Odelsthinget.

 
Den 12te Juni vart Odelsthinget ferdugt med Protokolkomiteens Framlegg um det, som var funnet aa bisna paa i Regjeringis Protokollar.
 
Ifjor valde Storthinget nokle Menn til aa greida ut, koss dei meinte Skattar til Staten skulde takast inn paa beste Maaten. Betalingi til desse Menn skulde takast av Storthingets Kasse.
 
Regjeringi sette seg ikkje imot Storthingets Avgjerd um aa setja Menn til at granska Skatteverket, men det vart gjort so at Finantsdepartementet skulde anvisa Utlegget af Rigskassa.
 
Protokolkomiteen meinte det at Regjeringi eller Kongemagti ikkje hadde Ret til at gjera um Storthingets Avgjerd. Herum vart der daa Drogu i Thinget.
 
Sørenssen meinte at Storthinget hadde Rett til aa nevne ut Menn til Kommissionar, men han totte det ikkje var nokot at dragast um kven som skulde gjeva Paaskrift um Peningutlegget; det kunde godt Finantsdepartementets Styrar gjera. Herum sette han fram Forslag.
 
Qvam (Formann i Komiteen) helt paa si Meining at Storthingets fjorgamle Avgjerd laut stande fast og han vilde difor inkje ganga med Sørenssen. Bang gjorde Forslag um at der ikkje skulde segjast nokot um Regjeringis Avgjerd daa han totte det var rett gjort. Hektoen heldt paa Komiteens Framlag. Joh. Sverdrup sette fram Forslag um at Odelsthinget skulde uttala at Regjeringi inkje hadde Rett til at gjera som ho hadde gjort i denne Sak. Protokolkomiteens Fleirtal gjekk yver til Sverdrups Forslag. Deretter vart der svær Tretting um dette. Dahl, Castberg, Jaabæk, Bøhn, Kvam, talad fyr Sverdrups Forslag, men Løvenskjold, Roll, Motzfeldt var imot. Men daa det vart stemt yver, vann Sverdrups Forslag med 45 mot 34. Dei, som stemnde for Sverdrups Forslag var: Sverdrup, Bøhn, Kaxrud, Jak. Sverdrup, Vefring, Haugland, Løberg, Juel, Tharaldsen, Rinde, Thomesen, Klonteig, Veum, Thune, Strande, Schumaker, Andreasen, Hjelmstad, A. Jakobsen, Hektoen, Jaabæk, Reierson, Liestøl, S. Nielsen, Seljelid, Arctander, O. Nielsen, Olafsen, Dahl, Castberg, Huser, Svendsen, Eskeland, Øverland, Storsteen, Sundberg, Wenneberg, Qvam, Welde, Bentsen, Soelberg, M. Møller, Vindal, Nysetvold og Bjørnsgaard.
 
So vart der tala myket um Kongen hadde Rett til at slaa av Grunlogsavbrigde, men der blei ikkje
stemt yver det.
 
Daa det kom til Regjeringis Utnemning af Embætsmenn totte Bentsen og Bjørnsgaard at Regjeringi hadde ikkje gjort Rett i aa skjote til Sides ein Kapelan, som heite Vinsnes, daa han søkte um aa kome til Faaberg, men Bergesen sagde at Vinsnes sidan hadde fengjet eit betre Prestekall, so Regjeringi hadde ikkje gjort nokot galet i det.
 
Agronom Jensenius Forslag um Bøting paa Logverket um Leiglendingar vart sendt Regjeringi for at ho skulde sjaa det yver og gjera Framlegg for Odelsthinget um Rettebot.
 

 

Frå Fedraheimen 15.06.1878

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum