elder Sylar med Augat fest paa Urvisararne og talde Minuttar og Sekund. Den mindste Ljod fekk meg til aa fara upp; Dagningen braut fram or Døkkleiken; dei blytunge Timar gjekk yver i kvarandre; det vardt Middag, Kveld, Nott; Urvisararne gjekk fram, Voni tverrade; Klokka slo 11, og den Graaklædde kom ikkje; dei sisste Minuttar av den sisste Timen gjekk, den eine etter den andre, eg duvde og skalv, men ingen kom; Klokka slo – det fyrste, det sisste Slag paa 12, og eg sokk i Orvøna, under Taarestraumar, som flymde, ned paa Kvila. Morgonen etter skulde eg vitja Skogmeistarfolket og bidla um Dotter deira, eg, som var skuggelaus fyr Livet. Paa Morgonsida seig dei ovtrøytte Augo saman, men Blunden var urolig, rædd, usunn.
 
V.
 
Det var enno tidleg, daa eg vardt vakt av høglydt Tale i Forkammerset. Eg lydde. – Bendel vardveitte Dyri aat mitt Soverum; Raskal svor høgt og dyrt, han vilde ikkje taka imot nokot Forbod fraa sin Jamning, men trass i Bendel ganga inn i mitt Rom. Den trurøkne Bendel lagde honom paa Hjarta, at slike Ord, um dei kom fyr mine Øyro, vilde føra til, at han misste den gode Tenesta han hadde. Raskal trugade med aa leggja Hand paa Bendel, um han ikkje fekk koma fram med det Gode.
 
Eg tok skjott paa meg dei naudsynlegaste Klædestykke, reiv vreid upp Dyri og for imot Raskal - "Kvat vil du, Skarven - -?" – han trod tvo Stig attende og svarade fast og kaldt: "Bedja Dykk vyrdsamast, Hr. Greive, um ein Gong aa lata meg faa sjaa Skuggen Dykkar, - Soli skin no so fagert ute paa Tunet."
 
Det var eit Toreslag fyr meg, og det varade eit langt Bil, fyrr eg fann Ord paa nytt. – "Korleids kann ein Tenestedreng mot sin Herre - - ?" Han tok lognt att'i: "Ein Tenestedreng kann vera ein myket ærleg Mann og ikkje vilja tena ein Skuggelausing; eg bed um aa sleppa utor Tenesta." Eg maatte sjaa paa andre Strengjer. "Men Raskal, kjære Raskal, kven hev inngjevet Deg ein so urimelig Tanke? korleids kann du tru - -?" Han heldt fram i den same Tone: "Folk vil segja, at De ikkje hev nokon Skugge, og stutt aa segja, De vise meg Skuggen Dykkar elder gjeve meg min Fridom."
 
( Meir).
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum